Hvordan kom jeg hit?
Denne feilen har han lært mest av
Politidirektør Håkon Skulstad forteller om veien fra politimann til politidirektør, og hva han har lært underveis.
I denne spalten blir vi litt bedre kjent med ulike personer i politiet, og veivalgene de har tatt.
Navn: Håkon Skulstad
Alder: 63
– Hvorfor ville du bli politi og jurist?
– Planen var eigentleg å begynne på det som den gong heitte NTH i Trondheim etter vidaregåande for å ta ei sterk elektronikk interessa vidare. Men dei åra vaks det fram eit stadig sterkare samfunnsengasjement og «relasjonsorientering» i meg, sier Håkon Skulstad.
Politidirektøren forstod da at det var mennesker han ønsket å jobbe med, og ikke teknikk.
– Som politi får me jobba med menneske og bidra til eit trygt samfunn. Det var og er veldig viktig for meg, og det å utgjera ein forskjell for folk i krise motiverer. Som ung politimann (lensmannsbetjent) opplevde eg at mange av dei utfordringane folk kom til oss med, også handla om juridiske spørsmål som eg hadde lært lite om på Politiskolen. Det gjorde meg nysgjerrig på jussen og ga meg eit ønskje om å bygga ei breiare kompetanse for å kunne hjelpa folk betre.
– Hva er ditt beste minne fra studietiden?
– Det må vera friheit til å styre kvardagen, gode diskusjoner i møte med studiekollegaer med eit sterkt samfunnsengasjement. At me delte eit ønskje om å bidra med noko positivt til samfunnet. Studietida ga meg vener og kollegaer for livet, samstundes som eg fekk eit fundament som har vore viktig gjennom heile karrieren, spesielt at det er nyttig å lytte til ulike perspektiv når du skal løyse vanskelege spørsmål.
– Hva er det beste rådet du har fått?
– Husk alltid å behandle alle med respekt, alltid. Også dei som enten frivillig eller ufrivillig lever livet sitt litt på utsida av alle oss andre.
– Hvem beundrer du mest i politiet og hvorfor?
– Eg har stor respekt for medarbeidarane som kvar dag, år etter år står i førstelinja og møter menneske i sårbare og krevjande situasjonar. Dei representerer politiet på sitt beste gjennom profesjonalitet, mot og omtanke.
– Både for innbyggjarane og for kvarandre. Her ønskjer eg også å nemne ei anna yrkesgruppe, dei som tek i mot personar til avrusing, korleis dei på ein fantastisk måte behandler menneske med respekt og verdigheit i ein svært sårbar situasjon.
– Hvilken feil har du lært mest av?
– At eg ein gong behandla ein person som på alle måtar streva i livet sitt på ein måte som han opplevde som ikkje respektfull. Han lærte meg at alle menneske, uansett om dei har falle utanfor alt, så har dei krav på verta behandla med verdigheit.
– Hvorfor ble du politidirektør?
– Eg var sterkt motivert til å leia etaten vidare i ei tid med rivande utvikling, både teknologisk, sikkerheitspolitisk og kriminalitetsmessig. Det har også vore spesielt motiverande å merke at mange i etaten ønskjer sterkt å bidra til å ta polititenestene eit steg vidare.
– Politiet står overfor store endringar som er heilt nødvendige for at me skal kunne løysa samfunnsoppdraget også i framtida. Eg ønskte å bidra til at me utviklar oss, samtidig som me tek vare på det som har gitt oss høg tillit i befolkninga.
– Hvis du var justisminister for en dag – hva ville du gjort?
– Etter eit langt yrkesliv i justissektoren veit eg at det er ikkje noko som heiter «quick fix» på komplekse problem og at det både som politikar og som leder kun å gjera ein ting er vanskeleg, men akkurat no ville eg prioritert å styrka politiet for å få til ei heilheitleg digitalisering av politiet. Det vil i praksis styrke politiets emne til å levere endå betre på samfunnsoppdraget.
– Dersom du kunne gått tilbake i tid: hva ville du sagt til deg selv da du var 20 år gammel?
– Gå for det du brenn for, det som gjer deg energi, både i jobb og på fritida. Det har eg gjort, og derfor har eg levd yrkeslivet mitt i politiet, og har hatt og har veldig spennande dagar – og det smitter over på det private 😊