Stor takk til regjeringa

Eg må nytta høve til å retta ein stor takk til regjeringa ogsærleg justisministar Knut Storberget.

Publisert Sist oppdatert

Eg må nytta høve til å retta ein stor takk til regjeringa og særleg justisministar Knut Storberget. Kva takkar eg for, vil nok mange av lesarane lura på. Overskrifta og innleiinga er kun eit utrykk for eit nyttårsynskje. Eit håp og ynskje om at me i 2009 får mykje å takka regjeringa for, både for at samfunnet får eit betre politi og at dei tilsette får ein betre arbeidskvardag, med betre løns- og arbeidsvilkår.

Innleiinga er eit ynskje om at regjer­inga verkeleg går inn i PF sine innspel til løysingar på politikrisa. Det er ikkje så mange organisasjonar som er villige å tilby meir arbeidskraft ved at medlemmane jobbar 2,5 timer ekstra kvar veke for å løysa ei bemanningskrise som politikarane har skapt. Men andre har gjort dette før, og fagansvarlege og dei politisk ansvarlege har grepe dette og sett det ut i live.

PF har også vore tydeleg på at me kan vera villig til å avtala unntak frå kvilereglane i arbeidsmiljølova, men då skal ein som kompensasjon ha eit eige tillegg for dei politioperative, som eit risikotillegg. Det skulle berre mangla at arbeidsgjevar må betala skikkeleg for at ein må kjøpa seg unntak frå viktige reglar i Arbeidsmiljøloven år etter år, for politikarane har ført ein politikk over lang tid, som gjer at ein må ha unntak.

PF har også spelt inn konstruktive og tydlege forbetringar i høve til senior­politikk og ikkje minst for å få fleire sivile stillingar. Me har bedt om 2-300 1.halvår i 2009 for å styrka ulike opp­gåver og frigjera mange politifolk til andre politioppgåver.

Det er ein spesiell situasjon i etaten, alle er einige om at det er ei bemanningskrise. PF spelar inn konstruktive framlegg til løysing, og vert møtt med ufine utspel og hersketeknikkar for å få bort fokuset på krisesituasjonen. Eg har aldri fått sterkare reaksjonar på «politiske utspel» enn når stortingsrepresentant Thomas Breen gjekk ut i VG og sa at «han vart kvalm» av utspela og aksjonane frå PF, og at han no har «avslørt strategien til PF». Me får berre håpa at «kvalmen» hans går raskt over, og at han heller kan byrja å jobba konstruktivt med innspela frå PF. Same dag gjekk også justisministaren i «strupen» på PF og einskild tillitsvalte i PF og informerte media om at han hadde« kalla inn PF på teppet». Utrulege utspel i forkant av eit møte som var planlagt ca 1 år i forkant.

Framleis lever håpet om at regjeringa tek situasjonen på alvor, og ikkje minst tek innover seg kva det vil bety om me ikkje avtalar unntak frå arbeidsmiljølova sine kvilereglar etter 1.7.2009. PF vil svært gjerne gje æra til regjeringa og takka for godt arbeid, når politikrisa er løyst.

PF håpar at det vert meir å takka regjeringa for i 2009. I vår skal partane i arbeidsliva forhandla om framtida sin pensjonsordning. Store og viktige velferdsordningar skal vurderast midt under ei alvorleg finanskrise. Det vert då viktig å ha blikket på at pensjons­ordninga truleg skal gjelda i mange ti-år framover, og at gode pensjons­ordningar i offentleg sektor framleis skal vera eit viktig element i den totale personal­politikken og eit verkemiddel for å rekruttera gode tilsette.

PF håpar å takka regjeringa for at dei har bidrege til å sikra ein meget god teneste­pensjonsordning, og ikkje minst gode tidlegpensjonsordningar i form av AFP og særaldersgrenser. Særaldersgrensa for politiet er det mange som ynskjer å diskutera, men då bør ein starta med å gå tilbake til Stortinget sin debatt og argumentasjon på 70-talet. Alle argumenta for særaldersgrensa er forsterka mange gonger.

PF ser fram til gode og konstruktive debattar om mange saker også i 2009, men me forventar at fleire aktørar også tek innover seg dei enormt store utfordringane som den UREGISTRERTE KRIMINALITETEN representerar (ofte kalla for mørketal).

2009 byr på mange utfordringar.

Powered by Labrador CMS