Vi dreiv ikkje lønsforhandlingar!

Fleire aviser hevdar at Politiets Fellesforbund like etter 22. juli kjempa for å sikre politifolk som måtte avbryte ferien best mogleg overtidsbetaling.

Publisert Sist oppdatert

Både kommentatorar og sentrale politikarar, blant anna Arbeidarpartiet sin partisekretær Raymond Johansen, har meint at dette var utidig.

Problemet er at påstanden er feil.

Det var Politidirektoratet, altså arbeidsgjevar, som søndag 24. juli tok kontakt med Politiets Fellesforbund.

Bakgrunnen var at Politidirektoratet hadde motteke ei rekkje henvendelsar frå berørte politidistrikt og særorgan vedrørende forståinga av arbeidstidsbestemmelsane for politi- og lensmannsetaten (ATB) i samband medhendingane i Oslo og Utøya.

Politidirektoratet ville ha ein dialog om tolkinga av regelverket, slik at arbeidsgjevarrepresentantar, lokale tillitsvalde og medlemmar skulle få likelydende svar frå Politidirektoratet og Politiets Fellesforbund vedrørende innkalling under ferie, arbeidstid og godtgjersler.

Me var samde i dette, og Politidirektoratet og Politiets Fellesforbund vart ganske raskt samde om korleis regelverket skulle tolkast.

Einaste punkt me ikkje oppnådde semje om, var spørsmålet om reisetiden frå feriestadane til katastrofeområdet var arbeid eller fritid.

Dette måtte me gje oss på, sjølv om me framleis meinar at dette prinsipielt bør reknast som arbeidstid.

Me er samde med Politidirektoratet om at når det oppstår katastrofar og andre ekstraordinære situasjonar må ein raskt avklare kva for reglar som gjeld.

Det finst nemleg ingen skreddarsydd avtale for korleis slike ekstreme situasjonar skal handterast.

Det var òg tilsvarande dialog til dømes i samband med flystyrten i Operafjellet på Svalbard, tsunamien i Thailand og Nokas-ranet.

Difor stilte me opp til dialog med Politidirektoratet, og i slike situasjonar gjer me sjølvsagt jobben vår og talar interessene til medlemmane. Men vi stiller ikkje ultimatum eller krev nye avtalar.

Når krisa inntreff, har me alle eit ynskje om at politiet som for eksempel ambulanse- og helsepersonell, skal kasta seg inn i redningsarbeidet utan tanke på eigne interesser.

Det var akkurat det som skjedde:

Politifolk frå heile landet sto i kø for å stilla opp. Dei avbraut ferie, kasta det dei hadde i henda og forlot familien som var igjen på dei ulike ferieplassane.

Ingen tenkte på godtgjersle eller reglar når situasjonen oppsto eller pågikk.

Politiets Fellesforbund er klår over at ikkje alt gjekk som det burde 22. juli, og som andre må politiet rekne med ytterlegare kritikk når 22. juli-kommisjonen legg fram rapporten sin.

Men det er av avgjerande betyding at kritikken er korrekt, og at faktum er på plass. Difor synest me det er forstemmande at Raymond Johansen uttalar seg som han gjer til Aftenposten fredag 29. juni – og som fleire media seinare føl opp.

Me gjev han likevel rett på eit punkt: når reglane er såpass uklare at dei må tolkast, bør dei gjennomgåast på nytt.

Powered by Labrador CMS