– Ein skulle tru at politimester Hans Sverre Sjøvold veit kva som skjer i landet, og ikkje minst i eigen by, skriv Knut Røneid.

Politimeistaren i Oslo har uttalt seg om kva han finn moralsk for­kast­e­leg. På stats­kanalen. Utan mot­deb­attantar. Det er gjerne lettast slik.

Publisert

Politimeistaren i Oslo har uttalt seg om moral, eller i det minste om kva han finn moralsk forkasteleg. På statskanalen. Utan motdebattantar. Det er gjerne lettast slik.

I følge politimeister Sjøvold er det moralsk feil å ruse seg.

Velkommen til året 2018. Og forresten, året 1952 ringte. Det vil ha tilbake politimeistaren sin.

Politimeistaren i vårt største og viktigaste politidistrikt snakkar om moral. Det første eg tenkte på var Inger Lise Rypdal og hennar sang om Fru Johnsen. Det er så ein ikkje trur sine eigne øyrer, men der sit han altså. I ein slags monolog på Politisk Kvarter får han predike om kor ille det er med rusmiddel, og at vi for all del ikkje må liberalisere narkotikapolitikken.

Det var deprimerande lytting, mest som eit slags ekko fra den skremselspropagandaen vi hadde på ungdomsskulen i 1980.

Ein skulle tru at dagens politimeister i hovedstaden veit kva som skjer i landet, og ikkje minst i sin eigen by, men ein kan undre seg på om han har innsett realitetane.

Til tross for ei forbods og straffelinje som vi har prøvd i over 50 år, så kokar byen hans av meir ukontrollert dop enn nokon gang. På ein totalt uregulert marknad. Døgnopen. Utan aldersgrenser. Utan krav til noko som helst av pris og kvalitet på salsvarene. Og fortjenesta? Rett i lomma på dei kriminelle.

Knut Røneid

Alt dette medan politiet brukar «alle tilgjenglige ressurser» på å dra inn hasjrøykarar i Tromsø og Kristiansand nå i vår. Eit paradoks, all den tid Dark Room-saker vert henlagd av kapasitetshensyn.

Ein skulle tru at dagens politimeister i hovedstaden veit kva som skjer i landet

Den norske forbodspolitikken som til dømes Norsk narkotikapolitiforening hevdar har hjelpt oss, har ikkje vore meir virkningsfull enn at hasjbruken no når nye høgder, ni år etter at ein daværande stasjonssjef i Oslo sa at dei skulle få bort alt hasjsal fra byen.

Vi veit at ein streng statleg regulering verkar, så som vi har sett med tobakk og alkohol. Der går talet brukarar stadig ned, men med narkotiske stoff går det stikk motsatt veg. Det må da være det beste beviset på at ein har prøvd feil politikk nå i 50 år.

Det er inga skam å endre meining. Det er tvert om veldig befriande, og eit tegn på kunnskap og styrke.

Politimeister Sjøvold viser ingen av delane med sine uttalar.

Powered by Labrador CMS