Politiinspektør og GDE-leder for Sogn og Fjordane i Vest politidistrikt, Arne Johannessen.

KRONIKK

Historia vil døma oss hardt om me ikkje klarar å nytta dette høve til å ta eit endeleg oppgjer

No er tida inne for verkeleg å ta eit oppgjer og setta temaet på dagsorden. Tida for bortforklaringar er over.

Publisert Sist oppdatert

Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.

Eg har med interesse følgt debatten på sosiale media og internt i politiet i etterkant av politidirektøren sin klare melding om metoo og mobbesaker, basert på forskingsresultat. Det har vore fleire debattar i debatten.

Mange utsegn i retning av at dette kjenner me oss ikkje igjen i, dette må vera gamle saker for sånn er det ikkje i dag, her hos oss er ikkje dette eit problem…

Det har vore mykje fokus på ordbruken til politidirektøren og omtalen av den «spesielle torsdagen». Mange har fokusert på at utsegna til politidirektøren har stigmatisert ein heil etat og gjort kvardagen vanskelegare for dei operative. Dette kan vera ein spennande debatt, og eg har forståing for at dei operative som står i ein svært krevjande kvardag opplever dette som belastande og ein tilleggsutfordring.

Ein kan også stille kritiske spørsmål ved kvifor politidirektøren nytta begrepet om den «spesielle torsdagen». Mange, både leiarar og tillitsvalte, lurer også på kvifor ikkje POD hadde tid til å involvera/informera linja i etaten før dette kom i media.

Alt dette er interessant og viktig, men korleis vert dette fokuset opplevd av våre kollegar, kvinner og menn, som set med sterke opplevingar etter seksuelle overgrep, seksuelle handlingar og krenkande handlingar og ord frå leiarar eller kollegar? Inviterar dette til at fleire skal informera om sine opplevingar?

Er dette signal om at etaten er klar for å ta problemet på alvor og lytta til dei som har dei negative opplevingane?

Når mange seier at «sånn er det ikkje hos oss» eller «dette har eg aldri høyrt om», kan det vera ein kollega av deg som nettopp har opplevd dette, men aldri teke det opp i frykt for kva leiarar og kollegar vil møta informasjonen med. Både i bortforklaringar eller handling.

Som forbundsleiar i 21 år har eg dessverre måtta bistå i fleire alvorlege hendingar, både overgrep og andre krenkande hendingar. Fleire har absolutt ikkje villa ta dette opp med leiinga, i frykt for kva konsekvensar dette ville få på sikt for arbeidsmiljøet og karriere.

Som forbundsleiar i 21 år har eg dessverre måtta bistå i fleire alvorlege hendingar, både overgrep og andre krenkande hendingar. Fleire har absolutt ikkje villa ta dette opp med leiinga, i frykt for kva konsekvensar dette ville få på sikt for arbeidsmiljøet og karriere. Særleg har det gjort inntrykk når det handlar om leiarar som utnyttar sin rolle og posisjon. Etaten har absolutt sett tema på dagsorden før også, men ikkje med nok krav og tyngde bak.

Samfunnet har endra seg sidan 1980- og 1990-talet, og ting som vart akseptert og som kvinner og menn fant seg i på den tida, vert ikkje akseptert i dag. Alle yrkesgrupper vert innhenta av fortida, og skandalar vert rulla opp.

Men me må ikkje møta nye hendingar med at det var verre før, og at då fant ein seg i verre ting.

No er tida inne for verkeleg å ta eit oppgjer og setta tema på dagsorden. Tida for bortforklaringar er definitivt over.

Det er ubehageleg å stå i det. Eg likar heller ikkje å verta identifisert med ein kultur som ligg milevis under det eg står for og mine grunnleggande verdiar. Men me må kollektivt stå i dette i solidaritet med dei kvinner og menn som har opplevingar dei no er klar for å fortelja om.

Me må syna med handling som leiarar og kollegar at me inviterar til openheit og er klar for handling.

Det er ikkje mediefokuset eller politidirektøren sitt fokus eller ordval som øydelegg kollektivt for oss. Nei, det er dei forferdeleg dårlege kollegane våre som ikkje forstår rolla si eller har nok folkeskikk eller etisk standard til å vera politi, som øydelegg for oss.

Det er ikkje mediefokuset eller politidirektøren sitt fokus eller ordval som øydelegg kollektivt for oss. Nei, det er dei forferdeleg dårlege kollegane våre som ikkje forstår rolla si eller har nok folkeskikk eller etisk standard til å vera politi, som øydelegg for oss.

Så all honnør til politidirektøren og PF-leiaren som sette standarden for det vidare arbeidet. Me vil no få oppdatert kunnskap etter ein ny medarbeidarundersøking, det ser eg fram til. Og i mellomtida må me alle setta tema på dagsorden.

Start med å tenka igjennom lunsjprat, samtalar og sjargong i politibilen, på skytebana og julebordet, og ver modig nok til å sei ifrå når du ser og opplever krenkande ordbruk eller handlingar.

Me som leiarar på alle nivå må setta standarden i ord og handling, her må også vernetenesta og organisasjonane ta sitt ansvar.

Historia vil døma oss hardt om me ikkje klarar å nytta dette høve til å ta eit endeleg oppgjer med haldningar og kultur som det store fleirtalet i denne flotte etaten ikkje er ein del av.

I mellomtida kan me også gleda oss over at me jobbar i den offentlege etaten som folket i Noreg har størst tillit til. 77 prosent har stor eller ganske stor tillit til oss. Det er historia sitt beste resultat, 4 prosent betre enn det nest beste.

Politiet har stått i tøffe stormar og tak før, som også har vore ein ekstrabelastning for våre kollegar som møter publikum dagleg. Erfaringa syner at ting går nokså fort over. Det heng naturlegvis saman med den store tilliten me som politi nyt i samfunnet.

Denne posisjonen kan me forsterka ved å syna at me også er den beste etaten til å handtera våre eigne interne utfordringar, som metoo. Det motsette er alvorleg.

Det er politiet som er garantisten for at offer for overgrep og krenkingar skal oppleva at dei vert teke på alvor og får den hjelpa dei fortenar. Då må me først rydda i eige hus.

Powered by Labrador CMS