Debatt

«Politiet er best i samfunn vi kjenner. Det er slik vi vil finna ressursane den dagen det smell.»

«Det einaste vi har lært av historien, er at vi ikkje lærer av historien» - Georg Hegel. Denne historieleksjonen er i ferd med å treffe Vest Politidistrikt og bergenspolitiet nok ein gong.

Bildet er fra politimester Kaare Songstads (til venstre) besøk i Sogn og Fjordane rett i etterkant av politireformen.
Publisert Sist oppdatert

Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.

Politimeisterens leiargruppe sat tålmodig og venta på at leiargruppa sitt distriktsalibi, Arne Johannessen skulle forlata Vest politidistrikt. 

I det døra slo att etter han våga dei endeleg å høggja laus på beredskapen i distrikta ved å vedtaka at UEH-mannskapar kun skal mønstre frå Bergen, Førde og Voss. 

Nordfjord, Florø, Sogndal, Masfjorden, Alver, Osterøy, Kvam, Vaksdal, Kvinnherad, Hardanger, Bjørnafjorden skal ikkje mønstra særskild operativt personell slik dei har hatt høve til fram til i dag. 

Dette har lagt draumen til mange av våre medlemmar i grus. 

Avgjerda vil avgrense busetnadsmogelegheitene for alle som ynskjer ei operativ karriereveg og samstundes bu i distrikta. Polititilsette vil trekke seg vekk frå mindre lokalsamfunn og den gjensidige kjennskapen vi har til samfunnet vil forsvinna. 

Ble satt munnkorg på

Då saka kom til oss tillitsvalgte kunne vi få velge om det var 5 eller 8 UEH-mannskapar som skulle møte på Voss og Førde. 

Alle andre utformingar var uaktuelle for leiinga med hovudsete i Bergen. Sjølv forspenner leiargruppa sitt eige bu og nærmiljø i GDE Bergen med kring 60 UEH-mannskaper.

Heilt grunnleggjande prinsipp i arbeidsmiljølova og hovudavtalens forhandlingsparagraf om likeverdige partar var kasta rett ut glaset.

Dei viktige avgjerdene og ordskifte var ferdig då vi tillitsvalde skulle få ytra oss. Alt virka spikra. Vi hadde ikkje rom for å medverka. Heilt grunnleggjande prinsipp i arbeidsmiljølova og hovudavtalens forhandlingsparagraf om likeverdige partar var kasta rett ut glaset. 

Våre tilsette i Hordaland og Sogn og Fjordane har bakgrunn frå spesialeiningar i Forsvaret og Beredskapstroppen til maritime, mekaniske og helse-utdanningar i tillegg til politiutdanninga. 

Alle har kategorisk blitt sett munnkorg på i samband med denne prosessen. Å nytta den samla kunnskapen som er i verksemda til å utforma tenesta har ikkje vore ynskjeleg. 

Heile framlegget er eit brot på Hurdalsplattformen som krev hurtig og kompetent respons frå alle naudetatar ved kriser. 

Den viktigaste politiberedskapen

Vi meiner desentralisert struktur i det daglege og ei samling når det trengst (Førebudde aksjonar) er det som dekkjer krava som samfunnet set til politiresponsen. Det løftar også opp nivået på vanlege politipatruljer, som utgjer den viktigaste politiberedskapen. 

Vi kjenner til kun ein klage frå våre samarbeidspartnarar. Den kom frå Gulen kommune i Nordhordland. 

Gulen kommune har klaga til Vest politidistrikt på manglande vern og responstid under ei trugsel-hending som gjorde at kommunen stengde ned tjenestene sine for ein dag då politiet ikkje evna å gje dei tilsette i kommunen vern. 

Med framlegget til politimeister så mister vi UEH-mannskap som er busett nær Gulen og andre kommunar i periferien. 

Folk vil ha eit politi dei kjenner. Politiet er best i samfunn vi kjenner.

Desse vil no sjå seg om etter ny jobb eller ny bustad. 

Det er eit stort tap for oss som trur på at polititjenesta blir best, når ein både bur og jobbar i samme miljø. 

Folk vil ha eit politi dei kjenner. Politiet er best i samfunn vi kjenner. 

Det er slik vi vil finna ressursane den dagen det smell. Det er slik vi vil avdekka og førebyggja at den ulykka ein gong kjem. 

Vil  ikkje  lytta til dei som kjenner sine nærmiljø

Det mest urovekkande i denne prosessen er ikkje at politifolk vurderer å forlata bygdene eller at responstida vil auke. 

Det mest urovekkande er at vi har ei lita gruppe leiarar som har tatt så lite lærdom frå hendingar som har råka politiet dei siste 12 åra og ikkje vil lytta til dei som kjenner sine nærmiljø og det operative faget best. 

Dei største tragediene i Noreg etter Krigen har funne stad i Tyrifjorden, Årdal og Kongsberg. Stader som viser at ein ikkje kan sjå føre seg kvar neste katastrofe inntreff. 

Før 22. juli 2011 var alle UEH mannskap i politidistriktet samla på Bergen Sentrum politistasjon. Som ein reaksjon på terroråtaket var det sett igang med å byggja opp UEH over heile distriktet. 

Det tok ti år å byggja opp ein forsvarleg beredskap. No vert igjen dei aller fleste samla på Bergen Sentrum. Har verda blitt tryggare enn i 2011?

Vi vonar leiargruppa i Vest ser at dette har blitt ein prosess som høyrer fortida til.

Vi set som føresetnader om å bli handsama som likeverdige partar. Kunnskapen og kjennskapen til medlemmane våre må bli lytta til. 

Med ei slik tilnærming vil vi saman finne dei beste løysingane for å sikre god kvardagsberedskap i heile Vest Politidistrikt.

Powered by Labrador CMS