Fungerande politimeister Ingmar Farstad i Møre og Romsdal politidistrikt.

Politidistriktet svarar på kritikken frå operasjonsleiar Amdam

Fungerande politimeister Ingmar Farstad seier Borge Amdam har «høg integritet og stor grad av tillit». – Likevel må vi vere klare på at vi ikkje er nøgde med handteringa som operasjonsleiar gjorde i denne konkrete saka.

Publisert Sist oppdatert

Politimeister Ingar Bøen er på ferie, og har ikkje vore tilgjengeleg for å svare opp kritikken frå operasjonsleiar Borge Amdam om korleis han blei behandla etter at ein mann døde etter eit basketak med politiet i Ålesund i januar i år.

I staden er det fungerande politimeister Ingmar Farstad som svarar.

Politiforum har stilt ei rekke spørsmål til politidistriktet, mellom anna disse:

– Er det ordinær praksis i politidistriktet å varsle Spesialeininga for politisaker når nokon hevdar at politiet held noko skjult?

– Kvifor beslutta politimeisteren først å sende saken til Spesialeininga to dagar etter hendinga?

– Kva gjorde politimeisteren for å sette seg inn i Amdams dialog med Sunnmørsposten før beslutninga om å oversende saka til Spesialeininga ble tatt?

– Amdam meiner det ville vore naturleg å rutinemessig oversende saka til Spesialeininga etter at det blei kjend at ein mann var død etter å ha vore i basketak med politiet. Korleis stiller politimeisteren seg til det?

– Vurderinga om å ikkje sende saka over til Spesialeininga for politisaker var ei del av ei fortløpande vurdering. Regelverket vi har, og informasjonen vi hadde i starten, tilsa at vi ikkje skulle sende den over. Vi er alltid opne for at den vurderinga kan snu om dersom det kjem nye opplysingar, seier han, og legg til:

Det som skjedde måndagen, to dagar etter, var at det vart stilt spørsmål om politiet prøver å skjule noko. Då må vi gjere ei ny vurdering.

– Det som skjedde måndagen, to dagar etter, var at det vart stilt spørsmål om politiet prøver å skjule noko. Då må vi gjere ei ny vurdering og ringer derfor Spesialeininga for politisaker for å orientere dei og spørje om dei vil ha saka. Det går ikkje på kva vi har gjort, men inntrykket rundt å skjule noko, som gjer at vi må få saka bort ifrå oss. Når det vert reist spørsmål om vi dekker over, då må vi sette i verk det som har demokratisk kontroll over norsk politi, og det er Spesialeininga for politisaker, svarar Farstad på spørsmåla.

– Skal ikkje påverke media

I intervjuet med Politiforum, peiker Amdam på at han to dagar etter hendinga beklaga sin dialog med Sunnmørsposten både internt og overfor avisa, og forklarte hva som hadde gått galt. Kritikken av politiet sin mediehåndtering og spekulasjonar om underliggande motiv fortsatte imidlertid utover veka.

– Amdam meiner politimeisteren i langt større grad burde forsøkt å nyansere bildet av kva som skjedde overfor mediene. Korleis stiller politimeisteren seg til dette? Meiner han at bildet av mediene teikna var tilstrekkeleg nyansert?

– Saka kom raskt under etterforsking av Spesialeininga for politisaker. Politimeister skal ikkje gå inn og påverke media i deira redaksjonelle vurderingar. Fakta var allereie på bordet. Det som var viktig for politimeister på vegne av politidistriktet, var å vise openheit når vi fekk den kritikken retta mot oss. Nettopp derfor fekk også media tilgang på lydloggen mellom media og operasjonsleiar, svarar Farstad.

Ville skape ro

Amdam seier i intervjuet med Politiforum at han etter hendinga berre møtte politimeister Bøen ein gong.

Møtet fann ifølgje Amdam stad seks dagar etter hendinga, og då skal Bøen ha prøvd å presse operasjonsleiaren til å be seg fritatt frå arbeidsoppgåvene sine fram til medietrykket hadde stilna, noko Amdam ikkje ønskte.

– Stemmer denne beskrivelsen av samtalen med korleis politimeisteren huskar den? Kva var bakgrunnen for denne forespørselen?

I påvente av at saka blei avgjort, fremja arbeidsgjevar eit ønskje om at operasjonsleiaren ikkje vart eksponert i media.

– I påvente av at saka blei avgjort, fremja arbeidsgjevar eit ønskje om at operasjonsleiaren ikkje vart eksponert i media. Dette tiltaket var foreslått for å skape ro for alle involverte inntil den endelege obduksjonsrapporten låg føre og spesialeininga konkluderte i saka. Ønskje frå arbeidsgjevar vart avslått, svarar fungerande politimeister.

Omtrent to veker etter møtet, fekk Amdam eit brev der det stod at han ikkje fekk lov til å uttala seg muntleg til media fram til Spesialeininga hadde konkludert i saka. Samtidig skulle han som operasjonsleiar fortsatt ha ansvar for mediehåndteringa.

– Kven tok denne beslutninga, og på kva grunnlag?

– Driftseiningsleiar for operative tenester og seksjonsleiar for operasjonssentralen avgjorde at operasjonsleiaren skulle ha fritak for å svare media munnleg fram til etterforskinga vart ferdigstilt. Han er og har vore operasjonsleiar heile vegen med dei fullmakter som ligg til rolla, utanom dette einskildtiltaket.

– Vi var ikkje nødge

Fungerande politimeister Farstad understrekar at dei som arbeidsgjevar er opptekne av omdømet, men også av åta i vare den einskilde medarbeidar.

– Vi snakkar her om ein tilsett i politiet med lang erfaring, med høg integritet og stor grad av tillit. Likevel må vi vere klare på at vi ikkje er nøgde med handteringa som operasjonsleiar gjorde i denne konkrete saka. Nettopp fordi det har vorte skapt eit inntrykk i befolkninga at vi prøvde å skjule noko, seier han.

– Amdam meiner politimeister Bøen agerte på dekninga til Sunnmørspostens, og ikkje lytta godt nok til det som faktisk blei sagt i dialogen hans med avisa. Amdam meiner politimeisteren brukar han som ein syndebukk og nærmest kastar han under bussen. Korleis stiller politimeisteren seg til den påstanden?

Det politidistriktet har gjort i denne saka har vore med mål om å vise openheit til media og innbyggjarane våre, ta i vare våre tilsette og eit ønskje om skape ro rundt saka.

– Det politidistriktet har gjort i denne saka har vore med mål om å vise openheit til media og innbyggjarane våre, ta i vare våre tilsette og eit ønskje om skape ro rundt saka. Vi skal levere gode tenester til samfunnet og ta i vare alle våre tilsette, kvar dag. Det er der fokuset vårt er og skal vere, svarar Farstad.

Vi gjer merksam på at intervjuet blei gjort før Spesialeininga konkluderte i saka.




Powered by Labrador CMS