Kva legg ein i definisjonen synleg politi, spør artikkelforfattaren. Bilete er teke i ein annan samanheng.

Kva er eit synleg politi?

Berre nokre få ser det når politiet driv overvaking av nettaktivitet for å avdekka seksualisert kriminalitet, mobbing, ulovleg bildedeling, svindel og økonomisk kriminalitet, skriv Arne Johannessen, leiar for driftseining Sogn og Fjordane.

Publisert

No dreg det seg til med valkamp igjen, og som vanleg vert politiet ein del av den partipolitiske dragkampen, på godt og vondt. Ofte vert det forenkling og politisk retorikk utan at ein definerer kva som ligg i omgrepa.

Eit av dei hyppigaste politiske tema er omgrepet "synleg politi".

Kva legg ein i definisjonen synleg politi?

Ein kan sjølvsagt stilla mange retoriske spørsmål rundt omgrepet, som:

Kva er verdien av synleg politi?

Eg har framleis sterk tru på at politireforma kan verta ein suksess, skriv Arne Johannessen.

Er det andre viktigare prioriteringar som går før synleg politi?

Er synleg politi politipatrulje med bil og til fots, eller kan det tenkast at ein må utvida omgrepet?

Meir synleg politi vert ofte framsnakka og framheva som eit suksesskriterium, ja til og med som eit mål i seg sjølv.

For meg som leiar for politiet i Sogn og Fjordane, ville det vera enkelt å få topp utteljing på synleg politi. Eg kunne fått det meste av våre politiutdanna ut synleg i det offentlege rom, i staden for å driva målretta førebyggjande arbeid og etterforsking av alvorleg kriminalitet.

Også viktig å vera tilstade «usynleg»

La meg slå fast med ein gong, eg har stor tru på synleg politi og eit politi med forankring i lokalmiljøa som jobbar i tett dialog med andre offentlege etatar, frivillige og næringslivet.

Kriminalitetsbildet og kriminalitetsutfordringane har endra seg mykje på 10 år. Ungdomen er meir på data enn på gata, då må også politiet vera der ungdomen er.

Dette jobbar me godt med å utvikla, og i Vest politidistrikt har me nettpatrulje frå september. I tillegg er alle lensmannsdistrikta tilstade på Facebook med moglegheit for dialog.

Det er ein for enkel politisk retorikk å definera tilliten til politiet eller godt politiarbeid ut frå at innbyggjarane skal sjå sitt lokale politi.

Det er også viktig å vera tilstade «usynleg», ved å fylgja med på aktivitet og kriminalitet som vert gjort på nett. Det er også synleg politi for dei som driv med ulovlegheitar på nett, men som lovlydige ikkje ser.

Synleg for samarbeidspartnare er politiet når vi driv målretta arbeid med å nytta tilgjengelege ressursar til førebyggjande arbeid inn mot ulike miljø og helst saman med andre "problemeigarar" som kommune, helse, barnevern. Dette arbeidet vert no vidareutvikla med ein metodikk som vert kalla kunnskapsbasert politiarbeid (KUBA).

Kven ser?

Ikkje alle ser god etterforsking av alvorleg og mindre alvorleg kriminalitet, med fokus på god oppfølging av offer.

Kven ser god jobbing med å henta inn informasjon frå ulike kjelder og analysearbeid som igjen vert grunnlag for førebyggjande tiltak og etterforsking? Eller jobben politiet gjer med å sikra at borna våre som vert offer for vald og seksuelle overgrep, vert sett av politiet og får topp prioritet i høve til etterforsking for å hindra nye overgrep.

Berre nokre få ser det når politiet driv overvaking av nettaktivitet for å avdekka seksualisert kriminalitet, mobbing, ulovleg bildedeling, svindel og økonomisk kriminalitet.

Heller ikkje god vaktberedskap med politipatrulje tilpassa dei lokale utfordringane er synleg for alle.

For enkel retorikk

Lista mi kunne vorte endå lenger. Dette eg skriv om er godt og målretta politiarbeid som den "vanlege innbyggjar" ikkje ser eller har noko tilhøve til, før ein sjølv vert offer for kriminaliteten.

Det er ein for enkel politisk retorikk å definera tilliten til politiet eller godt politiarbeid ut frå at innbyggjarane skal sjå sitt lokale politi. Det er lika enkelt og feil som å definera tal på lensmannskontor (bygningar) som eit suksesskriterium.

Politireformarbeidet (merknad: eg nyttar aldri det politisk vedtekne namnet nærpolitireform) har verkeleg sett metodeutvikling i politiet på kartet.

For eige ansvarsområde, driftseining Sogn og Fjordane, byrjar me verkeleg å sjå resultat.

I store saker ser me at det store apparatet i Vest fungerer som ein heilskap, det gjev betre tenester og større kapasitet også for Sogn og Fjordane.

Operasjonssentralen har ein høg kvalitet på sitt arbeid og er ein god ressurs for dei som er på vakt i vårt fylke. Eg har fått mange gode tilbakemeldingar på dette.

Felles straffesaksinntak (FSI) for heile Vest er no godt i drift, og me såg at på ein månad avgjorde dei over 40% av våre saker svært raskt. Det frigjev kapasitet til å jobba meir med dei prioriterte sakene.

Aldri før har me hatt eit sterkare fokus på det førebyggjande arbeidet. Det er godt systematisert og formalisert med skriftlege avtalar med kommunane og politikontaktar.

Forventningar som ikkje er realistiske

Sjølv om me har lagt eit godt grunnlag for å utvikla metodar og politiarbeidet, er sjølvsagt ikkje alt på plass. Framleis har me ikkje god nok politiberedskap og responstid, det heng saman med at me har 1,05 politi pr. 1000 innbyggjar.

Den store utfordringa er at ein i politireforma har skapt forventningar som ikkje er realistiske med dagens ressursar og utstyr, både fagleg frå politidirektoratet og ikkje minst frå politisk nivå.

Dei tilsette i politiet har ein arbeidsmoral, kunnskap og innsats som mange arbeidsgjevarar kan vera misunnelege på. Mine kollegaer har svært sterk fokus på samfunnsoppdraget, då fører det også til stor frustrasjon når dei opplever å ikkje strekka til eller at situasjonen ute i politiet ikkje samsvar med det som vert presentert på politisk glansa papir.

Eg har framleis sterk tru på at politireforma kan verta ein suksess, for eg ser så mange gode resultat.

Men me treng ein sterkare felles forståing mellom politifaget og det politiske kva som er ein moderne definisjon på eit godt og vellukka politi. Då held det ikkje med enkle politiske slagord.

Powered by Labrador CMS