Albert Lunde er erfaren politimann og forsker på beredskap.

Politiberedskap i eit lensmannsdistrikt

Det er ingen tvil om at politiet no organiserer seg slik at dei systematisk forlenger si eiga responstid. Det vil krevje at brannvesen, ambulanse og folk flest må trå til mens dei ventar på politiet.

Publisert Sist oppdatert

Innlegget ble først publisert på Gudbrandsdølen Dagning, Gd.no. Det er et svar på et innlegg fra stortingspresident Olemic Thomessen

Responstid er tida frå melding kjem inn til naudetatane til den fyrste patruljebilen når fram til åstaden. I så godt som alle akutte hendingar er rask innsats på staden heilt naudsynt for å hindre at liv, verdiar eller opplysningar går tapt.

Det er ingen tvil om at politiet no organiserer seg slik at dei systematisk forlenger si eiga responstid. Det vil krevje at brannvesen, ambulanse og folk flest må trå til mens dei ventar på politiet.

I nokre tilfelle vil det kunne føre til at folk døyr mens dei ventar på politiet. Det kan òg skje at representantar frå andre naudetater døyr fordi dei blir tvinga til å gjere politiet sin jobb.

Og – det kan skje at politifolk døyr fordi dei må vente på bistand frå kollegaer som er så altfor langt unna. Ved skyteepisoden på Vinstra for nokre år sidan, der ein politimann vart skoten og skadd, så var nærmaste politipatrulje i Ottadalen.

I Innlandet politidistrikt bur folk spreidd utover landsbygda, ofte i større eller mindre tettstader med færre enn 2000 innbyggarar. Dei får då tildelt lengste responstid, 45 minuttar.

Fastsetjinga av responstid var ikkje meir ambisiøs enn at den er basert på den gjennomsnittlege responstida i måleperioden.

I vanleg dimensjonering av beredskap, så vil kravet til responstid henge saman med redningstida – tida frå ei definert ugjerning startar til politiet har klart å stanse gjerningsmannen og sørga for livreddande fyrstehjelp til den skadde.

Redningstida må vere kortare enn forventa overlevingstid. Alvorlege hendingar med fare for tap av liv krev kort redningstid – heilt uavhengig av kor ein bur, eller kor mange som bur der du bur.

Politidirektoratet legg altså ei administrativ gjennomsnittsvurdering til grunn for fastsetjing av beredskapsnivå i distrikta, ikkje ei operativ vurdering av kor rask responsen må vere for å utgjere ein skilnad - å redde ein person i naud. Her kan ein leggje til at verken kommunale eller fylkeskommunale ROS-analysar var ein del av kjeldematerialet til Politianalysen. Politianalysen er altså ikkje ei beredskapsanalyse.

Høgre prøver seg med ein ny floskel når dei skriv «Frå kontortid til responstid», og syner med det at dei ikkje har forstått beredskapsverdien av eit statleg lensmannskontor.

Politiet er nemleg nærmast der kontoret er – daglegdagse oppgåver krev det, for det er svært mykje du ikkje kan gjere med god nok kvalitet i ein patruljebil - og dess færre kontor, desto færre er det som får sjå politiet i sitt nærområde.

Responstid og beredskap blir dermed svekka i alle dei tettstadene som ikkje lenger har sitt eige lensmannskontor. Folk må vente på «ein patrulje på hjul» i staden for å få hjelp frå ein strukturert, desentralisert politiberedskap som har fungert godt og rimeleg i alle år.

I Ottadalen var det tidlegare 3 lensmannskontor, i Vågå, Lom og Skjåk, der tilsettingsbreva sikra at minimum 2-4 politibetjentar var til stades kvar dag, mellom 0800-1530. Dei gjorde alt det som politibetjentane i dag gjer på eit felles kontor, t.d. etterforsking og førebyggjande tiltak. Samstundes var dei i beredskap for alle akutte hendingar i sitt lensmannsdistrikt, med stutt avstand til sårbare objekt i kommunen.

Dei hadde god kjennskap til aktuelle samarbeidsaktørar, og fekk tidleg og direkte melding dersom det var vanskelege situasjonar. Mange farlege hendingar vart hindra fordi politiet var på staden og stansa ei uheldig utvikling – det vart ofte ikkje behov for «å komme når det trengs». Her kan ein gjerne syne til Politianalysen, som stadfestar at dei fleste alvorlege hendingane som rammer sentrale institusjonar i samfunnet skjer på dagtid.

Kva er situasjonen i dag? Ein politipatrulje skal sørge for akuttberedskap i alle dei tre kommunane, med moglegheit for bistand frå kollegaer som har dagskift på det felles lensmannskontoret i Lom. Dette inneber sjølvsagt at Vågå og Skjåk er heilt utan politi dei fleste arbeidsdagane i veka, og må vente på ein utrykkande patrulje frå Lom ved akutte hendingar.

Ja, eg skriv ein patrulje, sjølv om denne lensmannsregionen berre har mista eit par stillingar etter samanslåinga. Det er slik fordi arbeidstida vart fordelt utover fleire timar i døgeret og veka, slik at ein oftare kan ha politibetjentar på aktiv teneste - «en kjørende politipatrulje». Ingen snakkar om at det samstundes gjev ei tynnare bemanna polititeneste. Det er altså oftare færre tilsette på jobb til same tid. Denne patruljen vert òg tidvis nytta i naboregionane Sel, Lesja-Dovre og Midt-Gudbrandsdal, og då er vegen heimatt svært lang ved akutte hendingar. Sjølv ei ordinær hending stressar denne beredskapen – og betjentane. Politiet har ingen flåte å styre.

Resultatet er at det no er same grad av beredskap på dagtid i Skjåk og Vågå som det tidlegare berre var etter kontortid. Ein har gjort seg avhengig av ein lengre utrykningsveg.

Ei anna praktisk utfordring ved færre politikontor er at våpen er lagra lenger unna. I skarpe situasjonar blir ekstra mannskap kalla ut, og då må dei fyrst køyre og hente operativt utstyr, for så å returnere til åstaden. Ei slik forseinking kan krevje liv. Det var jo for å sleppe slike ekstrarundar at politipatruljar no har våpen lagra i bilane.

Har dette gjeve betre eller dårlegare beredskap og responstid? Dersom Thommesen og andre representantar vil ha eit klart og truverdig svar, så kan dei gjerne kome ein tur til Ottadalen for å teste det ut. Eg hjelper gjerne til med det. Konklusjonen er at gjennomsnittleg køyreveg vil bli ca. fire gonger så lang med ein patrulje på hjul framfor å ha politibetjentar til stades ved kvart lensmannskontor eller heime med beredskapsvakt (der kvar betjent har sin politibil).

Thommesen presenterer ei rekke påstandar om lensmannsetaten, utan grunngjeving. Kva meiner han eigentleg med «kontorpoliti»? Kanskje det same som kontorambulanse eller kontorbrannvesen? Kanskje kontorluftambulanse?

Kva er galt med å opphalde seg på ein strategisk viktig stad medan ein ventar på akutte hendingar – og samstundes gjer naudsynt politiarbeid? Kan ein få meir for pengane enn det?

Når Thommesen ber om at ein må «heller få politiet ut dit folk faktisk bor», så vil eg minne om at lensmannskontora oftast ligg nettopp der. Kvar elles meiner han at folk bur?

Thommesen påstår vidare at «Det er avstanden til nærmeste kjørende politipatrulje som betyr noe for responstiden». Det er heller ikkje rett – det er avstanden til nærmaste politibetjent som er avgjerande for responstida, heilt uavhengig av om vedkommande oppheld seg i patruljebil, på eit lensmannskontor eller i heimen med beredskapsvakt. Sjølv med redusert opningstid, så er du i alle fall sikra at politiet er i bygda dei timane. Når kontoret er stengt i Skjåk, så kan «nærmeste kjørende politipatrulje» like gjerne vere på Otta eller Dombås. Dersom nokon utøver vald i Vågå, så er det utvilsamt lurast å ha eit lokalt politi stasjonert i Vågå.

Dette er enkelt, det er jo derfor det er fleire brannstasjonar i t.d. Oslo. Det er også derfor det er ønske om ein ekstra luftambulansebase i Mjøs-regionen. Kan ei betre løysing vere at Dombås-helikopteret heller flyr uavlateleg rundt omkring i Hedmark og Oppland?

Mobiliseringstida – tida frå politibetjenten har fått utkalling til han startar patruljebilen – har liten innverknad på den totale responstida i alle andre høve enn der hendinga og politipatruljen er på same stad, samstundes. Og då vil politibetjenten som startar frå lensmannskontoret eller frå middagsbordet heime ha omtrent like lang mobiliseringstid som den politibetjenten som sit med nistepakka si på pauserommet. Dette er òg akseptabel mobiliseringstid for ein brannmann i Oslo. Fordelen med eit desentralisert politi, heilt ut til dei små tettstadene er at du allereie har ein politibetjent nær åstaden, og då treng du heller ikkje å utsetta folk for den risiko som følger med lange, og hyppigare, utrykkingar.

No høyrer det med til historia at Skjåk, Lom og Vågå har kvar sine lokalt plasserte brannstasjonar med 20 deltidstilsette brannfolk. Ambulansane er plassert i Lom og Vågå, med nærare 30 tilsette for å halde beredskapen i gong. Politiet har langt færre betjentar til sin beredskap, og då er det forståeleg at dei kjem seinare fram enn andre naudetatar.

Eg saknar eit høgare ambisjonsnivå hos dei som styrer denne etaten. Er det nokon grunn til at me skal akseptere lenger responstid for politioperative mannskap og innsatsleiarar enn for ambulansepersonell? Hugs at ein region som Ottadalen må ha minimum 3 dagpatruljer på hjul, ein i kvar kommune, til ei kvar tid, for å ha eit beredskapsnivå som svarar til ein struktur med lokalt plasserte beredskapsstasjonar – eller lensmannskontor som det heiter.

Thommesen tykkjer det er fint at kvar kommune skal få sin eigen politikontakt, samstundes som han går inn for å fjerna lensmannen. Han kritiserer òg redusert opningstid. Er det logisk? Kva er skilnaden på eit lensmannskontor med avgrensa opningstid og ein politikontakt som dukkar opp nokre timar i veka? Ein viktig skilnad er at lensmannen har betjentar i nærleiken til å hjelpe seg i krevjande situasjonar. Ein politikontakt vil vere mutters åleine, og vil nok sjølv få oppleve kor fortvila seint politiet kjem fram når det verkeleg hastar. Som hovudverneombod var eg ikkje glad for denne ordninga. Politikontakt er i beste fall ein avledningsmanøver overfor skeptiske ordførarar.

Kjære stortingspresident Thommesen, når ein spør andre etter fakta, kan ein ikkje sjølv halde fram med lause påstandar.

Men – kva veit eg? Eg har berre jobba i politiet i Oslo, Rogaland, Sogn og Fjordane og Oppland i nærare 30 år, og vore med litt lenger enn det i utvikling av ymse friviljuge beredskapsordningar.

Og kan ein eigentleg forvente seg noko meir enn endringsuvilje frå ein lensmannsbetjent – med mastergrad i samfunnssikkerhet, og som no forskar på beredskap og risikostyring i redningstenesta?

Vel, eg kan skilje mellom fakta og floskler.

Innlegget ble først publisert på Gudbrandsdølen Dagning, Gd.no.

Powered by Labrador CMS