Sterk og klar tale frå eit samla landsmøte

Landsmøte i 2007 var eit svært samlandelandsmøte, der ein fekk god samhandling ut frå forbundsstyret sine framlegg,ulike innsendte framlegg og innspell i landsmøte.

Publisert Sist oppdatert

Fråomorganiseringa av Politiets Fellesforbund i 2004 har PF hatt landsmøte kvartår. Det betyr at organisasjonen etter kvart får god trening i både å arrangeralandsmøter, og ha gode debattar.

Lønssakavart som venta, inn mot eit hovedtariffoppgjer, den store saka. Det var klartale om at PF skal vera ein kamporganisasjon i høve til løn. Landsmøte varmindre oppteken av samfunnet sin tillit til politiet, enn ein aggresiv lønskampi ein periode. Dette er klare signal både til arbeidsgjevar og oss somtillitsvalte.

Dettekan ein sjølvsagt snu til å sei at betring av løns- og arbeidsvilkår er heiltavgjerande for å oppretthalda ein etat med status og tillit i samfunnet. I dagser ein klar tendens til at mange dyktige ungdomar som kan tenka seg å vertapoliti, takkar nei for dei vil ikkje inn i eit lågtlønsyrke.

Deter opplest og vedteke at kvinnedomminerte yrker i offentleg sektor erlønstaparar og tilhøyrer lågtlønsgruppa, men det er faktisk det mannsdomminertepolitiyrket som er den dårlegaste løna høgskulegruppa i staten.

Våremedlemmar har alltid teke ansvaret uansett kva arbeidsgjevar tilbyr, dette serme no er i ferd med å endra seg. I min opningstale til landsmøte, oppmoda egvåre medlemmar til å ta litt mindre ansvar for måloppnåinga i etaten, menheller i større grad overlata ansvaret til politikarane og toppleiarane ietaten.

Politiethar over 10 prosent av all produksjon som overtidsarbeid, unntak fråArbeidsmiljølova for å få vaktberedskapen til å fungera, etaten sine tilsettejobbar store mengder gratis overtid for å hjelpa publikum. Takka er å veranederst på rangstigen når det gjeld løn.

Allepolitikarane framhevar at me må rekruttera dei beste til politiet. Trur deisame politikarane verkeleg at det er råd å rekruttera dei beste til eit yrkefullt av negativ merksemd i media, vald- og trugsmål mot tilsette, elendigressurssituasjon og utstyrsnivå som Forsvaret ler av - med ei begynnarlønpå 280 000 kroner?

Satsingpå ei anstendig løn for tilsette i politiet er investering i framtida tilrettsstaten. Denne innvesteringa må ein ta før det er for seint. Det er grunntil bekymring i høve til søkargrunnlaget til PHS, men ikkje minst i høve tilall den kompetansen som no vert kjøpt opp av andre offentlege etatar og detprivate næringslivet.

Forbundsstyreti PF startar umiddelbart sitt arbeid for å førebu ulike aktivitetar inn mothovedtariffoppgjeret 2008. Ein må få fram fakta om det låge lønsnivået ogkompleksiteten i yrkesrolla, men ikkje minst skapa aksept i samfunnet og hosaktørane som har ansvaret for lønsoppgjera at det er på tide med eit LØNSLØFTFOR POLITIET.

Skalein framstå som ein kamporganisasjon, er det ikkje nok med landsmøtevedtak.Vedtak må fylgjast opp i praksis av tillitsvalte på ALLE nivå, men ikkje minstså må alle medlemmer som me er tillitsvalte for fylgja opp landsmøtevedtaka.Det forpliktar å fatta kraftfulle vedtak, også etter at landsmøte er avslutta.

Landsmøtevar også tydelege på at pensjonskampen og ressurskampen skulle ha svært høgprioritet. Det betyr at heile PF skal koordinera arbeidet med løns- ogarbeidsvilkår (herunder den viktige pensjonskampen) og arbeidet for betrebemanning og meir pengar tiletaten (særleg på driftsbudsjetta) Det er lett å verta motivert til å jobba formedlemmane, når det er ein så samla og kraftfull organisasjon som stakar utkursen. Takk nok ein gong til eit sterktog klart landsmøte.

Powered by Labrador CMS