Arne Johannessen er skeptisk til avkriminalisering av narkotika.

Er avkriminalisering av narkotika eit godt føre­byggande tiltak?

Publisert

Noreg har svært låge tal på bruk av alle narkotiske stoff samanlikna med andre europeiske land. Bruk av narkotika har så langt hatt liten sosial aksept i dei fleste miljø, det er i seg sjølv eit viktig førebyggjande verkemiddel. Årleg vert det gjennomført granskingar av ungdom sin cannabisbruk i alle europeiske land. Noreg ligg nederst på den statistikken.  

Sju prosent av europeiske ungdomar i 15-16 årsaldaren svarar at dei har brukt hasj eller marihuana siste månad, medan talet er to prosent for dei norske 15-16-åringane (tal frå Espad).

Stortinget har vedteke ein rusreform og nedsett eit utval som skal sjå på framtida sin ruspolitikk, det er bra, for mykje kan forbetrast. Særleg er det behov for å betra tilbodet til dei tunge narkomane som må verta sikra betre oppfylging og helsehjelp.

I rusdebatten er det avgjerande å ha minst to tankar i hovudet på same tid. Det viktigaste er å ha ein god politikk med gode tiltak for å redusera rekrutteringa inn til narkotikabruken, og det andre må vera å styrka hjelpeapparatet og oppfylginga av dei som er vorte tunge narkotikamisbrukarar. Verdas helseorganisasjon (WHO) seier at av dei unge som byrjar å bruka hasj eller marihuana i tenåra og som brukar det jamleg, vil ein av seks verta avhengige.

I den politiske debatten kan ein få inntrykk av at det vanlege er at politi og påtalemakta straffar unge narkotikabrukarar med bøter eller fengsel. Det stemmer i liten grad, det vanlege er å nytta dei gode alternative straffereaksjonane som Stortinget har gjeve heimel til. Det mest vanlege er påtaleunnlating med ungdomskontrakt og rustesting, samt ungdomsoppfylging i regi av konfliktrådet. Dette har ein mykje gode erfaringar med. Eg har sjølv opplevd mange gonger at ungdomar har takka for at politiet greip inn og tok tak i eit gryande narkotikaproblem, og i lag med andre viktige aktørar som konfliktrådet og helse laga eit oppfylgingsopplegg tilpassa ungdomen. Eg har som politi møtt svært få foreldre, søsken eller kjærastar til ein ungdom som brukar narkotika som meinar at avkriminalisering eller legalisering er ein god ide.

Men eg har møtt og høyrt mange ungdomar og foreldre som er glad for at narkotikabruk er ulovleg. Det sender eit viktig signal til ungdomen og samfunnet. Dei fleste unge ynskjer ikkje å gjera noko som er ulovleg. Truleg er forbodet mot narkotikabruk det viktigaste førebyggjande tiltaket me har. På verdsbasis syner tal frå WHO frå 2014 at 40 prosent av folket har drukke alkohol. Til samanlikning seier FN sitt narkotikabyrå at kun 3,8 prosent har brukt cannabis på verdsbasis. Det syner litt av skilnaden mellom eit lovleg og ulovleg rusmiddel.

Eg har møtt svært få foreldre, søsken eller kjærastar av ein ungdom som brukar narkotika, som meinar at avkriminalisering eller legalisering er ein god idé. Men eg har møtt og høyrt mange ungdomar og foreldre som er glad for at narkotikabruk er ulovleg

Det vil vera eit svært farleg eksperiment å rokka ved noko av det som fungerar best i den norske narkotikapolitikken, nemleg at det er forbode. Litt av debatten i dag byggjer på feil premissar i høve til straff og at ingen får helsehjelp. Narkotikamisbrukarar har også pasient- og brukarrettigheitar. Per i dag er det 7500 i LAR-behandling og cirka 30.000 i TSB-behandling. Satsing på lågterskel helsetilbod, sprøyterom og utdeling av brukarutstyr, er teikn på at helsehjelp har hatt fokus i narkotikapolitikken. Det er viktig å satsa endå meir for å hjelpa misbrukarane ut av sine narkotikaproblem, og då er oppfylginga etter behandling avgjerande.

Men er det helsehjelp ein 15-åring som eksperimenterer med cannabis for andre eller tredje gong treng? Nei er mitt svar. Den ungdomen treng klar og tydeleg reaksjon på at han eller ho driv med noko som er både skadeleg og ulovleg. Då har me gode verkemiddel med ungdomsoppfylging og ruskontraktar som gjev gode resultat, når dette vert prioritert frå dei aktørane som må bidra.

Når Stortinget no ynskjer å flytta ansvaret for narkotika frå justissektoren til helsesporet, reiser det mange uavklarte spørsmål. Vil ein då kunna gjennomføra forpliktande oppfylgingsprogram for unge med eit byrjande narkotikaproblem, som påtaleunnlating med pålagt rustesting.

Kva heimel vil politiet ha til å avdekka bruk og etterforska «bakover i salsledda» for å ta dei «store fiskane» som sel? Mykje av politiet sin etterforsking for å ta dei store og stoppa tilførselsvegar, byrjar med brukarane.

Det høyrest svært politisk korrekt ut at ein skal overføra ansvaret frå justis til helse, men eg ser med stor spenning fram til utvalsarbeidet sine konklusjonar og på kva måte dei i framtida vil sikra det gode førebyggjande arbeidet med ruskontraktar og det viktigaste førebyggjande tiltaket som eit forbod mot all narkotikabruk representerer.

Det er ikkje utan grunn at 77 prosent av folket i ein spørjegransking i regi av Sentio i 2016 svarte at dei ville vidareføre forbodet mot å ha, bruka og selja hasj og marihuana

Powered by Labrador CMS