Kven har gjort seg fortent til tillit?

Mange har sikkart undra seg over at Politiet stort sett harligge på toppen av Synovate  MMI  sitt tillitsbarometer, framfor viktigesamfunnsinstitusjonar som NRK, Forbrukarombodet, Statistisk Sentralbyrå og Domstolane.

Publisert Sist oppdatert

Det er nesten utruleg at den yrkesgruppa som har lov å bruka makt mot andremenneskjer, som må visa bort folk, pågripa og setta dei i arrest, ta fråførarkort, skriva ut store forenkla førelegg, ja til og med gå inn isituasjonar med våpen, har høgast tillit av alle. Media er fulle med negativeoppslag om «dårleg politiarbeid», politiet som ikkje kom og gripandeskildringar av maktovergrep.

I sommar har media vore fulle av ulike negative oppslag om«Obiora- sak», «Hette-sak», «personar som har dødd i politiet sin varetekt»,«Fritz Moen- sak» m.fl.

Kvar og ein saker med svært tragisk utfall.

Det er svært bra at me har media som set søkelys på tragiskesaker, om det er i politiet, helsevesenet, barnevernet eller andre viktigesamfunnsinstitusjonar. Når media går inn i ulike saker, bør ein likevelforventa ein viss standard for sakleg og objektiv framstilling. Eller er detfor mykje å forventa at media skal balansera saker!! Ja det er kanskje det, ogdet er truleg ein grunn til at media ligg svært langt nede påtillitsbarometeret.

Media jagar i flokk i mange saker, utan vilje til ånyansera, eller vilje til å få fram bakgrunnsstoff eller kompleksiteten isakene, Enkle tabloide løysingar vil folket ha, og det sel best, så då førnyansane berre liggja...

Eg les i siste nummer av Politiforbundet i Danmark sittblad, at min kollega Peter Ibsen som er formann i Politiforbundet er oppgittover at Dansk media har køyrt ein «kampanje» for å framstilla Dansk Politi som skyteglade. Nårdei har bestemt seg for dette fokuset, skal det fram, sjølv om det ikkje er sanninga.

Tillit må ein gjera seg fortent til. Det har politiet iNoreg og andre nordiske land makta gjennom mange ti-år. Eg er overtydd om atdet vil me også makta i framtida, men det vil stilla endå større krav til kvareinskild som jobbar i politiet. Ein må kontinuerleg jobba med eigne haldningar,måten ein opptrer på, ordbruken og samhandlinga med samfunnet.

Men andre aktørar som også seier at dei er opptekne av atpolitiet skal ha høg tillit i samfunnet har eit ansvar. Mange av politikaranevåre er raskt på bana med bastante konklusjonar i einskild saker, i sommar harfleire konstatert at politiet har fått svekka tillit, på kva grunnlag kunne einspørja om. Sjølvsagt kun synsing. Eller kanskje NRK sin «kvalitetssikrameiningsmåling» som vart presentert som fakta i beste «agurk tida» i sommar.Den slo fast at politiet hadde fått kraftig svekka tillit i kjølevatnet avObiora-saka. Granskinga vert slakta i Dagbladet av sjefen for Synovate MMI. Hanskriv, «følgelig framstår denne typen målinger som en demonstrasjon av brukenav ledende spørsmål».

Stortingsrepresentant Olav Gunnar Ballo (SV)sitt bidrag i tillitsdebatten før sommarferien vart lagt merke til, når han isamband med «hette saka» samanlikna politiet sine arbeidsmetodar med metodarsom var kjent frå Guantanamo basen. Så langt representerte det eit lavmål idebatten. Framleis ventar eg og mange med meg ein unnskyldning for dennehårreisande uttalen. Han bør vera lika vaksen som eg var, når eg beklaga minuttale om «godt politiarbeid» i ei sak som enda med eit tragisk dødsfall.

Ulike aktørar har forsøkt så godt ein kan å bidra til åsvekka tilliten til politiet iløpet av sommaren, dei mest aktive har nok voreadvokat Abid Q. Raja og Jo Skårderud frå nettverket Respekt , men også OMODhar bidrege med sine unyanserte utspell.

Udokumenterte påstandar vert strødd om seg i ulike media,usanningar vert presentert som den heile og fulle sanninga. Sommaren sittlågmål vart nådd i ein artikkel av Kaia Storvik i Dagsavisa, som m.a. skriv at«politiet lusker rundt og kveler folk i hemmelighet» Liv Finstad skriv ein godog nyansert artikkel i Dagbladet, der ho med anna spør: «er folk i ferd med å miste hodet etter Obiora-saken».

Alle aktørane som deltek i offentleg debatt om noko såviktig som tillit til samfunnet sitt maktapparat har eit ansvar for å ikkjebidra til å skapa konfliktar mellom grupper av folket og politiet, eller svekkatilliten til politiet.

Framleis må me vera innstilt på at det viktigaste bidragettil å ha eit politikorps med høg tillit, ikkje kjem frå våre politikarar, mediaeller ulike samfunnsaktørar - det måskapast av politiutdanna og andre grupper tilsette i etaten i det daglege møte med publikum. Vår kunnskapog evne til å bruka kunnskapen, etikk, moral og likebehandling av allemenneskjer vil vera avgjerande for tilliten i framtida - ikkje kva advokat Rajaseier til media.


Powered by Labrador CMS