Offensiv tillit

Landsmøtet i Politiets Fellesforbund er vel i hamn.

Publisert Sist oppdatert

Frå min ståstad vil eg oppsummere det som ein spennande ogoffensiv politisk verkstad. Delegatane la an ein offensiv og skarp tone, og vi fekk høyre mange velformulerte innlegg.

Til tider kom det både sjølvironi og (sjølv)kritikk fråtalarstolen. Bodskapen var klinkande klar; lønnskamp og ressurskamp - kamp for polititenester av topp kvalitet.

Delegataneer tillitsvalde. Tillit er eit kjerneelement for eit landsmøte. PF bruktedessutan landsmøtearenaen til å drøfte tillitsforholdet mellom etaten og publikum. Eksterne aktørar, velkjende frå denoffentlege debatten, var henta inn til å gi sine vurderingar. Desse kom medbåde ros og ris, og velkjende «politikritiske» saker blei brukte somillustrasjon på at tillit er noko ein har til låns.

Tillit må forvaltasttrygt. Trygg forvalting handlar om kunnskap, etikk og sjølvjustis. Det er godinvestering og trygg forvalting at organisasjonen sjølv set debatten om tillithøgt på dagsordenen. Og det er bra at ein vågar det kritiske og detsjølvkritiske blikket.

Pågjestebenken blei det også lagt merke til at ein av PF-studentane debuterte påtalarstolen med å tale varmt for mangfald i politiet og samfunnet, ogetterlyste klarare haldningar i så måte frå kollegaer. Til kraftig applaus.

Fleire forhold kan rokke ved framtidig tillit. Den størsterisikoen ligg i at ein tar tillit for gitt og gløymer at den må vedlikehaldast.Eit anna kritisk forhold er at knappe ressursar skal rokke ved folks tiltru tilat politiet kan fylle oppgåvene sine.

Difor erressurskampen også eit forsvar for den samfunnskontrakten som må finnast mellomeit sivilt politi, styresmaktene og folket.

Politiet har stor tillit blant folk. Det viser seg gong pågong. Dessutan - den vilje og evne Politiets Fellesforbund viser til å drøftetillitsforhold er god bagasje både i kampen for ressursar og i lønnskampen.Lønnsdebatten viste både harme og styrke. Med god grunn.

Ein offensiv og fair lønnskamp vil verken skade tilliten tilpolitiet eller til forbundet. Ein tøff og ryddig lønnskamp frå Unio vil også styrke felleskapet. Men framforalt trengst gode resultat.

Powered by Labrador CMS