Frustrasjon...

Kormykje frustrasjon kan ein ha i politiet før det går utover kvaliteten påarbeidet?

Publisert Sist oppdatert

Kanskjeeit litt spesielt spørsmål, og kvifor stiller eg det spørsmålet eigentleg!

Nårfrustrasjonen vert lyfta fram, vert den ofte møtt med at ein må slutta å sytaog klaga.

Eghar reist mykje rundt om i politi-Noreg og møtt 1000-vis av tilsette av allekategoriar på mine mange reiser gjennom mange år som tillitsvalt, men har ikkjeopplevd så mykje frustrasjon som dei siste året.

Deter frustrasjon over: Manglande verdsetting av politiyrket, manglande utstyr, ogandre offentlege etatar (les: Forsvaret) som fyller opp lageret med topputstyr, media sin uthenging av politiet og einskild personar, sterke angrep påetaten på eit generelt og spesifikt grunnlag frå einskilde advokatar, mykjenegative tilbakemeldingar frå publikum som ikkje får hjelp, langeutrykningsavstandar som fylgje av store vaktregionar, ei kjensle av at einfjernar seg frå publikum sitt behov, alt for mange oppgåver i høve tilressursar, opplevinga av all kriminaliteten ein ser men ikkje får gjort nokomed, manglande satsing på etter- og vidareutdanning, alt for få stillingar ietaten (kan til og med ikkje fylgja Arbeidsmiljølova som andre yrkesgrupper),mangelen på pengar til dei mest naudsynte tinga, å ikkje verta teken på alvor,politikarar som stigmatiserar politiet ut frå einskildsaker i media,politikarar som stiller nye forventningar og kjem med nye prioriteringar utan åfylgja opp med pengar, leiarar som ikkje formidlar den eigentlege situasjonen (kun den politisk korrekte versjonen),manglande tilrettelegging for livsfase politikk (herunder seniorpolitikk),mange yrkesgrupper som får store lønstillegg og sjølv står ein nesten stille i«lønssumpa».

Frustrasjonenover å tilhøyra eit minimumspoliti.

Dettevar då voldsomt så negativt vil nok mange tenka, ja for grensa mellom åformiddla medlemmane sin frustrasjon til at dette vert oppfatta som syting ogklaging er hårfin. Men dei som har fulgt etaten sin utvikling over tid, vilkunna nikka gjenkjennande til denne skildringa.

Einser det i lesarinnlegg i Politiforum, artiklar i det same bladet (som frå Øst-Finnmark i dette utgåva), ein møter det ute på medlems- og årsmøter, på Hamumøter og i andre møter. Men samstundes, trass i denne frustrasjonen, møter egein yrkeslojalitet, stå på humør og yrkesstoltheit som er imponerande og somein kvar arbeidsgjevar bør vera misuneleg på.

Frustrasjonenfinn du i alle deler av organisasjonen, både på ulike leiarnivå og pågrunnplanet, hos generalistar og spesialistar. Dette er eit alvorleg faremomentsom må takast på alvor. Arbeidsgjevar på topplan sentralt og lokalt har eitenormt ansvar med å sjå på tiltak som kan løfta etaten igjen, men hovednøkkelenset Justisministaren på i lag med Stortinget.

Politiskmå ein ta på alvor den frustrasjonen som er ein realitet og stadig oftare kjemtil uttrykk. Eller kjem den faktisk til uttrykk?

Hindraryrkesstoltheita og yrkesmoralen at den faktiske situasjonen og frustrasjonenverkeleg kjem fram!

Minfrustrasjon går på at denne faktaskildringa som eg får når eg møter leiarar ogandre medlemmer, ikkje er den same som når fram til Politidirektøren ellerJustisministaren når dei er ute og reiser. Det har undra meg mange gonger kvasom gjer at mange har eit enormt behov for å «filtrera» opplysningar som nårfram tiltoppleiinga, medan fagforeininga får alt utan filter (heldigvis så fårme det).

Samfunnetmå verkeleg syna at dei set pris på sitt politi, når du dagleg jobbar medryggen mot veggen på skuggesida av samfunnet, så treng ein kraftige og synlegeoppmuntringar av og til.

Powered by Labrador CMS