Sleivspark?

Forbundsleiar Arne Johannessen fekk i førre nummer av Politiforum kritikk for at han har teke opp den manglande oppfølginga fagforeininga opplever at mange politifolk får frå arbeidsgjevar når dei hamnar i rettssalen i samband med jobben som politi.

Publisert Sist oppdatert

Johannessen brukte ei sak frå Telemark politidistrikt som døme på slike saker.

Me legg merke til at distriktet sjølv meiner det har gjort ein god innsats på personalsida i den omtalte saka. Det er bra. Politiets Fellesforbund er likevel mest oppteke av i kva for grad den einskilde politimann/-kvinne sjølv oppfattar at dei har fått god nok oppfølging. Me har forstått at arbeidsgjevar stilte opp først etter at tillitsvalde, som var til stades i retten, etterlyste representantar frå arbeidsgjevar første dagen av saka.

Eg står ved kritikken eg ga i Politiforum mot arbeidsgjevarar. Både i denne konkrete saka og i mange tilsvarande saker kjem dei for seint og i for liten grad på bana. Politiets Fellesforbund får mange signal om at arbeidsgjevar generelt for dårleg til å følgja opp, ikkje minst når saka hamnar i retten.

Men heldigvis er det også gode saker på dette området.

Powered by Labrador CMS