Resultat i sikte?

Politiet har vore ein høgprofilert etat i 2008.

Publisert Sist oppdatert

Politiet har vore ein høgprofilert etat i 2008. Politifolk var blant dei mest omtalte yrkesgruppene. Politiets fellesforbund var i vinden som aldri før. Og Arne Johannessen var årets debattant i 2008. Gratulerer!

Ingen kan vere i tvil om korleis tillitsvalde og medlemmer i Politiets Fellesforbund vurderer situasjonen i og for politiet. Ingen kan vere i tvil om at organisasjonen meiner det er politikrise. Ingen kan vere i tvil om at PF stiller krav. Ingen kan vere i tvil om at det blir sett press på justisministeren og på regjeringa.

Mediefokus og omtale er viktig når saker skal løftast fram. Det har Politiets Fellesforbund lukkast med til fulle. Grunnlaget er lagt. Men jobben er ikkje fullført. Difor kan ingen slå seg til ro - heller ikkje regjeringa.

Saka må inn i ei meir konstruktiv forhandlingsfase. Media er ikkje utan vidare arenaen for konkrete forhandlingar. Også fordi både forslag og forventningar gjerne blir både forenkla og forstørra. Dermed kan det bli distanse i staden for dialog. I alle fall er det vanskeleg å finne løysingar gjennom den kanalen.

Somme hevdar at Politiets Fellesforbund prøver å tilrane seg eit eige tariffoppgjer utanfor tur, og at berre det å ta i problemstillingane vil legge den statlege forhandlingsordninga i ruinar. Det er ikkje rett.

Det finst fleire døme på forhandlingar midt i tariffperioden. Det finst også døme på at ein har funne løysingar som både arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida har stilt seg bak. Som regel har dette handla om å finne løysingar på særlege ut­fordringar i ein etat eller departementsområde.

Ikkje sjeldan har både arbeidstid og pengar vore inne i bildet.

Til denne tid har ikkje Unio vore direkte inne i «politisaka». Dette er nemleg p­rimært ei etatssak. Difor må hovudkanalen vere Justisdepartementet og politidirektoratet, slik PF har lagt opp til.

Partane må vise vilje til å finne l­øysing. Den gamle floskelen passar: nytt år - nye mulegheiter. Kanskje er eit positivt resultat i sikte? Eg set min lit til at justisministeren får den støtte som trengst i regjeringa slik at det kan finnast ein verdig utgang på denne tvisten. Det er alle partar, ikkje minst publikum, best tent med.

Godt nytt år.

Powered by Labrador CMS