I krysspress

Altfor ofte ser vi døme på diskriminering og rasisme i det norske samfunnet.

Publisert Sist oppdatert

Altfor ofte ser vi også døme på at enkeltsituasjonar fører til at heile grupperblir stempla både som mobbarar og rasistar.

Politiethar stått midt i denne krysselden den siste tida. Utgangspunktet har vore sværttragiske saker, der helse har stått på spel og liv har gått tapt. Eit skarptsøkelys på slike saker er nødvendig for at det norske politikorpset framleisskal vere blant dei fremste i verda, og vere i toppsjiktet når det gjeldtillit.

Detpleier å vere gode grunnar til at politiet grip inn. Årsaka til at politiet handlar ligg somoftast i andre sine handlingar. Likevel kan det sjølvsagt vurderast og handlastfeil - også av politiet.

Mendet blir problematisk når debatten blir dominert av enkeltpersonar og gruppersom ikkje har forståing for politiet sitt arbeid, og som ofte framstår sompolitifordømmande i utgangspunktet. Nårdesse prøver å stemple heile politikorpset på grunn av enkeltepisodar, er detfaktisk diskriminering av ei heil yrkesgruppe.

Viber alle med oss erfaringar og haldningar, og knapt nokon kan seie seg fri forfordommar. Systematiske fordommar gir grunnlag for rasisme. Det er velkjent atdersom ein hyppig er i miljø som svarar til eigne forventningar og fordommar,vil desse kunne få ekstra godt fotfeste. Og i gitte situasjonar vil mange avoss kunne både tenke og handle rasistisk. Dessverre. Dette viser behovet for førebygging,bevisstgjering og disiplinering både individuelt og kollektivt.

Helsetilsyneti Oslo sin rapport om ambulansesaka frå Sofienbergparken må vere ein vekkjar.Ikkje berre for leiinga ved Ullevål sjukehus, som refleksaktig valde forsvars-og bortforklaringsstrategien, og står avkledd att. Men når fylkeslegen omtalarhendinga som «klart diskriminerende oppførsel og som kan forstås med rasistiskeovertoner», må det vere ein vekkjar for oss alle og for «det norske».

Yrkesgruppersom arbeider med og for folk er ekstra utsette. Dei står i eit evig krysspressav forventningar. Men dei har også eit ekstra ansvar for å takle dette, og forå ivareta likeverd. Eit ansvar Unios medlemsgrupper vil ha og skal ta.

Powered by Labrador CMS