Politihumor
«Eit eteleg bevis»
Dette er historia om ein tyv, ein laks og ein fersk lensmannsbetjent.
Dette er en historie fra politiets hverdag. Innholdet står for forfatterens regning.
Det var etter ei kveldsvakt laurdag at den ferske lensmannsbetjenten Ruth kom kjørande over den høge brua over sundet på veg heim. Midt på brua såg ho ein mann som stod på utsida av rekkverket og såg ned i den mørke vannskorpa.
Ruth kjende øyeblikkeleg att mannen som «Tore Tyv», ein notorisk innbruddstjuv. Ho stogga bilen og tok kontakt.
Tore var trøtt av dage. Dagane inneheldt berre brekk, pågripingar, avhøyr, fengslingar og soningar uansett.
Men Ruth roa han ned, og sa at døden kom tidsnok til oss alle og at det ikkje var nokon grunn til å avslutte det korte livet akkurat i dag. Han fekk tilbod om å sitta på med henne heim, sidan dei budde i nærleik av kvarandre.
Tore fann trøyst og von i dei vene orda og sette seg inn i bilen til Ruth. I bilen snakka dei saman om alt det gode livet hadde å by på. Då dei kom fram til det gamle huset til Tore, sa han:
Du Ruth, sia du har vore so ven med meg i dag, vil eg gje deg ei gåve som takk for at du berga livet mitt.
– Du Ruth, sia du har vore so ven med meg i dag, vil eg gje deg ei gåve som takk for at du berga livet mitt.
Han gjekk ut or bilen og blei vekke ei lita stund. Deretter kom han ut med ein stor frosen laks. Bløgga og sløyd.
Ruth hadde sine kvalar mot å ta i mot denne gåva, men hadde ein familie å fø, så ho tok i mot han med takk og tenkte dette kom til å bli ein løyndom ho kun delte med Tore Tyv.
Dagen etter var det laks til middag hos heile familien til Ruth.
Måndagen kom, og med det morgonparole, kor lensmannen Einar gjekk gjennom helgas hendingar.
Og sanneleg; det hadde vore innbrot i nabohytta til Tore Tyv, og det einaste som var sakna var ein fem kilos laks som låg i frysaren. Denne hadde eigaren fanga sjølv og ville svært gjerne ha att.
Men det beviset hadde politiet ete opp.