Fortvila politikone

Politiyrket har vore mann min sin stolthet. Han har alltid tenkt på korleis ein kan bli betre, og ikkje minst at kollegane skal ha det bra.

Publisert Sist oppdatert

Han har vore leiar i Politiets Fellesforbund i politidistriktet. For tida er han hovudverneombod i politidistriktet. Han var tidlig ute med å fokusere på kor viktig det var å behalde lensmannskontora ute i distrikta.

Då mann min kom heim 1. oktober i fjor, fortelde han at no har han opplevd den verste dagen sin i politiet. Han var anmeldt for brot på taushetsplikten. Eg har ikkje sett mann min så fortvila nokon gong. Dagen etter var han i avhør med Spesialenheten som ikkje viste kva dei etterforska!

Krisereaksjonen kom med ein gong, sjukemeldt 3. oktober. Sidan politidistriktet er ein IA-bedrift, tok eg det som en sjølvfølgje at leiaren for kontoret ville komme på heimebesøk og ta fatt i saka og hjelpe han.

Mann min mista nattesøvnen som følgje av saken, det blei masse grubling og fortvilelse. Eg følte meg makteslaus. I haustferien hadde me planer om ein hopp på tur til syden, dei planane måtte me slå i fra oss. Etter fem dagar fikk han melding frå arbeidsgivar, meldinga starta med «Hei, unge mann» - eg vart provosert. Dette var for lettvint i ein så alvorleg sak.

23. oktober døde min mor. Næraste familie hadde ei samling i heimen rett etter dødsfallet. Då fekk mann min telefon frå regionlensmannen. Mann min sa «Det passar ikkje å snakka om dette no, svigermor døde for fire timar sidan».

Samtalen fortsett, eg såg på mann min at dette var ubehagelig. Fleire i familien reagerte på telefonsamtalen, mann min måtte heva stemmen fleire gonger. Onsdag 30.oktober sendes han med legehelikopter til Haukeland sjukehus med akutt hjerteinfarkt etter ein månad utan søvn. Fredag 1. november var det begravelse for mor mi, som vart gjennomført utan mann min ved min side.

5. november hadde Spesialenheten konkludert. Det var ikkje avdekka nokon haldepunkter på at mann min hadde brote taushetsplikten. Det heile var basert på eit rykte, og det var irritasjon og frustrasjon internt i politiet.

Ingenting er gjort for å rette opp skaden som er påført mann min, og ingen har bedt om unnskyldning for å ikkje å ha gjort jobben sin som leder, heller ingen av dei som har brakt ryktet fram til politimeisteren, har latt høre frå seg.

Sagt på godt norsk, so har dette vore heilt for jævlig. Dette kan få den einskilde til å mista trua på seg sjølv og andre menneskje. Og opp i alt dette så ynskjer ikkje leiaren mann min tilbake på vakt, for da kan det hende at han må ringe dødsbodskapet heim til meg.. Det må no vera opp til spesialistane å vurdera helsa til mann min.

Ein skal ha god stå-på vilje og god helse, skal ein overleve noko slikt som han er utsett for!

Eg vaknar om morgonane og håpar det er ein film eg har sett, men nei då! Eg håpar kvar dag på at dei som er medskyldige i ryktene og dei som kunne avverja at det som har skjedd hadde tatt kontakt og bedt om unnskyldning. No har det gått 143 dagar, ingen unnskyldning er komen. Kvifor skal me vera taparane på eit rykte? Eg har sjølv vore sjukemeldt på grunn av denne saka.

Til slutt har eg eit spørsmål: Skal det være så enkelt å gå til Spesialenheten med ei sak utan at den blir undersøkt på ein profesjonell måte, og saka viser seg å vera eit rykte? Ikkje minst at det er kollegane som gjer det mot sine eigne. Skal ei slik sak berre gløymast på grunn av at Spesialenheten ikkje fant noko på den sikta?

Kva med ryktespreiarane? Er det slike kollegaer politiet vil ha? Skal dei få fortsette utan at noko blir gjort? Kva med leiarane som unnlèt å gjere jobben, og let irritasjon og frustrasjon bli grobunn for eit rykte?

Kva med familien som blir uskyldig ramma økonomisk, og ikkje minst dei psykiske belastningane arbeidsgjever har påført ein. Korleis vil de ordna opp i det?

Eg vil til slutt vil takka kollega som har brydd seg, det varmar. Helsing ei fortvila kone.

Powered by Labrador CMS