Arne Johannessen, tidligere PF-leder og nå politileder i Vest politidistrikt.

Den utskjelte politireforma er betre enn sitt rykte

Ny struktur er på plass men den viktigaste jobben handlar om kvalitetsforbetring og nye arbeidsformer. For å lukkast med den store jobben må det til ein kulturendring  og politikarane må sikra rammevilkår og prioriteringar som støttar oppunder reformarbeidet.

Publisert

Politireforma har fått mykje ufortent kritikk. Det er mange utfordringar i politiet og mykje som ikkje fungerer godt nok, men det vert heilt feil å skulda alt som ikkje fungerer på politireform.

Min klare vurdering er at summen av dei seks prioriterte funksjonane gjev oss ein historisk moglegheit til å verkeleg nå målet om at det førebyggjande arbeidet skal vera hovudmodellen og ein raud tråd i alt politiet driv med.

Det er lett å fokusera på at alt var betre før, men det var det ikkje. Det kan eg med tyngde slå fast, etter å ha fylgt politiet sin utvikling sidan 1980, og i 21 år som forbundsleiar og som ein av dei sentrale aktørane i utviklinga.

Kriminalitetsbiletet har endra seg betydeleg dei siste åra og samfunnet er i stor endring. Statistisk Sentralbyrå synleggjer i nye tal ein raskare sentralisering frå bygder mot større bygdesenter og byar. I tillegg ser politiet at ungdommens kriminalitetsarena for mange er flytta frå gata til data. Gjennomsnittsungdomen er meir lovlydig og ordentleg enn på lang tid. Ny teknologi skapar stadig nye moglegheiter også for dei kriminelle. Dette utfordrar politiet sin arbeidsmetodikk.

Samanhengen mellom etterretning, systematisk kunnskapsbasert arbeid via politikontaktane inn mot politiråda og næringslivet, og inn mot politipatruljen sin målretta aktivitet, vil systematisera og forbetra det førebyggjande arbeidet.

Me har eit stort forbetringspotensiale med å nytta informasjonen frå etterforsking inn i eit førebyggjande spor for å hindra eller avgrensa liknande lovbrot i framtida.

Min klare vurdering er at summen av dei seks prioriterte funksjonane gjev oss ein historisk moglegheit

No har ein starta fleire pilotar for å sjå på ein arbeidsmetodikk med å laga førebyggjande sak i staden for straffesak. Det er fleire typar lovbrot som politiet aldri vil kunna løysa via etterforsking og påtale, men som ein i samarbeid med andre aktørar kan førebyggja og redusera konsekvensane av.

Dette er eit svært spennande og framtidsretta prosjekt. Skal ein lukkast med denne store endringa, må ein også jobba med kulturen, både innan påtale og i dei tunge etterforskingsmiljøa. Sidan ein i alle år har hatt som hovudstrategi å etterforska og i retteføra saker, er dette ein betydeleg endring.

Me har også eit stort potensiale i større grad å nytta forvaltningssporet.

Politiarbeid på staden som eg omtalar som ein «foredling av lensmannsmodellen» er også eit stort framsteg som me byrjar å sjå gode resultat av. Det er både effektivisering og forbetring av kvalitet. Publikum gjev uttrykk for tilfredsheit med «å få gjort unna» saka på staden.

Kriminalitetsbiletet har endra seg betydeleg dei siste åra. Svært stor auke i meir alvorleg kriminalitet, som seksuelle overgrep, bildedeling og mobbing via nett. Dette er ein av dei store utfordringane som set nye krav til politiet. Skal me ha tillit i ungdomsmiljøa må me jobba på ungdomen sine arena og premissar. Me ser no fleire spennande prosjekt med nettpatruljer og digitale løysingar for informasjon og kommunikasjon. Utviklinga kan bety at ein må flytta noko ressursar frå tradisjonell vakt og beredskap til meir nettpatruljering og dialog med ungdomen. Nye digitale løysingar og direkte kommunikasjon kan til ein viss grad hjelpa på den løysinga ein i dag har via 02800.

For det er også svært utfordrande at publikum og media ikkje når fram  godt nok til politiet via 02800. Denne situasjonen må finna sin løysing, for det er svært øydeleggjande for tillitstilhøve.

Uviklinga kan bety at ein må flytta noko ressursar frå tradi­sjonell vakt og bered­skap til meir nett­patrulj­ering og dialog med ungdomen

Med den store omstillingsviljen og interessa for å jobba på nye måtar med forbetra teknologi, ser eg at det er store moglegheiter å lukkast med dei seks prioriterte fokusområda. Utfordringa er at politikarane trekk inn gevinstar som ikkje er reelle og gjer store inntrekk økonomisk. Dei store pengane går til øyremerka tiltak innan beredskap og handlingsrommet ute i alle politidistrikta vert redusert.

Det er langt igjen til målet om 2 politi per 1000 i mange av politidistrikta, sjølv om eg veit at ein snakkar om eit snitt på 2 per 1000, så er det per i dag for stor skilnad på bemanninga i dei ulike distrikta. Budsjett 2019 syner på ingen måte at politikarane vil stå løpet ut med å løfta politiet inn i kvalitetsreforma og sørga for at me kan lukkast med det ein starta politisk. Det er mange gonger sagt at dette ikkje skulle vera ein sparereform, men no ser eg at me i 2019 vert «tappa» for kr 157 millionar i effektiviserings- og rammejusteringar. Av dette er 72 millionar reformrelatert.

Dersom dette budsjettet vert vedteke, vil det bety at alle politidistrikt må halde fleire ledige stillingar opne. Det er dette som er den store utfordringa

Dette går utover alt det positive som ligg i nye arbeidsmetodar og kvalitetsheving – og politireforma får skulda.

Eg er framleis optimist og har trua på at politikarane har meint alvor med å satsa på eit politi som vert rusta til nye kriminalitetsformer og eit trusselbilde som utfordrar på mange områder.

Det er naturleg at også politiet vert utfordra på effektivitet og andre måtar å jobba på, men ein må forventa at ein får tid og ressursar til å få på plass historia sin  største politireform og få den til å fungera i alle ledd før ein trekk inn forventa gevinst.

Powered by Labrador CMS