Nulltoleranse og praksis

– Talpynting er ei ny konkurransegrein i mange etatar, skriver Anders Folkestad.

Publisert Sist oppdatert

Politiet er framleis ein etat der menn er i klart fleirtal. Einsidig kjønnssamansetting kan sette sitt preg både på organisasjonar og på arbeidsplassar. Men politiet er i endring. Stadig fleire kvinner arbeider i etaten.

Eg har gleda av å vere til stades på mange landsmøte i forbunda – i og utanfor Unio. Få landsmøteforsamlingar er så «kjønnsbalanserte» som landsmøta i Politiets Fellesforbund. Det lovar godt for likestilling i ei tradisjonelt mannsdominert yrkesgruppe.

Men, som i samfunnet elles, også politiet ligg på etterskot. Mellom anna i saker som gjeld seksuell trakassering. Nulltoleranse er ei viktig overskrift, men det viktigaste er god praksis.

I den offentlege debatten har vi den siste tida sett døme på at ein avleggs machokultur strittar i mot, og gir seg sjølv kunstig andedrett gjennom manglande respekt for kvinnelege kollegaer.

Narim Kasim, leiar av PFs likestillings- og mangfaldsutval, sa tydeleg frå gjennom eit innlegg i Dagbladet «vi får stadig kjennskap til episoder med seksuell trakassering i politiet» - Men ho la til at det er vanskeleg å seie kor stort omfanget er.

Dette kom etter ar rektor Nina Skarpenes, var for idylliserande då ho i sama avis slo fast at «kvinner trakasseres ikke på Politihøgskolen».

Enkeltpersonar har understreka og stadfesta Kasims erfaring, dels gjennom anonyme, dels gjennom opne historier. Grove historier.

Vi ser at enkeltpersonars mangel på dømekraft, direkte og indirekte dømer ein heil etat.

Det blir ikkje betre av at politiet samstundes får sterk refs for mangelfull prioritering av valdtektssaker. Både politifolk sjølve og riksadvokaten er kritiske til oppfølging av denne type kriminalitet. Dette er ofte vanskelege og ressurskrevjande saker, både med tanke på etterforsking og bevisføring.

Kanskje er det freistande å prioritere andre saker, som raskare kan gi utteljing på den målbare statistikken. Talpynting er ei ny konkurransegrein i mange etatar. Men i det store og heile: resultata er trass alt viktigare enn tala. Også på dette området.

Dessutan, same kor knappe ressursane er: Det er uakseptabelt at kvinner – og menn - i somme tilfelle opplever at dei ikkje blir møtt med respekt i slike sårbare situasjonar. Og det skjer til og med i «verdas beste» politi.

Det er eit stykke fram, men ein er på rett veg når sterke kvinner i politiet står fram med tydeleg tale, og får klar støtte også frå mannlege kollegaer.

Powered by Labrador CMS