– Det er respektlaust å snakka om «hjemmealenefest» i politiet. Dette er ein sterk nedvurdering av den sterke økonomistyringa og knallharde prioriteringa som leiarar gjer kvar dag for å få hjula til å gå rundt, skriver Arne Johannessen.

– Skuffande frå politidirektøren

Politidirektøren snakker om «hjemmealenefest» - det får Arne Johannessen til å reagere.

Publisert Sist oppdatert

Dagbladet har hatt fokus på politibudsjett og utfordringar med styring/leiing av politiet. Den 10. juli var det eit stort oppslag med Lundteigen frå Senterpartiet som vil legga ned Politidirektoratet.

Saka vert kommentert med ulike innfalsvinklar frå politidirektøren, men når han skal kommentera pengebruken til POD går han langt over streken.

«Det kan ikke være hjemmealenefest der ute. Før vi får folk ut på gata og inn i etterforskningsgrupper, gjør vi noe for å styre dette bedre», seier politidirektøren til Dagbladet.

Ein av kjerneverdiane til politiet er – RESPEKT. Uttalen til politidirektøren bryt med denne kjerneverdien. Det er respektlaust å snakka om «hjemmealenefest» i politiet. Dette er ein sterk nedvurdering av den sterke økonomistyringa og knallharde prioriteringa som leiarar gjer kvar dag for å få hjula til å gå rundt.

Me skal jobba med endring av kultur og ha fokus på leiing og gode verdiar, då er dette eit dårleg bidrag frå politidirektøren. Dersom dette representerar hans syn på dei som kvar dag tek den tøffe jobben ute i distrikta, er det skuffande.

Ein kunne sjølvsagt tenkja at dette var eit feilsitat, men eg har diverre høyrt politidirektøren sei akkurat det same som gjest på landsmøte til Politiets Fellesforbund. Endå verre vert det når han gjentek sånne respektlause uttalar.

Assisterande politidirektør Refvik vert også utfordra på pengebruken i POD den 9.juli i Dagbladet.

Han vert utfordra på om det er korrekt at «politidirektøren brukar eller holder tilbake penger som er tiltenkt politidistriktene». Refvik svarar, Politidirektoratet har også høyere driftskostnader enn tidlegere, særlig på grunn av økt bemanning. Dette har vært helt nødvendig for at Politidirektoratet skal kunne løse sine oppgaver på en tilfredsstillende måte».

Ja det er også ein måte å sjå verda på. Mange politidistrikt og regionar kunne ha nytta same argument. Me treng meir pengar for å løysa dei oppgåvene lokalsamfunnet forventar av oss. Men me har ingen pengesekk å ta ifrå. Me må halda oss til den ramma me får. POD har hatt ein ekstrem bemanningsvekst og lønsvekst dei siste tre åra, samstundes som pengebruken til konsulentar har auka.

Det kan vera mange gode argument for denne veksten, men den vert uråd å forsvara når mange distrikt ikkje har pengar til nye politibilar eller å prioritera vaktberedskap som har første prioritet. Mange distrikt går på sparebluss, medan Politidirektoratet køyrer på fyrste klasse. Det svekkar Politidirektoratet sin legitimitet, det ser me også utslag av i Lundteigen sitt framlegg om å legga ned direktoratet.

Då passar det svært dårleg med flåsete og respektlause kommentarar som «hjemmealene fester» frå politidirektøren.

Powered by Labrador CMS