Privat eller offentleg?

Dei siste åra har veksten i den private tryggingsindustrien vore langt kraftigare enn veksten i politibudsjetta.

Publisert Sist oppdatert

Det er no fleire vektarar enn politifolk her til lands. Det er i aukande grad vektarar vi som publikum ser og møter, særleg i storbyane. Dette gir grunn til å spørje: Kvifor er private tryggingstiltak viktigare enn offentlege? Kvifor er ting viktigare enn folk?

Det er neppe enkle svar på slike spørsmål. Men det blir ofte sagt at dersom ein vil finne ut korleis makta ter seg må ein følgje i fotefara til pengane. Vektarbransjen trengst, og har ein jobb å gjere. Men eg vil ikkje ha vektarar i staden for politi.

Og eg vil ikkje ha ei vektarbransje som får stadig fleire oppgåver fordi politiet må vike. Medan hovudspørsmåla i politi- og lensmannsetaten er omorganisering, effektivisering og innsparing, drøftar tryggingsindustrien korleis den skal ekspandere og tene meir. I aukande grad ser vi at denne bransjen blir retta mot å verne folk og samfunnsverdiar. Kor langt skal denne utviklinga gå før det blir ropt varsku og stopp?

Dette handlar ikkje berre om politiet. Det handlar om samfunn, økonomi og politikk i stort. I fjor var det dobbelt så høg vekst i det private forbruket som i det offentlege. Slik, og endå skeivare, har det vore i lang tid. Berre sjå på den bygningsstandarden vi tilbyr tilsette og publikum i det offentlege kontra standarden på dei palassa der pengeflyttane er plasserte.

I desember handla nordmenn for ca 45 milliardar kroner. Om lag 15 milliardar gjekk til sjølve julehandelen. På denne tida er det private forbruket ekstra stort. I mange tilfelle kan vi snakke om luksus - ofte skadeleg luksus.

Medan veksten på heile justisdepartementet sitt budsjett frå 2007 til 2008 er på knappe 2 milliardar, handla vi i desember for meir enn 20 gonger denne summen. Berre den siste helga før jul handla vi for 5,6 milliardar, medan heile budsjettet for politiet og påtalemakta er på litt over 9 milliardar.

For tida er det godt med pengar her til lands. Men korleis blir dei brukte? Avstanden mellom privat rikdom og offentleg armod må vel etter kvart også bli eit problem for dei som sit med den politiske makta?

Powered by Labrador CMS