Jesus og evangelier på forsiden av Politiforum? Det trodde innsenderen av innlegget, fram til han leste nøyere.

Juleevangeliet i Politiforum?

Politiforum glipp på viktige kjerneverdiar i framsideteksten sin

Publisert

Jula var like om hjørnet då eg fiska opp Politiforum frå postkassen i lag med anna julepost og reklame på ein mørk vinterkveld med regn. Det hadde vore hyggelegare å skreve at det var snøen som dala ned like før jul, men diverre var snøfnugga gått over i regndropar.

I dunkelt ljos fekk eg med meg starten av teksten på framsida av Politiforum: «Det skjedde i de dager at det gikk ut befaling fra keiser…».

«Juleevangeliet på framsida av Politiforum», tenkte eg med meg sjølv. Det overraska meg noko, men det var jo snart jul og då var det kanskje ikkje så unaturleg likevel. Eg vart oppmuntra av at det var rom for juleevangeliet i Politiforum.

Då eg kom inn i huset, så la eg frå meg reklame og anna post, og slengte meg ned i ein stol med Politiforum i hendene. Å lesa Politiforum er alltid eit lite høgdepunkt, og no skulle eg kosa meg med bladet!

Forsiden med Politiforums versjon av "Juleevangeliet". Trykk på bildet for å se det større.

Eg starta med å lesa juleevangeliet på framsida. Men det var eit anna evangelium som sto å lesa. Denne teksten handla verken om gjetarane ute på marka, englesong eller Jesusbarnet i krubba.

Historia om keisaren i politidistriktet og politifolka som måtte jobba på fritida var godt formulert. Poetisk og språkleg var anekdoten med juleevangeliet som plattform ein innerblink i juletida. Likevel reagerte eg med vemod på at den over to tusen år gamle evangelieteksten om Jesu fødsel vart misbrukt til å handla om politi og lønn.

Eg tenkte fram og tilbake på om eg skulle bry meg eller ikkje. Men etter å ha lest innlegget i Politiforum om å sei i frå, så fann eg det rett og rimeleg å gje ein tilbakemelding. I ekte «metoo-ånd» meiner eg at den omtala teksten var upassande og blasfemisk.

Politiet skal vera raus og inkluderande. I tillegg er respekt ein av kjerneverdiane. Med glede opplever eg at både Politiforum og PF er oppteken av desse verdiane. I dette tilfelle meiner eg at Politiforum gleppa på viktige kjerneverdiar i framsideteksten sin.

I respekt for det heilage juleevangeliet og at det også i dag finst politifolk og andre som finn gleda i den bodskapen, så meiner eg at den omtala teksten var upassande og ikkje burde ha gått i trykken

Powered by Labrador CMS