POLITIHUMOR:

Doktor eller politi - eller begge deler?

«Eg må erkjenne at vi skvatt godt då. Og eg måtte innsjå at eg hadde utstedt dødsattesten over nett i Oslo litt vel kjapt.»

Publisert

Ein heilt vanlig kvardag på Grønland politistasjon. Fox-20 ruller rundt i Oslos gater. 01 sender oss på velferdssjekk på Kampen. Heimetenesta hadde ikkje oppnådd kontakt med mannen som budde der på fleire dagar, og hadde oppsøkt adressa og forsøkt å ringe, utan å få kontakt.

Vi køyrde til staden, tok oss inn i oppgangen, lokaliserte døra, banka på og gjorde oss til kjenne som seg høyr og bør: «Hallo? Det er politiet, går det bra med deg?».

Det var ingen respons, og heilt stille. Vi forsøkte ei stund. Banka på hardare og hardare. Fortsett ingen respons. Det lukta litt merkeleg i oppgangen, og eit snev av «verstefallsteori» streifa oss.

Vi ba om bistand frå OBRE. Dei kom mannsterke med 4-5 mann, hydraulisk pumpe og alskens fancy utstyr. Dei satt i gang med brekkjern og hydraulisk pumpe på døra. Vi burde hatt høyrselsvern og anna verneutstyr med tanke på støyen det blei, og alle tenkte nok at enten så er det ingen i leilegheita, eller så er vedkommande stein daude.

Etter hard, intens og veldig støyande innsats frå OBRE, måtte dei kaste inn handkleet, og vi måtte rekvirere låsesmed. Så då stod vi der; Fox-20, 4-5 brannfolk og ein låsesmed. Låsesmeden brukte litt tid på å borre ut låsen, men til slutt fekk han opp døra.

Vi var mentalt innstilt på to versjonar på innsida av døra: Eit lik eller ingen til stede.

Lukta og synet slo mot oss då døra gjekk opp. Det var stille som i graven. Det lukta innestengt og klam liklukt, og forventninga om eit likfunn steig i takt med framrykkinga blant tusenvis av tomme spritflasker og ølboksar. Doen var bek svart, kjøkkenet var nedstøva og forlatt utan noko særleg innhald, og heile stuegolvet var dekka av tomgods. Vi gjorde oss til kjenne. Det var ikkje ein lyd. I siste rommet dukka det opp ein naken mann iført ei åpa Hawaii-skjorte. Han låg på rygg, delvis bak ei dør og med underkroppen under ein divan. Augne var lukka og munnen halvopen. Han var i tillegg likbleik, og framsto openbart død for meg.

Eg meldte raskt tilbake til 01: «Vi er inne i leilegheita, og mannen er død».

Makker tok på hanskar og tenkte å sjekke puls og pust. I det vi begge stod bøygd over vedkommande slo mannen opp augne og ropte «HALLO!» høgt og tydeleg. Eg må erkjenne at vi skvatt godt då. Og eg måtte innsjå at eg hadde utstedt dødsattesten over nett i Oslo litt vel kjapt.

Eg måtte melde på nytt til 0: «No vakna mannen plutseleg til live, gitt. Han sto opp frå dei døde. Trur vi treng ambulanse til adressa, gitt.»

Mannen ønska eit glas vatn etter pangoppvakninga. Vi fiksa det, men å drikke liggande på rygg var ikkje så lett, så halve glaset fekk eg i retur midt i fleisen i rein hosteaffekt frå «avdøde». Skikkeleg straff for tidleg dødsdom der altså.

Ambulansen kom og tok med seg Hawaiimannen, mens eg pådrog meg «rødjakka» på julebordet, og ei «doktorstilling» på divisjonen. Eg har sida avstått frå å utstede fleire dødsattestar.

Les flere innlegg fra spalten Politihumor her.

LES OGSÅ: Bråstopp på fangetransport

Powered by Labrador CMS