Debatt

«Politiet sviktar sine pensjonistar»

Politiet som arbeidsgjevar og etat har ingen policy eller politikk for ivaretaking av sine tidlegare tilsatte.

Arne Johannessen.
Publisert

Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.

No vil nok mange yrkesaktive hevda at politiet også er dårlege på tilretteleggingg og ivaretaking av sine noverande tilsatte.

Lat oss samanlikna politiet litt med Forsvaret. På mange områder har politiet mykje å læra av Forsvaret, også når det gjeld ivaretaking av sine tidlegare tilsatte.

På mange områder har politiet mykje å læra av Forsvaret, også når det gjeld ivaretaking av sine tidlegare tilsatte.

Forsvaret som arbeidsgjevar har ein skriftleg avtale med Forsvarets seniorforbund.

I den avtalen regulerer dei ansvaret for ivaretaking av pensjonistane til Forsvaret.

Det er verdt å merka seg innleienga i avtalen som står i punkt 1.1. under overskrifta «formål»:

«Gjennom avtalen og samarbeidet vil partene også understreke betydningen av å opprettholde det sosiale nettverket som har utviklet seg gjennom et langt yrkesliv i Forsvaret, og bidra til at Forsvarets pensjonister opprettholder en tilhørighet til Forsvaret også etter endt tjeneste.»

Dette er verkeleg eit uttrykk for ein aktiv politikk fra arbeidsgjevar.

Men det er ikkje berre fine ord, for vidare i avtalen er det avtalt årleg økonomisk støtte for å drifta Forsvarets seniorforbund med over 4 årsverk - i tillegg til økonomisk støtte til dei lokale organisasjonsledda.

Konstrasten til politiet vert enorm, for det er ingen avtale om samarbeid mellom Politidirektoratet og Politiets Pensjonistforfund (PPF) - og i 2026 er den økonomiske støtta null kroner.

I 2025 bidrog Politidirektoratet med ein million til PPF sitt viktige arbeid. Men etter at Stortinget i sin vedtaking av budsjettet for 2026 vedtok å stryka all støtte til alle politiorganisasjoner, står ein på «bar bakke».

Det er oppsiktsvekkende at skilnaden mellom Forsvaret og politiet skal vera så stor.

Kva signal sender dette til dagens yrkesaktive når dei vert pensjonistar og ikke minst til dagens pensjonistar?

Arbeidsgjevar seier med dette at ein ikke bryr seg om sine tidlegare tilsatte som har lagt ned sine beste år i eit livslangt arbeid for politiet.

Arbeidsgjevar seier med dette at ein ikke bryr seg om sine tidlegare tilsatte som har lagt ned sine beste år i eit livslangt arbeid for politiet.

Det er ein god del politipensjonistar som har mykje traumer og opplevingar å ta med seg inn i pensjonistlivet etter sitt lange liv for eit tryggare samfunnn.

Naturlegvis vert dette forsterka når ein opplever at tidlegare arbeidsgjevar ikke bryr seg og kuttar alle bånd.

Her kan me også sjå litt på punkt 2.2.2 i Forsvaret sin avtale:

«[…] tilgang til messer, svømmehaller, bibliotek,hobbyrom, trimrom til fritidsbruk og invitasjon til lokale arrangement der dette er mulig. Avtaler gjøres mellom vertsavdeltng og FSF sin avdeling.»

Politiet som organisasjon og arbeidsgjevar har mange potensielle viktige og gode ambasadørar for etaten.

Det bør bekymra fleire enn meg når ein høyrer og les mange innlegg fra politipensjonistar som omtalar dagens politi langt ifrå i rosende ordelag.

Politipensjonistane er eit stor gruppe med mykje erfaring, sterke meiningar, mykje kunnskap og sterkt samfunnsengasjement.

Her ligg det eit stort potensiale til ein positiv dialog om på kva måte dette kan utviklast til noko positivt for politiet og for politipensjonistane.

Det er behov for ein skriftleg samarbeidsavtale som forpliktar begge partar, og det er behov for eit betydeleg økonomisk bidrag for at PPF skal få ivareta sine over 5500 medlemmer som er politiet sine tidlegare dedikerte og dyktige tilsatte.

Powered by Labrador CMS