Lønsfest eller ikkje?

Mellomoppgjeret nermar seg.

Publisert Sist oppdatert

Mellomoppgjeret nermar seg, det er som ordet syner eitoppgjer mellom to hovedtariff­oppgjer, men det vert eit viktig mellomoppgjer.

Media har skrive om lønsfest fleire månadar før oppgjeret eri gang, andre har forsøkt å «avlysa lønsfesten» før den har starta.

Ulike byrå og institusjonar spår om lønsveksten (StatistiskSentralbyrå, Finansdepartementet og Noregs Bank), det er stort sprik iekspertane sine spådomar, dei ligg frå ein årslønsvekst på 4,5 prosent til godtopp på 5 talet.
Kva som vert resultatet veit me etter 1.5. når partane erferdige å forhandla.

Det er ein utfordrande situasjon inn i forhandlingane, einser at det vert stadig tøffare kamp om arbeidskrafta, men Staten somarbeidsgjevar har vanskeleg for å innsjå at ein må sjå på rekrutterings­problemi eit langt perspektiv. Staten stårutruleg nok fast ved at dei ikkje har rekrutteringsproblem, bortsett frå ieinskilde geografiske områder og sektorar.
Privat sektor har for lenge sida merka kampen omarbeidskraft, og har innsett at lønspolitikk er eit av fleire viktigeverkemiddel for å rekruttera nye med­arbeidarar og halda på den kompetanse deihar investert mykje i.

PF og Unio har ein klar målsetting om «å sjå 5 talet» imellomoppgjeret, det er ambisiøst men nødvendig. I Staten har ein utfordringari høve til kva som vert disponibel ramme, for overhenget og lønsglidninga (somdet heiter på fagspråket) er over 3 prosent, på eit folkeleg språk betyr det atdet vert trekt frå total ramma før me skal fordela pengane på dei ulikeelementa (generelt tillegg, justerings­forhandlingar og lokale forhandlingar).For PF og Unio Stat er det viktig å vidareføra ein profil med kombinasjonenkrone/prosent på det generelle tillegget, og få pengar både tiljusteringsforhandlingar og til lokale forhandlingar.

Våre medlemmar har svært lyst på å få ta del i lønsfestensom mange i privat sektor har opplevd. Difor vil me ikkje vera med å «snakkaned totalramma», tvert om både eg som forhandlingsleiar i Unio stat og Anders Folkestad somUnio leiar har vore tydelege på at vår ambisjon er 5 talet.
I tillegg til det som skjer i mellom­oppgjeret harforbundsstyret i PF starta eit offensivt arbeid for å sjå på løns­messigutteljing for risiko/belastning som mange av våre medlemmer må leva med iyrkesrolla. Dette arbeidet vil få høg prioritet hos PF både lokalt og sentralt,me vil arbeida for å få forskingsbasert kunnskap som grunnlag for arbeidet. Iden første fasa i dette arbeidet vert det også viktig å konkre­tisera kvagrupper ein snakkar om, kva nivå ein skal ha som utgangspunkt for eitrisiko/belastningstillegg og ikkje minst få ein forankring i medlemsmassa.

Eg forventar at alle som er opptekne av at politiet skalvære godt rusta til kampen om arbeidskraft i framtida, vert på­drivarar for einoffensiv lønskamp i politiet dei neste åra. Det gjeld politi­arbeidsgjevararsentralt og lokal, og ikkje minst alle politikarar som er opptekne av eit godtpoliti.
Ambisiøse politikarar i høve til utstyr, bemanning ogdriftsmidlar er mangelvare i Noreg. Det vart nok ein gong synleggjort i sisteutgave av Politiforum i intervjuet medHøgre leiar Erna Solberg. Ho synleggjerat Høgre vil satsa meir påpolitiet, det gjentek ho i eit intervju med NTB/BergensTidende 4. mars. Men eg vert litt overraska nå ho i Politiforum seier «jeg troringen politiker klarer å nå PF-leder Arne Johannessens mål for politiet».
Kvifor klarar svenske politikarar både i posisjon og iopposisjon å tilpassa ressurssituasjonen, utdanninga av politi og innkjøp avutstyr langt betre enn i Noreg? Stadig opplever me politikarar i posisjon ogopposisjon som har ein kriminalpolitikk som er heilt fjern frå det ein kanstilla opp med på ressurssida. Er det på tide å kalibrera forventningane tilressursane eller å ta eit krafttak i høve til ressursar?

Powered by Labrador CMS