Synspunkt frå ei som har delt livet med ein politi i over 30 år

Publisert Sist oppdatert

Det blir fokusert i media på politiet sin kvardag, det er vel og bra, for oppmerksomheit skal dei ha. Dei gjer ein jobb dei kan vera stolte av. Men kvifor må det alltid bli slik, at man må gå over lik, for å finna ein syndebukk?

Dei siste åra har vore tunge å bære, mykje tøffe tak «gudbere».

Brann ganger to i Gudvangatunellen, bussdrap, og Lærdal som brann,

dei sprang med bøtter og spann.

Men kva hendte så? Jo ein brannmann utanfrå hadde gode råd.

Hadde han fått styre,

hadde ikkje skadene blitt så dyre.

Men det svert få i slike situasjonar tenkjer på,

er at heime sit nokon frustrerte og,

me kunne nok tenkt oss ei orientering å få,

då hadde me kunna slappa av litt å.

De reiser bevepna på oppdrag, me sit heime og tenkjer med rett

blir dei skutt på, skyt dei sjølve, blir det SEFO-sak av dette?

Så sit me då oppe til langt på natt,

skal tru kor tid han kjem heimatt?

Skal han ha mat?

Er han trist?

Treng han prate?

Kanskje hjelper det at han ser eg bryr meg,

at det då blir lettare å få sove når han legg seg?

Har vore med i utviklinga i politiet frå 1984.

Det er mangt og mykje ein ikkje kan styre.

Den gang det var helgavakt og resten var det stille.

Skjedde det noko midt i veka,

ringde dei til dei som dei viste ville stilla.

No skal det større områder bli,

lurer på korleis dei då skal bruka kortare tid?

det kan da ingen forventa,

at alle skal stressa og køyra som galne,

og i tillegg berre skitord å henta.

Ja dette var litt frustrasjon frå meg,

kanskje det vekte nokre tankar hjå deg?

Eg vil ikkje nokon laste, men få fleire folk på plass,

så dei blir fleire om å trekka eit lass.

Powered by Labrador CMS