Jenny Klinge og Senterpartiet er kritiske til retningen politireformen tar.

Høgres alternative fakta

Senterpartiet var ikkje mot ei politireform, vi ønskte ei anna politireform, skriver Jenny Klinge (Sp).

Publisert Sist oppdatert

Ordet «nærpolitireforma» blir brukt skamlaust om ei politireform som inneber sterk sentralisering av norsk politi. Etter velsigning frå stortingsfleirtalet har politidirektøren nyleg vedtatt at 126 lensmannskontor skal leggjast ned over heile landet. Regjeringspartia framstiller dette som uproblematisk, men politifolk har slått alarm om både beredskapen og førebygginga.

I eit nyleg lesarinnlegg rettar justispolitisk talsmann for Høgre, Anders B. Werp, og førstekandidat Hedmark Høyre, Kristian Tonning Riise, kritikk mot Senterpartiet for å forsvare ein politietat som «er tilpasset gårsdagens utfordringer». Dei stiller spørsmål om det er riktig bruk av politiressursar når tenestefolk må bemanne eit kontor som er opent tre dagar i veka «i stedet for å være ute blant folk».

No er det verdt å understreke at somme kontor er stengt to dagar i veka nettopp fordi politiet vil bruke meir tid ute blant folk, og at dette kan vere basert på fornuftige prioriteringar av ressursane. Eg tillet meg likevel å stille nokre oppfølgingsspørsmål til Werp og Tonning Riise: Kvifor har Politidirektoratet – som stortingsfleirtalet ga ansvar for å gjennomføre reforma – stilt krav om opningstid på berre 2 dagar ved dei tenestestadene som skal stå att etter reforma? Dette blir jo ein smule rart viss poenget var å ha kontor som var opne kvar dag. Og kva med dei 50 kontora som skal stå att etter reforma som no har mindre enn fem tilsette - inkludert kontorpersonell - og som i følgje Politidirektøren ikkje kan forvente fleire tilsettingar? Eller dei lensmannskontora som blir oppretthaldne, men som blir strippa for oppgåver? Meiner Werp og Tonning Riise at det å oppretthalde desse kontora er å sløse med ressursar? Kvifor vil dei ikkje styrke desse kontora slik vi i Senterpartiet ønskjer?

Leiaren i Politiets Fellesforbund har uttalt at: «Det er vanskelig for oss å forstå at ved å legge ned så mange politikontorer, vil politiet og publikum komme mye nærmere hverandre. For oss er dette en politireform og ingen nærpolitireform.» I tillegg har Universitetet i Bergen nyleg gjort ei undersøking som viste dei tilsette i politiet er svært kritiske til politireforma. Berre 4 prosent av dei som svarte var einig i at reforma vil bidra til mindre sentralisering av ressursane i politiet, og berre 15 prosent var einig i at reforma vil bidra til å styrke det kriminalitetsførebyggjande arbeidet overfor barn og unge. Berre 19 % av dei som svarte meiner at reforma vil føre til betre nedkjemping av kriminalitet, og berre 13% var einige i at reforma vil bidra til meir synleg og tilgjengeleg politi. Ein skulle då tru at Høgre ville gå i seg sjølv og ta inn over seg den kritikken som politireforma så langt har fått. I staden held Høgre fast på at det er politiet sjølv som har ønska seg denne reforma, samt at det å ville behalde lensmannskontora er kunnskapslaust. Det som ikkje passar med Høgres verdsbilete blir stempla som «føleri» og «romantikk».

Når regjeringspartia stadig prøver å framstille oss i Senterpartiet som motstandarar av alle endringar, er det fordi dei sjølve ønskjer å framstå som offensive og framtidsretta når dei gjennomfører sentraliserande reformar. Eg forstår kvifor dei bruker denne retorikken og kva dei vil oppnå. Det er likevel synd, fordi det tildekkjer at dei endringane dei sjølv arbeider fram politisk, ikkje fører til ei betre framtid for landets innbyggjarar og lokalsamfunn. Det Høgre driv med her kan i beste fall kallast «alternative fakta». Desse endringane vil i all hovudsak oppfylle ønsket deira om meir sentralisering, mindre lokalt politi og større geografiske forskjellar.

Senterpartiet var ikkje mot ei politireform, vi ønskte ei anna politireform. Det handla for vår del om å omorganisere politidistrikta etter ein fylkesmodell, om å gjera målretta tiltak for betre kultur og leiing i politietaten, og om å styrke lokalt politi i staden for å fjerne det. Vi ønskte ein reell nærpolitimodell, med andre ord.

Powered by Labrador CMS