– Is i magen smelter ganske raskt

Somme har antyda at politireforma er i ferd med å havarere. Men reform blir det, i alle fall når det gjeld struktur og organisering, skriver Folkestad

Publisert Sist oppdatert

Det har hagla med uromeldingar frå politidistrikt og regionar den siste tida. –Vi ser ikkje noko til pengane vi var lova, er bodskapen. Og dei har grunn til å vere forundra. Budsjettet for 2015 bar bod om at innsatsen regionalt og lokalt kunne styrkast. Men det viser seg at det også er bruk for meir pengar i Politidirektoratet. Dei trengst sikkert der også. Men så var det dette med nærpoliti då.

Statssekretær Vidar Brein-Karlsen erkjenner problema, men ber om «is i magen». Men is i magen har ein tendens til å smelte ganske raskt. Viss ikkje, er noko alvorleg på ferde.

– Vi er sikre på at tallene blir bedre, seier statssekretæren til NRK (Politiforum 4.9.).

Somme har antyda at politireforma er i ferd med å havarere. Men reform blir det, i alle fall når det gjeld struktur og organisering. Viktige vedtak er fatta. Så langt tyder det meste på at det ikkje blir ei «nærpolitireform», om nokon hadde trudd det. At det politiske fleirtalet misbruker språket på denne måten, har eg kommentert før, men det er framleis like underleg. Eg trur likevel statsråd Anundsen verkeleg ønsker å styrke norsk politi, sjølv om strategi og verkemiddel ikkje alltid heng like godt i hop.

Ingen kan bli overraska over at Politidirektoratet vil sikre seg god økonomi. Pengar er makt. Fleire oppgåver og fleire folk like eins. Politidirektøren har vel heller ikkje lagt skjul på det?

Reformtesten kjem med statsbudsjettet for 2016 i begynnelsen av oktober. Då nærmar det seg også at politireforma skal iverksettast, og det økonomiske fundamentet vil bli synleggjort.

At det er kamp om pengane i regjeringskollegiet, er det ingen grunn til å tvile på.

Dette blir forsterka av oljeprisfall, stigande arbeidsløyse og krav om tiltak på ei rekkje område. Men denne gongen kan ikkje politiet settast på vent. Då blir det ikkje berre overskrifta «nærpoliti» som buklandar.

Nyleg har statsministeren varsla ekstraløyving til politiet for å gi flyktningar og asylsøkjarar til Noreg ei verdig mottaking. Det er nødvendig. Og det er bra og det er rett av regjeringa å trappe opp innsatsen på det området. Samstundes viser det at politiet har ei nøkkelrolle for at Noreg skal kunne stille opp og gjere sitt for å yte hjelp i det flyktningdramaet som utspelar seg i Europa for tida.

Politiet har mange nøkkelroller å spele. Mange aktørar krev at politiet skal prioritere og omprioritere med tanke på sine saker. Og no har vi sanneleg fått «dyrepoliti» også!

Men når budsjettet kjem i oktober, får vi tru at det blir utan is.

Powered by Labrador CMS