IT-satsing i politiet?

Publisert Sist oppdatert

Den digitale kvardagen er liten, hendig og på nett stort sett overalt, alltid, unntatt i politiet. Det er eit tankekors at eg kan sitte nesten på Hardangervidda å få nytt frå inn- og utland, mens å oppdatere PO under ein pågåande redningsaksjon, er ein prøvelse i tolmod.

Ikkje berre er det tungvint og langsamt å vera på nett med politiet, det er også vanskeleg å få oversikt over alt me ikkje veit at me veit. Ein burde ikkje behøve fleire søk for å oversikt over detaljane rundt ein person, slik som i dag, og eg trur kriminelle til tider slepp lett unna norsk politi.

Dagens situasjon

Etter å ha klikka ein haug med knappar, har ein kanskje fått oversikt over kven som er på jobb, under føresetnad at TTA er oppdatert. Deretter skal mannskapa leitast opp og leggast ut som ressurs i PO (og ein må leite – bokstavleg talt!).

La oss sei at ein patrulje hamner på ei trafikkulykke med for eksempel minibuss mot bil. Patruljen oppdaterer sentralen, og det meste blir lagt inn i PO. Når ein så kjem inn igjen og skal skrive sak, må alle opplysningane leggast inn i BL på nytt. Om ein i tillegg har litt etterretningsopplysningar, må dette leggast inn igjen i nytt system.

Me ser på økonomi og effektivitet over alt i desse dagar, men har nokon oversikt over kor mykje kostnader ekstra det blir per mann på grunn av all dobbeltføringa?

Korleis kunne det vore?

Først og fremst bør heile tanken bak IT-systemet leggast om. I staden for mange system med eigne databasar for alt, bør ein ha fire felles databasar. Ein for person, ein for firma/organisasjon, ein for køyretøy og ein steddatabase. Dermed lagar ein knytingar mellom saka i det enkelte dataprogram, og for eksempel person.

Ved å i større grad knytte dei enkelte programma saman, vil ein også kunne bruke eitklikkshandlingar for å gå frå det eine programmet til det andre, og kunne koma direkte inn i saka. Med sentrale baser, bør det heller ikkje vera nødvendig å skilje mellom distrikt i like stor grad som i dag. Ein burde for eksempel ikkje behøve å avslutte straffesaka i eit distrikt fordi den høyrer til eit anna, og så vidare.

Vidare kan operasjonsleiar, vaktleiar eller andre, gå inn i PO og sjå direkte kven som er på jobb akkurat no, fordi det er knyting til TTA. Eller kanskje kan ein i TTA legge person på ressurs direkte?

Når patruljen så er ute, kan dei enkelt søke på køyretøy og personar, med eit hendig nettbrett eller liknande. Eventuelt ein integrert skjerm og eit laust tastatur. Uansett noko mindre og hendig enn ein berbar 15”-maskin.

Eit par klikk

Etter at ein er ferdig på nemnte ulykke, og kjem inn igjen, er det nok med eit par klikk, så er data frå PO importert til aktuell straffesak. I tillegg er det ein link mellom straffesak og oppdrag. Det same om ein treng å legge inn etterretningsopplysningar. Dermed slepp ein å søke opp oppdraget viss ein vil lese det, til dømes for jurist eller andre etterforskarar.

Dette er berre nokre av muligheitene som ligg i å bruke IT-verktøy. Men då må ein sørgje for at det enkelte program snakkar med dei andre, og har likt grensesnitt. Det fins sjølvsagt mange utfordringar knytt til dette, både økonomisk, men også lovmessig. Ein ser mellom anna at det blir reagert på at passbilete blir brukt til identifisering.

Her bør ein kunne skjera gjennom. Opplysningar gitt til politiet, uansett grunn, bør kunne nyttast av politiet så lenge formålet med bruken, er innafor oppgåvene. Det verkar søkt at ein i staden for å klikke inn på passbiletet, heller må bruke tid på å søke opp vedkommande på nettet for samanlikning.

Fordelen bør vera openbar. For vår del kan ein søke ein gong og få fram all kontakt vedkommande har hatt med politiet. For publikums del, betyr det at ein kjappare får fram kva som ligg på vedkommande, framfor at det går både vinter og vår i ventetid for det som viste seg å vera bagatellar.

Powered by Labrador CMS