RÅSKINN: Køyrer du rundt i ein uniformert Nissan Navara, vekkjer du oppsikt.
RÅSKINN: Køyrer du rundt i ein uniformert Nissan Navara, vekkjer du oppsikt. (Foto: Jostein Pedersen)

Politiforum testar Nissan Navara

Eit monster i villmarka

Styrken til Nissan Navara ligg i framkommelegheita under alle slags tilhøve.

Fakta

Produsent: Nissan
Pris: Cirka 1 million kroner hos PFT

Treng eigentleg alle politidistrikta ein pickup? Svaret er tja, men i grisgrendte strok i Vest politidistrikt er i alle høve behovet til stades for ein bil som meistrar grovkorna grusvegar, telehiv og ein og anna svipptur inn i vill vestlandsnatur.

Då moglegheita bydde seg for å teste ut politiet sin nye pickup Nissan Navara, lét difor ikkje Voss lensmannskontor sjansen gå frå seg.

LES OGSÅ: Viser fram politiets nye pickup

Og la ein ting vera heilt klårt: Frå utsida er dette ein «grom» bil å sjå på. Køyrer du rundt i ein uniformert Nissan Navara, vekkjer du oppsikt og er godt synleg i trafikken. Ja, du er rett og slett eit «monster» på vegen!

TRANGBUDD: Lasteplassen er i utgangspunktet svært god, men innreiinga som denne bilen var oppsett med, er upraktisk og tek opp for mykje plass. Foto: Jostein Pedersen

Som ein traktor

Testbilen er ein femsetars bil utlånt frå Politiets Fellestenester – bilen kan òg bestillast med to sete – med eigenvekt på snautt to tonn og ein 190 HK stor dieselmotor. Vekt og storleik, og litt for lite futt i motoren, gjer at han ikkje er spesielt godt eigna til utrykkingskøyring.

Med mindre ein i kvardagen har svært hyppige blåturar på svingete vegar, fungerer han fint til ordinær kvardagsbruk.

Vonde polititunger beskriv han som ein «traktor», og på ein måte er det kanskje ikkje så langt frå sanninga. Styrken til Nissan Navara ligg i framkommelegheita under alle slags tilhøve.

Bilen blei testa på lensmannsdistriktet sine aller verste vegar, og bestod med glans – høg bakkeklaring, 4WD og moglegheit for sperre av aksling bidrog til at han aldri køyrde seg fast, ikkje ein gong på traktorvegar i bratt terreng.

For eit lensmannskontor med både Bergensbana og fleire fjellovergangar innanfor dekkingsområdet, er det nettopp til slikt bruk Nissan Navara trengs. Og der duger han verkeleg.

LES OGSÅ: Test: Treningskamerat på håndleddet

God køyrekomfort

Ikkje minst er køyrekomforten på humpete vegar – som Rallarvegen ved Bergensbana – langt betre enn i både Passatar, Majer og BMW under tilsvarande tilhøve.

+ Dette er bra

Svært god på dårlege vegar
God lastekapasitet
Svært god framkommelegheit

– Dette kunne vore betre

Dårleg låsemekanisme bak
Lite eigna til utrykkingskøyring
Høgt drivstofforbruk

Men pass på! Er du ekstra lang av vekst, er det fort gjort å stange hovudet i taket.

Bilen er òg rusta for å trekkje tyngre hengarar, ATV eller snøskuter. Testbilen blei brukt til oppsynsteneste mellom anna under Skarverennet, og hadde ingen problem med å trekkje med seg snøskuteren til fjells.

Det som ikkje fungerer så bra, er lasteplassen bak i bilen vi testa. I utgangspunktet er han svært god, men innreiinga som denne bilen var oppsett med, er upraktisk og tek rett og slett opp for mykje plass.

Slik testbilen var utstyrt, er det til dømes ikkje mogeleg å få inn ei Zarges-kasse, og det blir òg lite plass til verneutstyr. Heldigvis er det mogeleg å bestille bilen med berre ein skuffeseksjon – eller utan.

Ideell for spesialteneste

Låsane til kapellet på lasteplanet er òg for dårlege. Dei minner mest om takbokslåsar, som ein gjerne opplever lett frys igjen – spesielt når vinterstormen ular som verst på Hardangervidda, eller med temperatursvingingar rundt frysepunktet og snøføyk som driv oppetter bilen sin bakende på snødekte vegar. Desse låsane burde vore kopla til sentrallåsen.

Det er heller ikkje ideelt at våpenkassa er plassert midt i baksetet. Det gjer det i praksis uråd med fangetransport, men det er kanskje heller ikkje meininga med denne bilen.

Konklusjonen, etter å ha prøvd Nissan Navara i ein månad, er at dette er ein bil vi har god bruk for. Han er ideell for spesialteneste og fungerer ypparleg for innsatsleiar, men som patruljebil finnest det betre alternativ.

Skal vi kjøpe ein Navara, må det difor vera i tillegg til, ikkje i staden for, ein ordinær patruljebil.

Korvidt det er ei investering vi har råd til, er ei heilt anna sak…

Til toppen