Humlegård som barnepassar for politidistrikta?

Eg har undra meg på kor lenge Humlegård ville ha sete i stillinga om han til dømes hadde vore leiar i ei større privat eller anna statleg verksemd, og hadde finansiert omorganisering ved å redusere produksjonen.

Publisert Sist oppdatert

Eg ser at Humlegård har vore ute med eit utspel i Dagbladet, og eg siterer:

«Det kan ikke være hjemmealenefest der ute. Før vi får folk ut på gata og inn i etterforskningsgrupper, gjør vi noe for å styre dette bedre.»

Nei, han vil at festen skal gå føre seg innanfor sine eigne dører med full oppvarting, koste kva det koste vil, etter prinsippet «bmfm» (betre middag for meg). Om han skal vere ein «hønefar» for dei tilsette innan justissektoren, må ein i det minste krevje at han går føre som eit godt eksempel. Her har han ausa ut pengar til sitt direktorat og til konsulentar, medan dei som skapar veksten, politidistrikta, har gått på sparebluss og også under dette. Så kven som har hatt heimealeinefest, kan vel diskuterast...

Eg har undra meg på kor lenge Humlegård ville ha sete i stillinga om han til dømes hadde vore leiar i ei større privat eller anna statleg verksemd, og hadde finansiert omorganisering ved å redusere produksjonen.

Kan vi eigentleg stole på at ein leiar med slike haldningar er den rette til å føre politietaten inn i ei ny verd? Store deler av folket vert utan polititeneste, men må stole på at patruljar frå store einingar kjem for å ordne opp, slokke elden, men etterlet grovarbeidet til dei små som er tømde for mannskap. Dersom dette kan kallast for «nærpolitimodell», vil eg tilrå Humlegård og hans likesinnande i første omgang ta eit norskkurs, og ta saka vidare derifrå.

Eg gjekk ut av etaten for ein del år sidan etter 37 år, og slik han no har utarta, er eg sjeleglad for det. Etaten ser ut til å gå i stikk motsett retning av det folket vil ha nytte av, og eg ville ikkje ha vore ein brikke i ei ordning som vert tredd ned over dei som skal betenast av såkalla betrevitande.

Om eg ville ha hatt Humlegård som barnepassar? Nei, takk!

Powered by Labrador CMS