KRONIKK

Treng me Politidirektoratet?

Min oppleving er at etaten forventar eit Politidirektorat som ikkje berre gjennomfører politiske vedtak, men som også kan stilla dei gode motargumenta og gje faglege analysar.

Publisert Sist oppdatert

Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.

Politidirektoratet (POD) er 20 år i år, men eg merkar meg at det er stadig debatt omkring PODs verdi og rolle, både internt i etaten og eksternt. Ein ser også at politiske parti (Sp og Frp) tek til orde for å legga ned POD.

Det var også stor politisk debatt i framkant av opprettinga av POD, og det var usemje internt i fleire parti.

Kort tilbakeblikk

Det var fagforeiningane i politiet som var pådrivarane for oppretting av POD, særleg Norsk Politiforbund tidleg på 1990-talet. Frå etableringa av Politiets Fellesforbund (PF) i november 1997, vart dette løfta fram som eit satsingsområde. PF sett inn mykje arbeid for å få det nødvendige vedtaket i Stortinget.

Arne Johannessen, politiinspektør, GDE-leder i Songn og Fjordane, Vest politidistrikt.

Opprettinga av POD har også sin forankring i arbeidet med å flytta administrasjonen av lensmannsetaten frå Fylkesmanen til politimeisteren, via dei såkalla «Josefsenutvalet» og «Veierødutvalet» tidleg på 1990-talet.

Kvifor vart opprettinga av POD ei «kampsak» for fagforeininga? PF hadde dårleg erfaring med detaljstyringa frå Justisdepartementets politiavdeling. Me sat i Justisdepartementet å forhandla og drøfta om fordeling av stillingar direkte til eit lensmannskontor eller ein politistasjon, samt alle andre detaljspørsmål. Det vart også sterk politisk innblanding og styring. Det vart for lite overordna strategiarbeid og manglande fokus på utvikling av etaten basert på faglege vurderingar.

Målet vårt i PF var å få ein meir uavhengig og politifagleg leiing av politiet etter inspirasjon frå Forsvaret. Eit POD som driv fagutvikling i lag med PHS og Kripos, utvikla overordna analysar og felles strategiar, og ikkje minst ein felles satsing på HR/HMSpolitikk. Eit sterkare skile mellom politikk og fag var også eit klart mål. Me ønska eit POD som skulle verta ein klar og tydeleg fagleg premissleverandør inn mot politiske prosessar og vedtak.

Så kan ein 20 år etter opprettinga drøfta og evaluera om det vart som PF og etaten forventa. For å forstå utviklinga, kan det vera bra å minna om kva Aps stortingsrepresentant Jørgen Kosmo sa: «POD vil aldri kunna verta det PF har som mål og ynskjer. Politiet er ein for viktig og interessant etat til at ein statsråd vil halda seg unna detaljstyring, uansett parti.»

Ein kan vel sei at erfaringa tilseier at Kosmo fekk rett i det, jamfør også ulike evalueringar av POD.

PODs omdømmeutfordring

Når ein ser departementsstrukturen og direktoratsmodellen i Noreg, er det lett å forstå at mange meiner at det er for mykje byråkrati. Det er ein viktig debatt å sjå på overordna styring i høve til ressurssettinga av det utøvande ledd.

Min klare konklusjon på spørsmålet i overskrifta er JA – me treng eit sterkt og velfungerande Politidirektorat. Eg har følgt denne prosessen frå start til mål, var medlem i både Josefsenutvalet og Veierødutvalet, og seinare tett på sjølve etableringa av POD i 1999/2000. POD har bidrege til mykje godt utviklingsarbeid av politiet, ein profesjonalisering og standardisering som me var langt unna på 1990-talet.

Det har vore ein god utvikling på HMS- og HR-arbeidet i etaten, sjølv om ein kan sjå for mykje detaljstyring på einskilde områder. Ikkje minst har fagutviklinga på mange (alle) områder fått eit heilt anna fokus enn før PODs tid. PODs gode overordna leiing av politiet i pandemien, syner behovet for eit velfungerande POD. Ein skal merka seg at det er liten (ingen) debatt om andre store og sterke direktorat.

Det betyr ikkje at eg meiner at alt er perfekt i dag. Berre det at me har seriøse politiske parti som vil legga ned POD, syner at dei har ein omdømeutfordring. Denne utfordringa finn ein også internt i etaten. Det er mange negative utsegn om POD, sjølv om mange av dei er «nokså historielause » ved at ein ikkje kjenner til eller hugsar korleis etaten vart styrt før POD. Eg tvilar på at nokon seriøst vil tilbake til ein direkte styring frå politiavdelinga i justisdepartementet.

Sidan eg føler eit sterkt eigarskap til at POD vart oppretta, har eg også eit sterkt engasjement for at POD skal lukkast i rolla som ein velfungerande, overordna politifagleg leiing. Det ligg eit stort politisk ansvar i å gje POD det faglege handlingsrommet dei skal ha som etatsleiing. Det må verta eit tydlegare skile mellom overordna politisk styring og politifagleg leiing. Det er framleis for mykje detaljstyring frå politisk nivå, noko som også betyr at det må verta detaljstyring nedover i linja for å ta ut dei detaljerte politiske styringssignala.

Må forankrast i etaten

Min oppleving er at me har fått ein politidirektør med klar ambisjon om mindre rapportering og detaljstyring – og me ser endringar – men det er framleis godt rom for forbetringar.

Skal POD verta den aktøren som mange av oss håpar og forventar, er ein avhengig av legitimitet både internt og eksternt. Det handlar om rekruttering av rett kompetanse, og evne og vilje til å forstå etaten sin kultur og samfunnsoppdrag. I mange høve vert det for mykje byråkrat- og konsulentspråk utan forankring i etaten; dette skapar avstand mellom politiet og POD.

POD må i større grad forankra strategi- og utviklingsarbeid i linja i etaten. Historisk har ein sett fleire dømer på styring frå POD i HR-relaterte saker som har fråteke politidistrikta og særorgana sin eigen styring.

Eg har merka meg at både regjeringa sin Hurdalsplattform og PF sitt landsmøte peikar på behovet for evaluering av POD. Det bør alle helsa velkomen. Ein evaluering av rolla til POD, oppgåvedelinga mellom POD og etaten, samt rolledelinga mellom politisk styring og fagleg styring, kan det koma noko positivt ut av. Då POD vart oppretta, var det ein sterk føring på at det skulle vera eit lite direktorat utan direkte operativ rolle. Dette har endra seg på dei 20 åra.

For å styrka POD sitt omdøme i etaten, må ein oppleva eit direktorat som kan utfordra «politisk oppleiste sanningar » med gode analysar og faglege vurderingar. Som døme kan eg nytta regjeringa sitt vedtak om å oppretta 20 nye tenestestadar. Dette må me forventa at POD på ein fagleg måte analyserer konsekvensen av. POD må sjå det opp mot måla med politireformarbeidet.

Når ein legg faglege vurderingar og kriminalitetsbildet til grunn, er det 20 nye kontor som er svaret på utfordringa, eller er det betre å satsa meir på digitale løysingar, nettpatruljer/digital politistasjon, sterke funksjonelle fagmiljø og ikkje minst auka bemanning på dei tenestestadane me har i dag? Min oppleving er at etaten forventar eit POD som ikkje berre gjennomfører politiske vedtak, men som også kan stilla dei gode motargumenta og gje faglege analysar.

Min klare konklusjon er at ein etat som politiet treng eit velfungerande Politidirektorat. Alle argumenta frå 1998 er forsterka fram til i dag. POD må sjølv sjå positivt på ein evaluering og ein moglegheit til å styrka sitt omdøme både politisk og opp mot etaten ein skal leia.

Powered by Labrador CMS