Uroa over nedbemanninga av politiet i distrikta

Politimeistaren i Sogn og Fjordane vil løyse rekrutteringsproblem med sentralisering og færre lensmenn. Samstundes seier fylkesleiaren i Politiets fellesforbund at problemet ikkje er rekruttering, men mangel på ressursar til å opprette fleire stillingar.

Publisert Sist oppdatert

Politibemanninga i fylket er langt unna den nasjonale målsetjinga om 2 politifolk pr. 1000 innbyggjarar innan 2020; i juni 2011 var dekninga i Sogn og Fjordane 1,14.

Også på Stortinget står sentraliseringsiveren sterkt. Færre politidistrikt og meir effektiv bruk av ressursane er signala vi får derifrå.

I Høyanger vaktdistrikt – kommunane Balestrand, Hyllestad og Høyanger - har ein i dag for lite ressursar til å få til ei tilfredsstilande vakt- og beredskapsordning. Samstundes er Balestrand utan eigen lensmann og er inntil vidare underlagt lensmannen i Høyanger.

Det er ikkje likegyldig for kommunane korleis politiet i fylket organiserer seg og kva ressursar dei har til rådvelde. I den enkelte kommunen spelar politiet ei viktig rolle i høve:

  • Beredskap
  • Førebyggjande arbeid
  • Tryggleiken og servicen til innbyggjarane våre

Med signala om ei ytterlegare sentralisering i fylket vil responstida i høve ulukker, beredskap og kriminalitet bli uakseptabel i distrikta.

Som ordførarar kan vi ikkje akseptere ei sentralisering av polititenestene i fylket; ei nedbemanning som først og fremst vil råke distrikta og småkommunar som Balestrand og Hyllestad.

For å motverke sentraliseringstendensen og for å sikre meir ressursar til fylket, må vi no rette blikket mot dei sentrale styresmaktene – Stortinget, regjeringa, departementet og politidirektoratet..

Ordførarane i Balestrand, Hyllestad og Høyanger utfordrar med dette kommunane i fylket - gjennom regionråda - til å samle seg og ta denne saka opp i si fulle breidde overfor sentrale styresmakter. Det vil i tillegg vere naturleg å alliere seg med fylkeskommunen i dette arbeidet.

Powered by Labrador CMS