2008-budsjettet - politiet sin tur

Statsbudsjettet2007 var eit godt budsjett for kriminalomsorga, og det er bra for den totalekampen mot kriminalitet, difor var PF tydeleg på at me støtta eit løft forkriminalomsorga.

Publisert Sist oppdatert

Ikkje minst er fokuset på innhaldet i soninga viktig for åredusera faren for tilbakefall. PF var lika tydeleg på dei store uløysteutfordringane i politiet, ikkje minst for å hindra kriminalitet, og på denmåten redusera presset mot kriminalomsorga i framtida.

Årdallensmannskontor har synt at det lønar seg å engasjera heile lokalsamfunnet ikampen mot kriminalitet. Dei kan stå som eit fyrtårn og til inspirasjon forresten av politi Noreg når det gjeld breidda i det førebyggjande arbeidet. Deikan og syna til gode resultat. Den registrerte kriminaliteten er halvert på 10år, men endå viktigare - lokalsamfunnet er stolte av sitt lensmannskontor.Dette døme må også gje inspirasjon til justisministaren og heile Justiskomiteentil å satsa endå meir på førebyggjande arbeid. Og då meinar eg ikkje verbalt (for der har me fått nok). Det må nostillingar og pengar inn på dette nedprioriterte arbeidsområdet.

PHSmå ha nye lokaler

NårPF i fjor la inn sine forventningar mot eit godt 2008-budsjett, varregjeringspartia sine talspersonar i Justiskomiteen og ikkje minstjustisministaren tydelege på at i 2008 vert det «politiet sitt år». Løftet ihøve til Soria-Moria-erklæringa må takast, og det må me sjå i 2008.

Signaletpå revidert nasjonalbudsjett tolka eg positivt. Friske pengar til drift bådetil Oslo og resten av landet var bra. Det aller viktigaste er nå å satsa vidarepå årets nivå på Politihøgskule-opptaket. Eigentleg burde det vore på 600studentar i 2008, men det er det ikkje kapasitet til, difor MÅ justisministarenfå på plass nye lokaler til Politihøgskule og operativt treningssenter i Oslo.Det er no den viktigaste jobben i høve til framtidig politibemanning.

Fleiresivile stillingar står også høgt på vår prioriteringslista. Me har behov forfleire grensekontrollørar, arrestforvararar og ikkje minst ulike kategoriarkontorstillingar på lensmannskontor og politistasjonar.

Meforventar at Regjeringa tek ansvaret for kostnaden med Nødnett/SAMPOL. Egtenkjer både på investeringar i utstyr som no vert pålagt distrikta å kjøpa, ogikkje minst driftsutgifter.

DNA-satsingaser PF fram til, det kan verta eit godt løft i kampen mot kriminalitet, men omikkje Regjeringa fullfinansierar alle sider ved satsinga, kan ein leggja bortplanane med ein gong. Det siste etaten treng no er politiske prestisje prosjektsom ikkje vert fullfinansiert, for då vert det eit dobbelt mageplask (foretaten og publikum).

Fredag5. oktober får me svaret på om lovnadane frå i fjor og Soria Moria er verdtnoko...

Nyearbeidstidsbestemmelsar (ATB) i politiet har fått mykje merksemd i sommar, bådeinnad i etaten, men ikkje minst i media. Også ein del politikarar har nytta«agurk-tida» til å koma med sin «analyse» av situasjonen. Eg undrar meg over at ikkje fleire (særlegpolitikarane) tek inn over seg at dette kun er ein konsekvens av at Stortingethar vedteke Arbeidsmiljølova (AML). Då kan ein ikkje stilla seg uforståande tilkonsekvensane i politiet. ATB for politiet har betydelege unntak fråArbeidsmiljølova. Om me kan/vil vidareføra disse unntaka ved reforhandlingarundt årsskifte er langt frå sikkart. Dersom politiet skal fylgja AML somStortinget har vedteke for alle arbeidstakarane i dette landet, kan meverkelegsnakka om konsekvensar for publikum.

Deter på tide at politikarane tek ansvaret for eigne vedtak, og syt for at etatanekan leva opp til det som er vedteke. Hovudproblemet vårt ligg i politiskesynder over fire år. Tre år frå justisministar Hanne Harlem og eit år fråjustisministar Dørum. Dei hadde fleire år med allt for låge opptak til PHS.Dette ser me no konsekvensane av. Det mangla ikkje på advarslar til detpolitiske miljøet frå PF. Difor må det politiske miljøet no i fellesskap taansvaret for konsekvensane av at AML sine reglar om 11 timer friperiode ogsåskal gjelda for politiet. Ein kan ikkje skulda på POD og organisasjonane somkun har fulgt opp lova.

Powered by Labrador CMS