Arkivfoto

Krevjande reformarbeid i politiet

Reformarbeidet har for lite lokalt handlingsrom. Denne utviklinga vil truleg føra til at det vert endå mindre interessant å vera leiar.

Publisert Sist oppdatert

Reformarbeid er alltid krevjande. Justisministeren er bekymra for at navnevalet «nærpolitireform» skapar unødig problem for han og POD. Difi sin evaluering syner at dei tilsette og leiarane har andre bekymringar, det kjem også godt fram i Politiforum sin spørjegransking.

Eg har aldri nytta namnet «nærpolitireform», og brukar konsekvent «politireform». Dersom me går tilbake til grunnlaget for reformarbeidet, Røksund-utvalet sin rapport, så hadde ein ikkje fokus på «nærpolitireform». Fokuset var profesjonalisering, effektivisering, rusta seg til «nye» kriminalitetsutfordringar, digitalisering og sentralisering. Mykje av det er rett fokus og heilt nødvendig for å møta dagens utfordringar.

Det var i Stortingshandsaminga «nærpolitireform»-begrepet kom inn. Truleg i eit desperat forsøk for å få eit samla Storting til å røysta for Stortingsmeldinga, men Senterpartiet vart ikkje «lokka med», sjølv med det forlokkande namnet «nærpolitireform».

Poenget mitt er at begrepet «nærpolitireform» er eit ord som er produsert som ein del av politisk hestehandel, men utan forankring i grunnlagsarbeidet for reformarbeidet. Ordet skapar sjølvsagt forventning hos publikum, politisk og internt, så eg forstår at justisministaren meiner at begrepet skapar utfordringar.

Mindre interessant å være leder

Eg har alltid argumentert for verdien av nærpoliti, men meir som arbeidsform enn talet på kontor. Eg er komen til den konklusjonen at politireformarbeidet har for mykje fokus på struktur i høve til innhald. Nedlegging av mange kontor kan absolutt ha ein negativ konsekvens på sikt, men det er meir bekymringsfullt at politikarane meiner at ein skal driva reformarbeidet nesten utan å få tilført «friske pengar» til omstillingsarbeidet.

Det er også bekymringsfullt at det er så liten vilje til å satsa på IKT-utvikling og digitalisering. Mange gode planar, men dette kostar pengar, og det må finansierast. Politisk er det lett å ha fokus på struktur, det kan alle forholda seg til, det er meir krevjande å fokusera på kvalitet og innhaldet i polititilbodet.

Politiet sin handlingsevne og omdøme i eit 5-10 års-perspektiv, vil ikkje vera avhengig av talet på politibygg, men vår evne til å vera tilstades i ulike miljø, evnen til å førebyggja og oppklara kriminalitet, responstid, digitalisering og ikkje minst politiet sin evne til å nytta teknologi i politiarbeidet. Alt dette heng også saman med talet på tilsatte i politiet og økonomisk handlingsrom.

Frå eit leiarperspektiv har eg mykje større bekymring i høve til det manglande økonomiske handlingsrommet og at eg har for få tilsatte, enn at ein må leggja ned nokon kontor.

Reformarbeidet har for lite lokalt handlingsrom. Det er eit mål å utvikla gode leiarar som set kultur og haldningar på dagsorden, då må ein også syna i praksis at ein stolar på leiarane med å gje fullmakter og handlingsrom. Sjølvsagt må ein ha rammer og føringar, men innanfor dei må det vera stort rom for å finna lokale løysingar ut frå lokale kriminalitetstilhøve, geografi og kultur. Dette handlingsrommet er for lite i dag.

Denne utviklinga vil truleg føra til at det vert endå mindre interessant å vera leiar. Dei fleste som vert leiarar vel det ut frå at dei likar å vera med på utviklingsarbeid, setta dagsorden og skapa resultat. Ein skal ha fokus på kultur og leiing i utviklinga av politiet, då er det viktig å få fleire modige leiarar og leiarar som tenkjer heilskap. Eg er usikker på om det vert resultatet.

Eg fryktar at me får for mange leiarar som tenkjer likt og ikkje torer å utfordra «utafor boksen». I mange år har det vore ein utfordring at ein ikkje klarar å sjå heilskapen. Svært mange dyktige fagmiljø og dyktige leiarar som kun har fokus på sitt ansvarsområde. Spørsmålet er om me ved ny organisering klarar å byggja ned «skotta mellom avdelingar og fagmiljø». Er det berre dei geografiske einingane som skal ha heilskapsfokus, eller klarar me også å få dei funksjonelle einingane til å ha heilskapsfokus?

Det overraskar meg at ein ikkje nyttar dette reformarbeidet til å skapa ein etat fullt ut. Mantraet er at me skal he eit likt politi. Då er tida inne for å slå politiet og lensmannsetaten totalt saman til eit politi. Kanskje rart at eg som tidlegare leiar i Lensmannsetatens Landslag argumenterer for dette. Men denne prosessen starta allereie i 1993 med «Josefsen-utvalet», men verken POD eller nokon Justisministar har hatt mot nok til å sluttføra prosessen.

Fjern lensmannsbegrepet

Tida er inne for å ta bort lensmannsbegrepet. Lensmannsrolla er totalt endra dei siste 10-15 åra. Ein bør kalla alt for politi, både kontora og leiarstillingar. Sjølvsagt er tida også overmoden for å innføra fullt ut felles pensjonsalder for dei som i dag jobbar på politistasjon og lensmannskontor. Dette burde vore ein sjølvsagt konsekvens av reformarbeidet.

Det er også totalt uakseptabelt at ein framleis tillèt så store skilnadar på utstyr og kvaliteten på bygningar/inventar mellom politistasjonar og lensmannskontor. For å harmonisera dette, må det takast eit ekstra løft, som sjølvsagt krev pengar.

Lensmannsmodellen har mykje godt ved seg som arbeidsform, og det må vidareførast uavhengig av om det heiter lensmannskontor eller politistasjon. Difor er det gledeleg å sjå at ein no innfører politiarbeid på staden som ein vesentleg del av reformarbeidet. Dette er eigentleg ein vidareutvikling og profesjonalisering av lensmannsmodellen. Denne arbeidsforma representerer den største endringa for politistasjonane.

Det har vore skuffande å sjå at ein både politisk og fagleg frå POD har «snakka ned» dei små lensmannskontora som ein del av retorikken for å leggja dei ned. Det har vore uverdig og heilt unødvendig. Det er svært mykje godt politiarbeid og publikumsservice som har vore og vert utført på små og store kontor. Men kravet til kvalitetssikring, profesjonalisering og sterkare fagmiljø fører til at dei små kontora ikkje har «livets rett».

Dei unge forventar også eit større fagmiljø enn tidlegare. Det er legitimt å argumentera for behovet for større einingar, men ikkje ved å snakka ned små lensmannskontor. Dei som jobbar og har jobba der fortenar stor respekt for den jobben som er lagt ned, ofte med dårlegare utstyr og under dårlegare vilkår enn sine kollegar på ein politistasjon. Ja dei må til og med jobba 3 år lenger, sjølv om mange må gå i full turnus til dei er 60 år.

Reformarbeidet må også ha sterkare fokus på verdien av tilbod innan sivil rettspleie og forvaltning. Dette er viktige servicetilbod til publikum, men det er også viktige saker i det totale «politiproduktet». Her er det også behov for å styrka fagmiljøa, men det er også viktig å finna ein god balanse mellom behovet for sterkare fagmiljø, som ofte fører til sentralisering ,og behovet for god publikumsservice og tilgjengelegheit.

Noko av det viktigaste politiet utviklar som ein del av reformarbeidet er å synleggjera kva det betyr i praksis at det førebyggjande arbeidet skal vera ein raud tråd igjennom alt me driv med. Det må få betyding i høve til sivile saker/forvaltning, etterforsking og politioperativt arbeid.

Det ligg mange gode og nye moglegheiter i reformarbeidet. Dersom ein skal lukkast må ein ha lokalt handlingsrom, mindre rapportering og byråkrati. Men ein må også ha politikarar som forstår at ein må rusta opp eit moderne politi med IKT, bilar, kunnskap og bemanning for å møta dagens og framtida sine utfordringar.

Regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen. FOTO: Ole Martin Mortvedt
Powered by Labrador CMS