Omstilling er tøft også for leiarar - tilsvar til Elisabeth Nermoen

Samanslåinga av lensmannskontora på Frøya og Hitra i Sør-Trøndelag politidistrikt har skapt mykje turbulens. Lensmann Elisabeth Nermoen har eit innlegg om saka i Politiforum. Der kjem ho med nokre påstandar som Politiets Fellesforbund har behov for å kommentera.

Publisert Sist oppdatert

Politiets Fellesforbund har to poeng i denne saka. Det eine poenget er at tillitsvalde, i si rolle som tillitsvald, har rett til å seia kva dei vil i media utan at politimeistaren kan la det få følgjer for tilsettinga deira i politidistriktet.

Det andre poenget er at Politiets Fellesforbund sentralt ikkje går inn styrar kva forbundet sitt lokallag skal meina om lokale forhold, heller ikkje omorganiseringar. Det er det opp til våre lokallag og meina noko om på sjølvstendig grunnlag. Men me er opptekne av omstillingar i arbeidslivet. I samband med diskusjonane i Sør-Trøndelag, har me på generelt grunnlag sagt, også i media, at ein no bør venta med fleire omorganiseringar til arbeidet med Resultatreforma er sluttført. Dette arbeidet er som kjend satt på vent til resultata av 22. juli-evalueringane er klare. I evalueringane er det sannsynlig at det vil koma resultat som vil ha følgjar for Resultatreforma, og dermed gi sentrale føringar på korleis politidistrikta bør eller skal organiserast.

Politiets Fellesforbund sentralt har aldri kommentert den konkrete saka om samanslåinga av Frøya og Hitra lensmannskontor i media. Eg som forbundsleiar har ikkje opplevd at vedkommande tillitsvalde har teke kontakt med meg. Eg har dermed ikkje gitt han støtte i saka eller «stilt meg på tillitsvalgtes side i konflikten», slik Nermoen skildrar i sitt innlegg. Som kjend, er det ikkje alltid det som står i media er rett.

Eg kan forsikra Elisabeth Nermoen om at om eg hadde vore kontakta, hadde eg ikkje teke stilling, men bedt vedkommande ta kontakt med lokallaget vårt i Sør-Trøndelag. Heile poenget med å ha ein demokratisk organisasjon med lokallag, er at dei skal handtera dei lokale sakene. Så tar forbundsstyret, eg som forbundsleiar og forbundskontoret sentralt det prinsipielle nivå. Den arbeidsdelinga har me også hatt i denne saka.

Powered by Labrador CMS