Politifolk trener benkpress.

Trening med meining

Som arbeidstakar i politiet, kan jobben til tider være særs fysisk krevjande. Det visar seg fleire gonger i ei typisk politikarriere.

Publisert Sist oppdatert

Ein må bestå fysiske krav for å bli teke opp på Politihøgskulen og til vidareutdanning i IP-kategoriane 1-3. Det blir altså ein form for eit kvalifikasjonskrav. Mange av jobb-annonsane som leggast ut skiltar med lovnaden at «høgare lønn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkjarar».

Eg vil derfor spørje: Kvifor spelar ikkje fysisk kompetanse inn i dette? Slik det er i dag blir du på papiret ofte vurdert likt enten du er i topp- eller sofaform. Dei siste åra har eg lese fleire innlegg der spørsmålet blir stilt om ein skal ha eit minimumskrav for operativt godkjende politifolk. Sjølv jobbar eg best under lovnad om å vinne noko på innsatsen, i staden for å prestere fordi egmå.

Derfor vil eg foreslå – arbeidsgivar, kan ikkje du gje oss lønn forallkompetansen vi har? Kvifor gjer vi forskjell på det som sitt i hovudet og det som sitt i kroppen? Kunne vi fått til ei ordning der ein får lønnstillegg for det fysiske nivået ein held? Til dømes eitt lønnstrinn for å kunne bestå Politihøgskulen sin fysisk-eksamen og deretter auke etter kvart som ein gjer det betre?

Nokre arbeidsgivarar har lagt tid til trening inn i arbeidstida – applaus til dykk! Eg vil påstå at dette er ei mogleg vinn-vinn situasjon. Ved å gje bonus for betre fysisk form, trur eg vi på det jamne få betre helse og kanskje til og med mindre sjukefråvær. Politisjefar – tek dykk utfordringa?

Powered by Labrador CMS