Kvifor den store forskjellen?

I arbeidslivet skjer det tragediar av og til, det kanligga i yrkesrolla sin natur at det av og til går galt, som forlækjarar/sjukepleiarar og politi.

Publisert Sist oppdatert

I arbeidslivet skjer det tragediar av og til, det kan liggai yrkesrolla sin natur at det av og til går galt, som forlækjarar/sjukepleiarar og politi. Andre yrkesgrupper kan gjera feilvurderingarog utøva jobben sin på måtar som kan ha stor påverknad og føra til tragediarfor einskildmenneskjer. Som når journalistar har «bestemt seg for å ta» einperson, ein kan finna mange døme på enormt mediakøyr mot einskildpersonar, somtil og med har enda som ein tragedie. Det er døme på lærarar som har«forskjellshandsama» elevar så sterkt at ein kan kalla det mobbing, som igjenhar hatt store konsekvensar seinare i livet for einskildpersonar.

Det skjer tragediar under operasjonar, det kan sjølvsagtvera feilvurderingar, manglande kunnskap eller dårleg jobb. Det skjer mange tragiskesaker i løpet av eit år, men media har lite fokus på desse sakene…..? Sværtlite vil nok mange meina.

Det vil alltid veraein kalkulert risiko for ein lækjar ved operasjonar at det kan gå galt, det er kanskje difor deter så lite fokus på dei tragediane som skjer. Eller kan det ha med statusen tilyrkesgruppa å gjera?

Det ligg også i yrkesrolla og samfunnsoppgåva til politietat det av og til kan og vil gå galt. Det er sjølvsagt ein kalkulert risiko vedutrykkningskøyring, pågripelsar, utrykkning med og bruk av skytevåpen. Alleveit at det kan gå galt, ikkje minst politiet sjølv.

Når ein ser på talet på «potensielle risikooppdrag» som kangå galt i løpet av eit år, er det heldigvis svært sjeldan at det går galt iNoreg uansett i høve til kva land me samanliknar oss med. Politiet har ogsåeige system for etterforsking/analyse av alle dei sakene som går galt.

Ingen andre yrkesgrupper er utsett for den enormemediainteressa og det politiske fokuset som politiet når det går galt. Kviforer det så stor forskjell på media si interesse for dei ulike profesjonane nårdet går galt?

Politiet er samfunnet sitt maktapparat, og skal, bør og vilalltid vera underlagt særskilt interesse og merksemd. Det ligg og i saka sinnatur at politiet som etterforskar andre og får sine produkt gjennomanalysertav advokatar og domstolar, vil vera gjenstand for ekstra stor interesse frå deisame profesjonane når ein sjølv er under etterforsking.

Men eg dveler framleis ved det spørsmålet eg starta med ioverskrifta, kvifor den store forskjellen – for den er verkeleg stor. Kanskjeandre har betre svar enn meg på det!

Politirolla er vorten ekstremt vanskeleg. Alle har meiningarom kva som er godt politiarbeid. Dei som aldri har vore ute i vanskelege ogkritiske situasjonar, gjerne med frykt og kraftig adrenalin, har kanskjesterkaste meiningar og «dei beste framlegga» til gode måtar å løysa oppdragapå. Provokasjonar, sjikanering, våpen av ulike typar, rusa personar som erverdsmeistrar og personar i psykisk ubalanse er ein del av kvardagen.

Samfunnet forventar at politiet skal gå inn i allesituasjonar og vurdera dei i løpet av eit lite sekund, og sjølvsagt utan atnokon vert skada. Det er ikkje ofta fokus på dei svært mange vellukka ekstremtvanskelege politioperasjonane som vert løyst utan«ei skramme i lakken». Det erheller ikkje mykje fokus på den som har sett seg sjølv inn i situasjonen, densom ikkje stoppar frivillig bilen på politiet sine signal, eller den som nektar åverta med politiet utan å setta seg kraftig til motverge. Dei som skalpågripast har valet. Politiet har ikkje noko val om ein skal gripa inn, ein harplikt til å gripa inn (til og med på fritida) når situasjonen krev at ein gårinn for å verna 3. person eller samfunnsinteresser. Kva situasjon ville me fåom politiet vegrar seg for å gå inn i dei belastande sakene, i frykt for kvaetterspell det kan få. Eit handlingslamma politi vil ikkje samfunnet ha.

Politifolk har også familie, born, foreldre og vener somvert påverka av mediaomtale og det negative fokuset. Å verta hengt uturettmessig når ein har gjort jobben for samfunnet er ein svært stor belastningfor den polititilsette, men ikkje minst for familien. Samfunnet (les:politikarane) seier ofte at ein må rekruttera dei beste til politiyrket. Kvaskal ein motivera med i framtida for at ein skal få tak i dei beste og som kanleva opp til samfunnet sitt idealpoliti?

Eg vil nytta høvet til å ynskja alle lesarane av Politiforumein riktig god og varm sommar.

Powered by Labrador CMS