Bildet er tatt i en annen sammenheng.

DEBATTINNLEGG

Satsing på Forsvaret - Men kvar vart det av satsing på politiet som har ansvaret i fredstid?

Politiet, som er det sivile maktapparatet og med ansvaret for koordinering og samarbeid i høve til trugsmåla mot nasjonen i fredstid, får sitt budsjett redusert med 57,7 million.

Publisert Sist oppdatert

Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.

Samfunnet med sitt sivile maktapparat står i sin tredje store krisehåndtering på to-tre år. Det er synleggjort i praksis at politiet som har ansvaret for krisehåndtering i fredstid, er totalt avhengig av at andre etatar utfører oppgåver som ligg til politiet. Mange opplever at krisehåndtering er vorten kvardagen.

Regjeringa var tydeleg på at sivil og militær beredskap ville få hovudfokus i statsbudsjettet for 2023. Og det er gledeleg at forsvaret vert styrka med 6,8 milliard (9,8 %) i framlegget, men den reelle veksten er rekna til 4,5 milliard utfrå saldert budsjett 2022. Det er bra at den militære beredskapen vert styrka, truleg burde det vore satsa endå meir ut frå den aktuelle situasjonen med krig i Europa og trugsmål om opptrapping.

Politiet som er det sivile maktapparatet og med ansvaret for koordinering og samarbeid i høve til trugsmåla mot nasjonen i fredstid, får sitt budsjett redusert med 57,7 million. Det vert også varsla ein omdisponering av 184 million frå sentralt nivå som Politidirektoratet (POD), Politiets Fellestenester (PFT)og IKT. Pengane skal i hovudsak gå til styrking av lokalt politi og beredskap. Isolert sett eit godt signal vil nok mange tenkja. Og det er heilt sikkart rom for å byggja ned noko byråkrati for å frigjera pengar til lokalt politi. Men me treng eit velfungerande og sterkt POD i krisehåndtering , fagleg utviklingsarbeid, og ikkje minst treng me pengar til utstyr og IKT utvikling. Politiet har eit enormt etterslep på investeringssida og ikkje minst i høve til IKT utvikling. Skulle vera nok å minna om at me framleis nyttar system (TTA) som vart utvikla til OL på Lillehammer i 1994. Når ein kjenner på kroppen det store investering- og utviklingsbehovet, vert det lite tillitsvekkande at regjeringa vil redusera budsjettet til større nyinvesterngar og vedlikehald med kr 53,4 mill.

Politibudsjettet for 2023 er ingen satsing på politiet, tvert om så vil mange oppleva at det vert nok eit år med drøftingar om kvar ein skal redusera på stillingar for å få pengane å strekka til. Dette skjer midt under ein krig i Europa og der arbeidsoppgåvene til politiet aukar, ikkje minst innan etterretning. Utfordringane er store i høve til håndtering av oppdrag knytt til den aktuelle situasjonen og trusselbildet, samtidig som kriminalitetsutfordringane aukar på fleire områder.

Dersom regjeringa og Stortinget verkeleg meinar at ein skal satsa på den sivile beredskapen, må ein setta politiet i stand til å verta ein beredskapsorganisasjon som kan håndtera store samfunnskritiske ufordringar samstundes som ein håndterar dei store og små daglege kriminalitetsutfordringar. Då er det ikkje nok å vidareføra dagens opptak på PHS, ein bør rask koma seg tilbake til opptak på mellom 650-750 pr år.

Ein kan berre sjå til Sverige og den politiske ambisjonen om ein auke med 10000 politi på 4 år (truleg vanskeleg i praksis). Opptaket og utdanningstakta i Noreg fører kun til ein svært liten realvekst pr år (ca 60-75) når ein dekkar opp for årleg avgang til pensjon. Når ein har dekka opp mannskapsbehovet som fylgje av imigrasjon og trusselsituasjonen, set ein igjen med færre politifolk til å løysa andre kriminalitetsutfordringar. Det er stort behov for investeringar i beredskapsutstyr og utstyr for å løysa daglege oppgåver. Det er eit paradoks å samanlikna utstyrssituasjonen til politiet opp mot forsvaret som er ein bistansressurs til politiet i fredstid.

Eg har naturlegvis merka meg at ein vil styrka det lokale politiet med kr 75 mill og at det ligg ein vidareføring av satsing på den sivile berdskapen med kr 418 mill. Men som ein del av styrkinga av det lokale politiet, skal ein også etablera fleire nye kontor, som er total feilbruk av pengar i den situasjonen politiet står i. Det er gode signal at regjeringa vil styrka det lokale politiet, med hovudfokus på tilgjengeleg politi og beredskap for folk i heile landet. Som leiar for ein geografisk driftseining (GDE) gledar det meg naturlegvis, men så langt har denne retorikken kun ført til redusuksjon i tal stillingar lokalt.

Eg tolkar fleire signal no som går i retning av at ein skal flytta folk og funksjonar frå fellesfunksjonar og ut til GDEane. Dette kan fort rokka ved heile grunnlaget for politireforma med å styrka kvalitet på alle tenestar ved å bygga sterke kompetansemiljø. Eg fryktar at dette kan verta eit grep som vil sjå fint ut i eit rekneark, for ein kan syna at tal tilsatte ved GDEane har auka, men i realiteten ikkje styrka lokalt synleg politi eller lokal beredskap.

Eg håpar at Stortinget vil ha ein kunnspapsbasert tilnærming i høve til politiet sin rolle i krisetider og det reelle behovet som ligg i høve til bemanning, utstyr, utvikling av nye dataprogram og kompetanseheving, når ein skal vedta det endelege politibudsjettet for 2023.


Powered by Labrador CMS