Minneord

«Til minne om ein nær ven og kollega»

Egil Haaland vart berre 73 år, men fekk utretta ufatteleg mykje på dei 73 åra.

Egil Haaland (til venstre) og Arne Johannessen.

Dette er et minneord om en avdød person. Innholdet står for forfatterens regning.

Det er tungt å måtta skriva minneord over ein så god kollega og ven som Egil var. 

Det er ufatteleg at eg aldri skal få sjå ditt varme og gode smil, få ein god bamseklem av deg, oppleva din gode latter, få dine sylskarpe og presise kommentarar om politikk og samfunnsliv eller oppdateringar frå kvardagslivet med dine nære og kjære i familien.

Onsdag 6. mai ringte di kjære dotter Kristine og informerte om at du hadde sovna stille inn, berre to dagar etter at me hadde vår siste samtale via SMS.

Egil vart berre 73 år, men fekk utretta ufatteleg mykje på dei 73 åra. Han gjekk ut av Politiskulen i 1978, og hadde sitt yrkesliv i lensmannsetaten fram til han vart heiltidstillitsvalt i januar 1997.

Han var ein stolt lensmanns-betjent, og stod for dei gode verdiane til nærpolitiet.

Egil jobba ved tre ulike lensmannskontor, Austevoll, Fjell og Sund og Laksevåg. Han var ein stolt lensmannsbetjent, og stod for dei gode verdiane til nærpolitiet. 

Mange har gjeva han gode skotsmål for måten han utøvde politirolla på, alltid rettferdig og med stor integritet. Egil kunne både nytta utestemma og innestemma si, alt etter kva situasjonen kravde.

Han hadde også ein periode som lensmannsfullmektig i Hordaland politidistrikt og lokallagsleiar i Hordaland Lensmannsetats Landslag (LEL). Det var der eg «oppdaga» hans talent som tillitsvalt.

I januar 1997 fekk eg «lokka» han til Oslo i eit tre månaders engasjement som forbundssekretær i samband med fusjonen mellom LEL og Norsk Politiforbund (NPF). Dette korte engasjementet enda med eit 17 år langt virke som topptillitsvalt. Egil vart raskt ein sentral skikkelse ved forbundskontoret og ein viktig bidragsytar ved stiftinga av både Politiets Fellesforbund (PF) og hovudorganisasjonen UNIO.

Egil Haaland.

Egil vart etterkvart organisasjonssjef og var i mange år min viktigaste og næraste medarbeidar. Han hadde enorm arbeidskapasitet, alltid godt førebudd, laga gode konkrete saksutgreiingar og leverte ikkje minst alltid innan fristen.

Egil var svært fagleg sterk, enormt engasjert og dedikert, og hadde stor integritet, men mange vil nok særleg hugsa hans veremåte og omtanke for andre.

Egil var svært direkte og kjent for sterke meiningar, ja det kunne gå ei kule varmt, men det vart aldri personleg, for han kunne skilja mellom person og sak. Han var alltid sakleg, utanom når han snakka om fotball – les Brann. 

Sjølv kjenner eg på eit sterkt tap og sakn av min beste kollega gjennom 17 år og ein nær ven fram til dødsdagen.

For Egil hadde mykje engasjement også utafor jobben, ikkje minst sin kjære familie med Kari, borna og barneborna.

Politikk var ein stor del av livet, som aktiv for Ap i kommunepolitikken, i frivillig arbeid og organisasjonsliv. Han gjekk raskt inn i pensjonistorganisasjonar når han vart pensjonist i 2013.

Egil har dei høgste utmerkingane både lokalt og sentralt som æresmedlem i PF og i PF Vest, han har også heidersteiknet til Politiets Pensjonistforbund (PPF).

Svært mange er sterkt merka av tapet av Egil. Sjølv kjenner eg på eit sterkt tap og sakn av min beste kollega gjennom 17 år og ein nær ven fram til dødsdagen.

Mine tankar går særleg til Kari og resten av familien.

Eg lyser fred over minnet til kjære gode Egil.

Arne Johannessen
Tidlegare forbundsleiar i PF

Powered by Labrador CMS