Kvifor er fylkespolitidistrikt det beste?

Det er med undring ein kan lesa at i politianalysen NOU 2013-9 har fylkesmodellen fått ein svært lite grundig analyse.

Publisert Sist oppdatert

Den har fått to sider av totalt 259. Det er ingen drøfting av politiet sin samhandling med andre viktige aktørar som jobbar med beredskap.

Det er ein gjennomgåande stor svakheit i heile dokumentet. Nesten ingen fokus på politiet sitt samfunnsoppdrag, samfunnsrolla og samhandlinga med andre offentlege instansar og frivillige lag og organisasjonar. Etter vurderingar over to sider kjem den «overraskande» konklusjonen:

«Fylkesmodellen vil ikke gi robuste politidistrikter, og den vil ikke legge til rette for en god styring og ledelse av politi- og lensmannsetaten».

I 22. juli-kommisjonen sin rapport var det mykje fokus på samhandling mellom alle beredskapsetatane. Det var klare føringar på at det måtte betrast for å stå betre rusta for store tragediar i framtida. Når det skjer store og små naturhendingar, alvorleg kriminalitet, katastrofar eller terror mot samfunnet, er det ein rekke etatar og aktørar som har ansvar og oppgåver. Det er eit stort paradoks at alle etatane har ulik organisering. Brann og redning har 20 alarmsentralar, Sivilforsvaret har 20 distrikt,

Heimevernet har 11 distrikt, politiet har 27 distrikt, fylkesmannen med sin beredskapsavdeling har 19 distrikt.

Ein ser raskt at dersom ein skal byggja ein felles distriktsstruktur, er det naturleg at det vert fylkesmodellen, det betyr også mindre organisatoriske endringar enn det som ligg i politianalysen. Alle som har jobba med beredskap og samhandling veit at nærleik, personleg kjennskap, kunnskap om andre etatar, felles øvingar, felles planar m.m. er avgjerande for å lukkast når det er alvor.

Skal ein ta erfaringane frå 22. juli og kommisjonen sine vurderingar på alvor, bør ein no laga 18 fylkespolitidistrikt (dei to Agder-fylka har vore eit politidistrikt sidan «politireform 2001»).

Den same organiseringa bør ein også få til hos dei viktigaste samarbeidsaktørane på beredskap og samfunnstryggleik. Det vil også styrka det viktige beredskapsarbeidet til fylkesmannen.

Ein bør etablera felles løysingar for operasjonssentralar som fungerar for alle etatar når ein må setta felles stab. No har ein anledninga til å ta dette viktige grepet. Mange hevdar med rette at struktur ikkje er avgjerande for god samhandling og god oppgåveløysing. Men ein veit også at struktur kan vera heilt avgjerande for å moblisera alle dei gode kreftene i lag og organisasjonar som det offentlege treng i store aksjonar. Me registrerar eit VG-oppslag den 19. juni, det er ingen av partia har konkludert i høve til politistrukturen. Vårt råd er at ein no landar den saka. Gå for fylkesmodellen.

Så kan ein bruka tida framover til å byggja det viktigaste nivået, det kommunale. Lokalpolitiet sin beredskap og samhandling med lokalsamfunnet er avgjerande for tryggleiken til folk. Me har spelt inn at justisministaren bør bruka Sogn og Fjordane som ein pilot for å utvikla framtida sitt lokal politi. Dette vart også støtta av Frp sin fylkesleiar Frank Willy Djuvik. Han har sendt dette over til justisministaren. Me ventar utålmodig på eit positivt svar. Sogn og Fjordane vil passa godt til eit pilot-oppdrag for å utvikla framtida sitt lokale politi. Eit politi som har førebygging og samhandling med lokalsamfunnet som prioritet nummer ein.

Powered by Labrador CMS