Takk for laget

For 14 år sidan, om lag på denne tida av året, blei planane for å etablere ein ny hovudorganisasjon finpussa. Unio såg dagens lys 10. desember 2001.

Publisert Sist oppdatert

Eg fekk oppgåva med å leie nyskapningen. Med i bagasjen var fleire år som forbundsleiar, og erfaring med å slå saman og å bygge organisasjonar.

Det forbundet eg kjende minst frå før, var Politiets Fellesforbund (PF), som nyleg hadde vore gjennom ein fusjon. Eg var difor spent på korleis dei tillitsvalde ville ta imot ein «framand». Eg skjønte godt at førstegongsteneste i militærpolitiet for vel 30 år sidan ikkje var noko særleg å slå i bordet med.

Men eg kunne fagforeiningsspråket. Det var eit godt verktøy då dåverande PF-leiar Arne Johannessen introduserte meg første gongen for ei stor samling PF-tillitsvalde. Eg likte godt den direkte talen eg blei møtt med, dei krevjande spørsmåla og ein debattkultur der det var høgt under taket. Slik har eg opplevd det i ettertid også, med stadig nye tillitsvalde, både på forbundskontoret og ute i organisasjonen. Med Arne Johannessen som leiar i mange år, og no den siste tida med Sigve Bolstad.

Men PF-folk kan tale tydeleg også når dei er stille. Etter eit tariffoppgjer i kjølvatnet av finanskrisa var det ekstra misnøye. Arne Johannessen bad meg kome å forklare kvifor det ikkje hadde vore meir å hente. Eg meiner sjølv eg gjorde ein god innsats frå talarstolen. Eg venta ikkje ovasjonar, men i det minste den vanlege avrundingsapplausen: Det var stille som i grava. Og blikk så triste som i ei gravferd. Eitt minutts stille. Før det blei ropt pause. Og kjapt var smil og klapp på skuldra tilbake: «Vi skulle berre seie tydeleg frå!»

Politiet har ei svært viktig samfunnsrolle. Difor blir det også lett debatt om politiet, og politistoff er heitt stoff i media. Kva PF meiner og gjer, er også viktig. Både med tanke på tryggleik for publikum og for tryggleik til eigne medlemmer. Eg vedgår gjerne at eg i det stille «heia» på nei-sida i bevæpningsdebatten under landsmøtet 2012 i Molde. Men eg forstår at våpenet kan bli opplevd som eit tryggingstiltak, og eg er redd væpning er kome for å bli i ei eller anna form. Men det finst rikeleg med andre, og vel så viktige fagforeiningssaker å jobbe med framover.

Kunnskap, kompetanse og ressursar er gjengangarar i politidebatten. Og eg kan legge til politireformer, og sentraliseringsforslag som blir kalla «nærpoliti». Desse kjem nok til å stå høgt på dagsordenen også i tida som kjem.

Lukke til, takk for å ha fått låne denne spalta, og takk for laget.

Powered by Labrador CMS