Leiarskap i politiet

Det er med stigande undring og uro eg har følgt debatten om leiing og leiarskap i norsk politi.

Publisert Sist oppdatert

Ikkje minst gjeld det spørsmålet om kva som kvalifiserer til å leie dei nye politidistrikta.

Unio er ein sterk advokat for høgre utdanning og for akademisk kunnskap. Men det inneber ikkje at annan kompetanse skal neglisjerast.

Det er nettopp det Politidirektoratet (POD) legg opp til i utlysingstekst og søknadsprosess når politimeistrane no skal tilsettast. Mastergrad, helst i juss eller rettsvitskap, verkar som det overordna kvalitetskriteriet. Viss alt politiarbeid hadde handla om juss og teori, kunne dette vere forståeleg. Men slik er det ikkje. Politiet driv med meir enn påtale!

Juridikum som toppleiarkvalifikasjon har ein sterk tradisjon i norsk politi. Dette er ei god og relevant kvalifikasjon. Men neppe den einaste. Det kan sjølvsagt hende at trua på tradisjonar er så sterk i POD at leiinga meiner at det berre er ein type utdanning på eit bestemt nivå som er forsvarleg. Eg kan forstå at ein vil forankre framtida i tradisjonen. Men med så store endringar og utfordringar som politiet står overfor, burde det også vere rom for fornying.

Dagbladet melder at berre masterkandidatar er kalla inn til intervju. Viss dette er rett, framstår det langt på veg som eit sjølvstendig mål å halde den politifaglege kompetansen og den operative erfaringa unna politimeisterstillingane. Det er nesten ikkje til å tru.

Politimeistrane skal tilsettast som del av ei «nærpolitireform». Reforma er ikkje spesielt «nær», og når gode leiarkandidatar med politifagleg utdanning skal ekskluderast frå desse stillingane, blir reforma endå mindre nær.

Eller er det slik at POD kan dokumentere at politidistrikt som i dag har politimeister utan juridikum presterer dårlegare enn dei andre? I så fall må den dokumentasjonen leggast fram offentleg.

Sjølvsagt må politiet ha god juridisk kompetanse. Like naturleg er det at fleire av dei komande meistrane vil ha juridikum i bagasjen.

Men vil eit breiare fagleg samansett politimeisterkorps vere ein hemsko for kvalitet og måloppnåing? Neppe. Eller er det rett og slett slik at fagleg mangfald blir oppfatta som eit trugsmål mot ein overdriven sentralistisk styringsfilosofi? I så fall er dette ei sak for nasjonalforsamlinga.

Powered by Labrador CMS