Debatt
«Politiet er framleis ein lukka etat»
Politiet har ein lang veg å gå i høve til meir openheit og dialog med samfunnet rundt seg. Sjølv om det er klare betringar å sjå dei siste 10-20 åra.

Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.
I siste Politiforum var det to svært gode artiklar som berører tema tillit og innbyggjerinvolvering.
Begge artiklane omhandlar tema som bør verta grundig analysert når ein endeleg skal setta ned eit nytt politirolleutval.
Min klara påstand er at skal ein lukkast med meir innbyggjar-innvolvering, må etaten opna betydeleg meir opp og dela informasjon.
Min klara påstand er at skal ein lukkast med meir innbyggjar-innvolvering, må etaten opna betydeleg meir opp og dela informasjon.
Dette vil også vera eit godt fundament for tillitsbygging.
Nokon dømer på manglande deling av info:
Under den mykje omtala «Ingebrigtsen-saka», fekk påtalemakta spørsmål fra media om kor mykje politiressursar det var nytta i etterforskinga. Det ville ein ikkje svara på.
I alle år har det vore ein policy om å ikkje dela info med samfunnet om politiet sin beredskap eller operative kapasitet. Etter min meining er det ein gammaldags tenking.
Eg har høyrt alle argumenta om kvifor politiet ikkje kan dela denne typen informasjon, og dei vert gjentekne på automatikk utan at dei vert sett under vurdering.
Det er interessant å samanlikna med Forsvaret, og kva måte dei omtalar sine kapasitetar og sin beredskap på. Dei går svært detaljert til verks, både i høve til marinen, flyvåpenet og hæren sin situasjon.
Me hadde truleg også fått ein heilt annan debatt i Stortinget om politiet sine manglande ressursar for å løysa dagens samfunnsoppdrag, dersom det hadde vore openheit om vaktordningar, kor mange (eller få) ein faktisk har på vakt, og ikkje minst størrelsen på området dei skal dekka.
Svært mange leiarar svarar nei nesten som ein refleks på ulike spørsmål frå media. Det ligg i kulturen å sei nei, det er ofte det enklaste også.
Ein må ta ein meir offensiv tilnærming til politiet sin kommunikasjon, deling av info og kva openheit ein skal ha.
Ein må ta ein meir offensiv tilnærming til politiet sin kommunikasjon, deling av info og kva openheit ein skal ha.
Det er naturleg at dette også vert tema i politirolleutvalet. Det må stillast tydelege krav og forventningar fra samfunnet til politiet sin openheit.
Som styremedlem i Helse Førde har eg fått ny kunnskap og innsikt i ein spennande bransje, som har mange likskapstrekk med politiet.
Det som slo meg tidleg var openheitskulturen og brukarmedverknaden, som er svært bra utvikla. Som døme kan eg trekka fram at alle styredokument ligg ute på nettet og møta er opne for publikum.
Endrings- og omstillingsprosessar vert tidleg kjent, med stor grad av involvering både internt og eksternt. Dette står i sterk kontrast til politiet sine prosessar.
Det er mange små og store endringsprosessar som pågår, både sentralt og lokalt, som vil få store konsekvensar for publikum og samhandlinga mellom samfunnet og politiet.
Dette er prosessar som ikkje er kjent for nokon utafor politiet, og knapt nok kjent internt.
Det er eit stort forbedrings-potensiale når det gjeld kommunikasjon og openheit rundt leiarmøter, endrings-prosessar og utviklings-arbeid i politiet.
Det er eit stort forbedringspotensiale når det gjeld kommunikasjon og openheit rundt leiarmøter, endringsprosessar og utviklingsarbeid i politiet.
Eg har vore inne å søkt på politiet.no, både sentralt og lokale sider, og vart ikkje imponert over kva som ligg der om denne typen saker.
Kva med referat fra politidirektøren si leiargruppe (PLG), nasjonal leiargruppe (NLG) og dei lokale leiargruppene? Lite info (ingen ting) å finna om dette viktige arbeidet.
Det som verkeleg slo meg når det gjeld skilnaden mellom helse og politi, er brukarmedverknaden.
I alle styra for helseføretaka set det no to brukarrepresentantar, og det er eige brukarutval med faste møter og ikkje minst brukarrepresentantar i nesten alt av endring og utviklingsarbeid, også ved nybygg og endringar av lokale.
I Helse Førde var ulike brukarrepresentantar involvert i cirka 220 møter i 2024. Dette er å ta involvering og tillitsbygging på alvor.
Har politiet noko å læra av dette? Normalt møter politiet denne typen spørsmål med at politiet er heilt spesielle med sin rolle i samfunnet og sitt maktmonopol i fredstid.
Skal politiet halda oppe den unike tilliten ein har per i dag, må ein tenkja nytt og opna opp meir.
Skal politiet halda oppe den unike tilliten ein har per i dag, må ein tenkja nytt og opna opp meir.
Innbyggjarane stiller seg stadig meir kritisk til offentlege etatar og pengebruk, og det kjem også påstandar om manglande effektivitet.
Det å forvalta eit maktmonopol i eit opplyst demokratisk samfunn med høgt utdanna befolkning, vert også utfordra på fleire områder.
Alle som kjenner til politiet sitt samfunnsoppdrag og arbeidsmetodar, forstår at tillit er avgjerande for å lukkast med jobben.
Det er avgjerande at ein ikkje tek denne tilliten forgitt, men analyserar kva som vil utfordra tilliten framover.
Her ligg mykje spennande å ta tak i for eit politirolleutval.