Jenny Klinge, justispolitisk talsperson i Senterpartiet, og medlem av Stortingets justiskommite.
Foto: Senterpartiet
DEBATTINNLEGG
Om å ha ballar i politiet og politikken
Tidlegare justisminister Per Willy Amundsen gjer stadig nye krumspring for å dekkje over alt gale som hans eige parti, Frp, gjorde medan dei sat i regjering. Siste trekket hans er å prøve å få alt til å handle om ei såkalla «feministisk» politileiing.
Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.
Det har vore så mange skiftande justisministrar frå FrP i Solberg-regjeringa at somme kanskje ikkje hugsar at Amundsen var ein av desse. Men han var statsråd frå desember 2016 til januar 2018. Forgjengaren hans, Anders Anundsen, la fram den såkalla nærpolitireforma for Stortinget, og den vart vedtatt i 2015. Begge desse statsrådane var sentrale for å få gjennom ei massiv sentralisering av norsk politi, men dei fleste lovnadene deira om kva dette ville føre til for politiet, har kokt bort i kålen. Meir nærpoliti har det i alle fall ikkje vorte.
På TV2-nyheitene 3/9 var Per Willy Amundsen ute med kraftig kritikk mot dagens politileiing. Han knytte problema i politiet til noko udefinert kvinneleg og ønskte tøffare folk i politiet.
Eg minte i same nyheitssending om at Amundsen sjølv ikkje hadde ballar nok til å takle frittalande politifolk og frittalande politileiarar den gongen han sjølv var justisminister.
Derfor blir det paradoksalt at han også har sagt at han ønskjer fleire som den tidlegare politimeisteren i Oslo, Willy Haugli. Eg deler ønsket om frittalande politimeistrar, men trur dessverre at Amundsen berre ønskjer seg dette når hans eige parti ikkje sit med ansvar i regjering.
Skremmende mangel på kunnskap
Men kva legg eigentleg Amundsen i «en feministisk politiledelse»? I nettsaka til TV2 er han sitert slik: «Med en feministisk politiledelse mener jeg at man er så opptatt av å være tilbakeholden, være forsiktig og ikke provosere.»
Norsk politi har endra seg dei siste tiåra fordi samfunnet har endra seg og fordi politiet har fått ny kunnskap om korleis dei best skal handtere vanskelege og potensielt valdelege situasjonar. Framleis har politiet evne til å handtere situasjonar som eskalerer, men dei skal fortrinnsvis bruke kloke strategiar for å unngå dette.
Å redusere desse arbeidsmetodane og denne klokskapen til å vera «feministisk», vitnar om ein skremmande mangel på kunnskap om korleis politiet best arbeider. Og det vitnar om at Amundsen har ein lengsel etter amerikanske politimetodar.
Det vi ser i USA er symptomet på fleire underliggjande utviklingstrekk i samfunnet, som fattigdom, arbeidsløyse, rasisme og mistru til dei med makt. Eit autoritært politi der borte gir berre ei stadig stadfesting på den avmakta som folket kjenner på. I Noreg har vi eit godt utdanna og konfliktløysande politi, og innbyggjarar flest har høg tillit til politiet.
Ballar til å takle kritikk
Kvifor i all verda skal Amundsen ønskje å piske opp stemninga unødvendig? Vel, kanskje for å få fokuset vekk frå alt det FrP gjorde av ugagn i regjering med sine sju justisministrar og heller få fokuset over på tema som dei no håpar å vinne neste års val på?
Må ein ha ballar for å ha ei leiarstilling i norsk politi? Sjølvsagt må ein ikkje det i praktisk forstand. Men både i politiet og i politikken er det nødvendig å ha ballar i overført betydning – å vera sterk nok til å stå i vanskelege situasjonar og handtere desse klokt. Og i politikken treng vi faktisk nokon som har ballar nok til å lytte når politifolk og politileiarar kjem med kritikk mot det vi gjer gale.
Skiftande regjeringar må tole å lytte når vi får høyre at politiet har for lite ressursar til alt dei skal utføre, og så må vi bruke innspela til å prioritere best mogleg. Men når det gjeld den såkalla nærpolitireforma, som er eitt av dei desidert største prosjekta til Solberg-regjeringa, har ikkje ein einaste justisminister, og heller ikkje statsministeren sjølv, hatt ballar til å ta imot kritikk mot reforma. Dei har avvist all kritikk, kome med bortforklaringar og drive med skjønnmåling.
Det har ført til at ei reform som ikkje var god nok på teiknebrettet, heller ikkje har fått nødvendige korreksjonar og forbetringar undervegs i gjennomføringa. Resultatet er at over 120 lensmannskontor vart nedlagte utan at det har kome på plass nye politipatruljar. Mange av dei gjenverande kontora har vorte tappa for ressursar i staden for å bli styrka, slik dei vart lova.
Amundsen burde heller bekymre seg for dette i staden for at politiet bruker moderne verktøy for å unngå at potensielt valdelege situasjonar eskalerer. Og så kan han øve seg på å bli sterk nok til å takle kritikk for den reforma han var ansvarleg for. Begynner han å lytte i tillegg, kan dette blir riktig så bra.
LES OGSÅ: Ein fartssyndars hyllest til UP