Politiet
KRONIKK
Vi treng ein politikommisjon
Det er vel ingen andre politikkområde som er så prega av dagsaktuelle hendingar, kortsiktige politiske utspel og «hopp og sprett politikk», utan forankring i analysar eller faglege vurderingar.
Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.
Tida er
overmoden for å skaffa eit oppdatert og breitt fagleg kunnskapsgrunnlag som
plattform for utvikling av politiet.
Politisk har ein innsett at den
tryggingspolitiske situasjonen i Europa er totalt endra. Det har medført
viktige kommisjonar som har analysert Forsvaret og den sivile beredskapen.
I
dette arbeidet er det også noko fokus på politiet si rolle i kriser, fredstid
og krig.
Det er derimot
ingenting i den politiske debatten i Noreg som syner at ein har teke innover
seg den alvorlege situasjonen politiet står i.
Vi har gode faglege
trusselvurderingar lokalt og nasjonalt og mange, gode risikovurderingar som synleggjer utfordringane politiet står
i.
Dette er dokument og analysar som på ingen måte ser spor av i den politiske
kommunikasjonen eller er synleggjort i satsinga på politiet.
Skal ei
utgreiing om politiet sin status, behov for utstyr, metodeutvikling,
teknologisk satsing, bemanning og økonomisk vekst få legitimitet, må det koma
frå ein breitt samansett kommisjon tilsvarande Forsvarskommisjonen.
Etter å
ha følgd det politiske ordskifte og arbeidet om politi- og kriminalpolitikk tett,
sidan midten av 1980-talet, er min klare påstand at dette politikkområdet har
aldri fått den statusen det fortenar.
Mange
fagområde og politikkområde vert utvikla på bakgrunn av breie, tverrfaglege
utgreiingar og kommisjonsarbeid.
Politipolitikken og politirolla har framleis i
stor grad oppheng i Politirolleutvalet si utgreiing del 1 og 2, oppretta ved
kongeleg resolusjon av 10. desember 1976.
Det er
vel ingen andre politikkområde som er så prega av dagsaktuelle hendingar,
kortsiktige politiske utspel og «hopp og sprett politikk», utan
forankring i analysar eller faglege vurderingar.
Det skulle vera nok å sjå på
det siste året og dei mange utspela, som «reversering av
politireform» og oppretting av nye politistasjonar.
Påplussinga
på vel 500 millionar på revidert budsjett 2023 er isolert sett svært bra og
gledeleg, men den politiske retorikken rundt dette er nedslåande.
For det vert
kommunisert ut som at no er økonomien i politiet friskmeldt og ein kan tilsetta
i dei mange ledige stillingane.
Dette stemmer på ingen måte og er nok eit døme
på politikkutvikling på sviktande faktagrunnlag. Eller at ein ikkje vil ta
innover seg fakta som vert presentert.
Politiforum
har i sommar synleggjort at det er over 300 ledige politistillingar. Dette
handlar berre om økonomi. Dei vel 500 millionane på revidert løyser ikkje
dette, for det vil berre gå til å dekka deler av meirforbruket som var pr.
1.juli.
Som døme
kan eg syna til Vest politidistrikt, som har teke kraftige grep for å forsøka å
koma i økonomisk balanse.
Trafikkseksjonen i Bergen er avvikla og mange
stillingar i alle deler av distriktet vert halde ledige.
Dette får naturlegvis
konsekvensar for innbyggjarane, i høve til prioriteringar og ikkje minst i høve
til HMS for tilsette.
Denne situasjonen vert på ingen måte endra ved den
kjærkomne påplussinga på revidert, men meirforbruket i 2023 vert ikkje så stort
som det hadde vore utan påplussinga.
Politiets
Fellesforbund sin forbundsleiar har også vore ute og bedt om ein breiare
gjennomgang av politiet. Det er svært bra.
Mi oppmoding går til alle
fagforeiningane i politiet og ikkje minst til Politidirektoratet. Sett dykk ned
i lag og definer dette prosjektet som det viktigaste samarbeidsprosjektet på
lang tid.
Felles målsetting om å få nedsett ein breitt samansett politikommisjon
vil kunna løfta kunnskapsgrunnlaget og kvaliteten på den politiske debatten
mange hakk.
Eg skal ikkje drista meg til å laga framlegg til mandat, men berre
nokon tema som openbert er modne for ei breiare analyse med blikk både utanfrå
og innanfrå:
- Politiet
sitt maktmonopol og forvalting av det i dagens samfunn.
- Tilliten
mellom innbyggjarane og politiet – utvikla og styrka den.
- Rekruttering
og utdanning – sjå på ein delt utdanning mellom etterforsking og
vakt/beredskap/politipatrulje.
- Teknologiutvikling
og utstyr.
- Kultur,
erfaringslæring, etikk og organisasjonsutvikling.
- Bemanning
og samansetting av tverrfagleg kompetanse.
- Grunnberedskap
for å sikra gode vakt- og beredskapsordningar i heile landet.
- Vurdering
om generalistrolla er mogleg å vidareføra med dei krav som er til
spesialisering.
- Styrka
etterforskingsmiljøa med meir tverrfagleg kompetanse og feir fokus på
etterretning.
- Frå
ord til handling om at førebygging er det viktigaste politiet arbeider med.
Så får me
inntil vidare leva med at politipolitikken er basert på dagsaktuelle hendingar
og mangelfullt faktagrunnlag.