Senterpartiet har lagt inn i sitt alternative statsbudsjett for 2020 at de vil opprette ei barnehusavdeling i Kristiansund.
Senterpartiet har lagt inn i sitt alternative statsbudsjett for 2020 at de vil opprette ei barnehusavdeling i Kristiansund. (Foto: Torkjell Trædal)

Derfor bør det opprettes barnehusavdeling i Kristiansund

Om potensielle offer for overgrep må reise for langt, vil det kunne føre til dårlegare resultat på avhøyra og ein vanskelegare bevissituasjon seinare, skriv Jenny Klinge (Sp).

I dag har Møre og Romsdal politidistrikt eit barnehus i Ålesund. Det var eit framsteg for ungar i fylket vårt at dette vart oppretta, men enno er avstandane for store for altfor mange.

Vi i Senterpartiet er opptekne av at avstanden til barnehusa skal bli mindre for fleire av dei ungane som treng å reise dit. Derfor legg vi inn midlar i vårt alternative statsbudsjett for 2020 til å opprette ei barnehusavdeling i Kristiansund.

Jenny Klinge, justispolitisk talsperson i Senterpartiet. Foto: Erik Inderhaug

Øystein Klakegg Thorsen, som er politibetjent ved Sunndal lensmannskontor, hadde eit tankevekkjande innlegg i Politiforum 11. september om temaet barnehus og avhøyr av ungar som har vorte utsette for overgrep. Innlegget hadde tittelen «Etter å ha sunget «Lille Petter edderkopp» for å lette stemningen, har i alle fall jeg gjort meg opp noen tanker» og viser eit prisverdig engasjement for å gjera forholda for desse ungane betre.

Meiningane hans om lange transportar av sårbare unge er tydelege. Thorsen viser til at lensmannskontoret får tilbakemeldingar frå foreldre og følgjepersonar om at den lange reisevegen til barnehuset er problematisk. 

LES OGSÅ: Etter å ha sunget «Lille Petter edderkopp» for å lette stemningen, har i alle fall jeg gjort meg opp noen tanker

Kvaliteten på avhøyret

Til Ålesund er det tre og ein halv time, og alternativet ville vore å reise til barnehuset i Trondheim, i eit anna politidistrikt.

Det eine problemet med lang reiseveg til barnehuset er jo den ekstra belastninga som ungar og unge får i ein situasjon som er vanskeleg i utgangspunktet.

Det andre problemet kan vera kvaliteten på avhøyret, som ein er avhengig av at skal vera høg for å bidra til å påvise eller utelukke ei kriminell handling. Må potensielle offer for overgrep reise for langt, vil det kunne føre til dårlegare resultat på avhøyra og ein vanskelegare bevissituasjon seinare. 

Fleire barnehus

Eg meiner det er verdt å lytte til den uroa Thorsen uttrykkjer, og eg tykkjer framlegget hans om å flytte avhøyraren til ungen er interessant og bør sjåast nærare på.

Eg meiner også at det å opprette fleire barnehusavdelingar kan betre situasjonen noko.

Derfor håpar eg regjeringa innser at avstanden mellom barnehuset i Ålesund og barnehuset i Trondheim gjer det nødvendig å opprette ei avdeling mellom desse to byane. Kristiansund er ein god stad å opprette ei slik barnehusavdeling, og det bør skje raskt av omsyn til dei ungane det gjeld. 

Dette leserinnlegget ble først publisert i Driva

LES OGSÅ: Pappa har fortalt henne at han kommer i fengsel eller kommer til å dø, hvis hun forteller om dette til noen 

Til toppen