POLITI: Målet om to politiansatte per 1000 innbygger er stadig opp til debatt.

Politi polito

Det å telle antall politi er ikke en enkel oppgave, skriver justispolitisk talskvinne i Senterpartiet, Jenny Klinge.

Publisert Sist oppdatert

Det å telje politiet er ikkje enkelt, men regjeringa tykkjer det er kjekt å telje politiet litt slik ekstra. 

Når det gjeld måltalet om to politi per 1000 innbyggjarar, går Senterpartiet faktisk lenger enn alle dei andre partia, fordi vi meiner dette må målast på politidistriktsnivå og ikkje for landet som heilskap.

Dessutan ønskjer Sp å setje strengare krav til responstid slik at også distrikta får nytte av krava, skriv Jenny Klinge.

Å telje politiet er ikkje enkelt, men regjeringa tykkjer det er kjekt å telje politiet litt slik ekstra. Ein politi blir til polito når talet på politifolk blir telt. Det har justisminister Amundsen prestert når han får det til å sjå ut som om han har lukkast meir enn han eigentleg har med å få politifolk ut i gatene.

Han viser stadig til at det no er over 1800 fleire stillingar i politietaten, men i praksis har det vist seg at under halvparten av desse er politifolk i politidistrikta.

For få dagar sidan påsto han at det i første halvår i år var tilsett over 300 politifolk i distrikta, men tal frå Politidirektoratet viser at justisministeren har tatt litt vel hardt i og nær dobla talet frå den faktiske auken politifolk i distrikta.

No nokre dagar før valet er det valflesk i omløp – 1500 nye politifolk kan ulike stortingsrepresentantar frå Høgre lova. Dette gjer dei rundt om i fylka i desse dagar, og prøver å framstille det som om denne lovnaden står og fell med om Høgre kjem i regjering igjen.

Nokre kommentarar må til: Det er eit tverrpolitisk mål at landet skal ha to politifolk per 1000 innbyggjarar innan 2020, og det var den raud-grøne regjeringa som gjennom å doble opptaket til Politihøgskulen gjorde det mogleg å auke talet slik.

Høgres Peter Chr. Frølich presterer å seie at det er nødvendig å halde Senterpartiet borte frå regjeringskontora, fordi vi visstnok vil setje politietaten fleire år tilbake i tid viss vi kjem til makta.

Når det gjeld måltalet om to politi per 1000 innbyggjarar, går Senterpartiet faktisk lenger enn alle dei andre partia, fordi vi meiner dette må målast på politidistriktsnivå og ikkje for landet som heilskap.

Ei gradvis auke fram til alle politidistrikt har to per 1000 inneber i praksis ein langt større auke enn det Høgre no skryt av at dei garanterer.

Dei burde svara på om dei er einige med oss i at kvart politidistrikt i landet burde få minst to politifolk per 1000 innbyggjarar. Eg trur dei vil svara svært vagt på eit slikt spørsmål. Dessutan: At Senterpartiet ønskte ei anna politireform enn den sentraliserande reforma som stortingsfleirtalet vedtok, er ikkje det same som at vi ønskjer å reversere fornuftige tiltak i den vedtekne politireforma. Også vi ønskte meir politiarbeid på staden, meir bruk av ny teknologi, meir samarbeid og betre leiing.

Det vi ikkje ønskte, var å leggje ned over 120 lensmannskontor. Så vår reversering vil i praksis vera at vedtak om nedlegging blir sett på på nytt. Dette skal gjelde der kommunane klaga på nedlegginga og klagen ikkje førte til omgjering av vedtaket.

Ei nærpolitireform er ikkje reell viss den medfører for store avstandar, og vi vil gi politiet og kommunane høve til at sakene blir sett på nytt. Dessutan ønskjer vi å setje strengare krav til responstid slik at også distrikta får nytte av krava, samt la lensmannskontor som no har passutstedelse få behalde denne tenesta.

Konklusjonen er klår:

For meir reelt nærpoliti og polititenester nært folk må Høgre haldast ute frå regjeringskontora.

Powered by Labrador CMS